Vårtur til Vestkapp

I alt det fine veiret vi har hatt den siste veka så kom vårfølelsen.  Sola varmar, fuglane syng, snøen smelter og dagane blir lengre. Med våren kjem også utfartstrangen. Ut og oppleve nytt terreng og nytt landskap.

Turbøkene er  flittig i bruk og blir lest både framover og  bakover. Anbefaler absolutt boka «Opptur» av Anne Rudsengen. Der er mange flotte turforslag i alle kommunane i fylket. Og mange av dei ligg ikkje så altfor langt unna.

Eg og samboeren min liker godt å reise på tur. Både biltur og trimtur/fjelltur.  Dette er noko vi fint kombinerer og da kjem ein seg litt rundt og får sett nye områder.

Turen starta med avgjersla om at vi skulle på tur. Sia dette er første «langtur» i år, var vi litt ut av trening angåande pakkinga. Men vi fekk med det meste av det vi trengte. Vi rygga heim berre ein gong, vi var ikkje komt så langt avgårde :-). Middagen……  kyllinglåra stod att i kjøleskapet!!!!

Denne helga pakka vi bilen med god mat, rikeleg med varme klede,godt humør og kaffi i koppen 🙂

Statoilkoppen

Når vi reiser på tur så har vi evnen til å nyte turen fra vi reiser heimanifrå. Det er alltid nye ting å sjå og oppleve. Målet var Stadlandet og Vestkapp platået. Vi ville sjå havet og kjenne havlukta. Denne gangen reiste vi vestover. Det er  ikkje  så ofte vi fær den veien, iallefall ikkje på vinterstid. Det var mykje «nytt» og mykje som var forandra langs veien. Nye hus var komt opp, andre var restaurerte. I Holmøyane var det komt opp industribygg. I Skredestranda var det åpne sår i terrenget etter det store raset i november. På Eid bygger dei gang og sykkelvei. Mange plasser hadde det vore skogsarbeid og landskapet var blitt åpnare og lysare. Det liker eg 🙂 På fjellet ovanfor Leikanger såg vi stor røyk utvikling. Veit ikkje om det var skog/lyng brann eller om det var kontrollert brenning av vegetasjonen. Synet var nifst for det var eit stort område som var antent. Det er «artig» å sjå korleis landskapet forandra seg fra dei store skogane i Markane og utover mot kysten. Det blir vidare og åpnare til lenge vest ein kjem. Da vi køyrde opp Årvikfjellet begynte det å krible i beina.  Eg kjenner forventningane i kroppen når eg skal få oppleve nytt terreng. Kva får eg sjå ?  Korleis er underlaget? Er der god sti? Spørsmåla og forventningane raser i kroppen 🙂

Vestkapp platået ligg 496 m.o.h og har koordinater: 62°11′18″N 5°7′33″Ø Vestkapp platået

Turen vi gjekk var «Kjerringa» – ein rundtur ytst på Stadlandet.  Detter er ein lett tur på 7 km og estimert tid er ca 3 timer. Turen gir flott utsikt  i alle retninger.  Vegetasjonen er lav men ein må være oppmerksome på dei bratte skråningane ned i Stadhavet. Går ein langs kanten (brunene eller brukanten som er det lokale uttrykket) er det fast og fint og gå. Lenger inne på platået er det meir myr som er tyngre å gå i. Det er flott  å sjå dei små bygdene Honningsvåg, Årvika, Ferstad og Ervika med Erviksanden. Og sjølvsagt stor havet :-). Ein får ein fantastisk følelse av friheit når ein er opp på platået.  Vinden ruska godt i oss, men med riktig bekledning var det ikkje noko problem. Enda er det kaldt i lufta så både hue og votter var nødvendig. Halvveis på turen kjem ein til murer etter torvhus som vart brukt under torvuttak. Desse låg i hellinga mot Ervika, heilt oppe på platået. Utsikten ned til bygda Ervik og Erviksanden er berre heilt fenomenal 🙂

utsikt Erviksanden Erviksanden

Mens vi gjekk turen såg vi heile tida havtåka som låg rett ut i havet. Den kom stadig nærmare, men så kunne den plutseleg drive vekk igjen.

havtåke

På tampen av turen la vi ruta innom Vestkapp huset. Det var eit heller trist syn. Orkanen Dagmar har herja fælt med bygningen og reperasjonane har drege ut i tid. Men høyrde eit innlegg på radioen i dag og da vart det fortalt at eigaren hadde planer om å få åpna kafeèn til sommaren.

vestkapp skilt

Etter at spaserturen var over var det klart for ein tur på Erviksanden. Å sitje å sjå på korleis bølgene bryt er rekreasjon på høgt plan. Fargen på havet forandra seg heile tida. Måkane hadde selskap med kvarandre og ei ørn sveva også over bølgene. Når middagen var fortært var det tid for fotografering. Det bles og var kaldt, men det vart no nokre bilder :-).

Stein på stranda Bølger

Reklame

TUR DATE :-)

Få ting kan måle seg med ein date med ei venninde. Og  dette kan selvfølgeleg varierast  i det uendelege. Igår var eg så heldig å ha ein tur date. Ein date i dagslys/kveldinga med mykje frisk luft og god temperatur. Det var lenge sia vi hadde treftes så vi hadde mykje å «ta igjen» angåande oppdateringer i hennar og min kvardag. 🙂

Det viktigaste var å få senka skuldrane fra den hektiske kvardagen

Ein er heldige som har mange valg muligheiter når ein skal gå på tur. Og det vart faktisk ei utfordring når vi to skulle finne ut av kor vi skulle ta turen henn.

Kor skal vi gå?? Kor langt og kor lenge skulle vi gå?? 🙂

Pr. sms hadde fleire alternativ vore lufta og fleire kom til etter kvart. Utgangspunket var å ikkje bruke bil.

Det var då idèen om å kaste krone og mynt dukka opp. I kvart kryss vi kom til skulle vi kaste krone og mynt om vidare veivalg. Kasta vi krone skulle vi ta til høgre og vart det mynt skulle vi ta til venstre.

Kansje var det mange som stussa over at det stod to godt vaksne damer og tulja i kvart kryss, men pytt pytt la dei stusse. (Kansje kan dette være ein artig måte å få ungane med ut å gå på tur??)

Spenninga var stor i første kryss. Vart det unnabakke eller vart det motebakke?

Og det vart  motebakke!!

Vi gjekk gjennom byggefelt med flotte hus og hager. Mange av husa hadde skifta eigar sidan sist vi var på tur i dette området.

Vi såg på skyene som forandra seg og sola som stadig kom lavare på himmelen. Det er utruleg å sjå på korleis terrenget forandra seg alt etter som lyset var.

Vi møtte mange andre turgåere og mange i bil som var på vei heim fra  skiløypene. Sikkert mange andre som hadde tur/venninde date 🙂

Vi trimma oss gjennom byggefeltet og i bakkane mot skisenteret. Når klokka viste at det var nok så berrre snudde vi nasa unnabakken igjen. Og da….. 🙂 kom invitasjonen til kaffi og kake :-). Selvfølgeleg takker ein ja til eit slikt tilbud. For kaloriforbrenning var ikkje hovudpoenget.

Dette kaller eg kvalitets tid i lag med god venninde. Ønsker meg fleire slike 🙂 og anbefaler det gjerne til andre.

Ta vare på og pleie vennskap er viktig.

 

Den Tronhjemske postveien.

Snøven har komt og lagt sitt kvite teppe over landskapet. Til stor glede for mange og litt mindre glede for andre ;-). Ut i frisk luft kjem ein seg no uansett. Og for å få litt frisk luft vart det for meg  ein spasertur langs  bilveien i Markane i kveld.

I dag vil eg derfor skrive litt meir om min favoritt tur . Den turen som eg har gått flest ganger, som er enkel for meg å ta, da den ligg rett ut før døra mi.  Detta er ein tur som eg tek dei dagane da eg ikkje veit å setje den eine foten fram om den andre. Men også dei dagane da formen er bra og ein kan dra på litt ekstra, til og med jogge litt 🙂

Skilt Postveien

Dette er  eit tur alternativ som eg absolutt anbefaler å prøve ut. Det er enkelt å ta for dei fleste. Det som er så flott med denne turen er stillheita i skogen, det mjuke underlaget og historia om veien. Du kan velge mellom fleire utgangspunkt for turen og du kan dele turen opp i etapper som passer deg. Også barna vil elske denne turen. Ta med rikeleg med niste og drikke og legg i vei. Det er også fint å bruke sykkelen. Spesielt fra Langeset og vestover. Eller motsatt vei :-).

På nordsida av Nordfjorden starter postveien på Faleide. Ein føl bilveien opp bakken fra parkeringsplassen og går forbi husa og gardtuna til ein kjem til Skulemuseumet. Da kjem ein inn på traseèn for postveien .Der i frå  er det  stigning til ein kjem opp på høgda ovanfor Vegtun. (der riksveien tar av mot Blakseter). Når ein er komt opp der, går ein nordover til ein er nesten på Langeset. Ved veiskille før Langeset tek ein vestover i slak og fint terreng til ein kjem til Skogtun og Myrhaug («Maurhåjen» i dagleg tale).  Vidare går  postveitrasèn der som veien gjennom Sør Markane  går. Når ein kjem til Sindre  vil ein sjå dei flotte steinhellebruene:  Kvithellebrua, Storeelvbrua og Nordelvbrua. Dette er bruer som er typiske for Den Tronhjemske postvei. Da den «nye» riksveien kom på -80 talet, vart det brot i postveien mellom bruene i Sindreøyane.  På 1990 talet vart det bygd ei trebru over Storeelva og forbindelsen mellom bruene vart oppretta igjen.

Uten navn

Postveien går vidare mot Kjøs, over Kjøshammartunellen og til Svor. Det vil eg skrive om seinare.

Fra gammalt av er der mange stadnamn i postveien. På strekninga mellom Skogtun og Langeset har vi bland anna namn som: Kvile. Halvkannebakken, Dansebakken, Moldbrekka, Hanklegrova.

Postveien var mykje brukt til transport av skipsmaster (opptil 25 meter lange) som skulle til Faleide for utskiping. Desse vart dregne av hest og det var som regel dugnad når slik transport skulle gjennomførast.

Kvile: Dette er på toppen av ein lang bakke, så da er det vel naturlig med ei kvile :-). Her har ein fin utsikt til fjella vest for Hornindalsvatnet.

Uten navnDet er brei og fin trasè i store deler av postveien.

Halvkannebakken: Når den omtalte skipsmaste transporten var komen over denne knappe og bratte bakken med lange og tunge lass , var det kvilepause. Da skulle hestane forast og mannskapet skulle dele ei halvkanne brennevin.

Dansebakken: Det  er meg fortalt er at under krigen møttes ungdomen der for å ha det sosialt og danse.

Dansebakken

Naturlege utgangspunkt for turen er Faleide, Vegtun, Langeset, Skogtun eller Sindreøyane. Gjennom Sør Markane går trassèn på grusveien.

Postveien til FaleideDenne turen fra Skogtun til skulemuseet på Faleide er 7,7 km. (Tur-Retur)

Dette er som eg har skreve før ein tur som eg anbefaler. Ta med heile familien!!

Så kom Kong Vinter på besøk

I dag kom Kong Vinter. Store snøflukser dala ned og la eit kvitt teppe på alt og alle som var ute.

Eg er ikkje spesielt glad i snøen lenger. Mest fordi det blir ekstra arbeid med måking og det er noko  helsa mi ikkje toler akkurat no. Men eg liker godt å være ute. Tenkjer så klart da :-).

Så Kong Vinter klarte ikkje å setje noke stopper for mine planer om ein tur ut. Det var berre å finne fram riktige klede for turen og legge i vei.

Er så heldig å ha ein liten bit av Den Tronhjemske Postveien rett utanfor døra mi. Denne veien er ein fantastisk fin turveg. Det er brei og fin trase. Veleigna for dei som vil ta ein stille og roleg tur i skogen. Med sitt mjuke underlag er den ypperleg til jogging og terrengsykling. Det er nok her eg har tatt flest av mine turer. Enkelt og raskt å snøre på seg skoa og legge av gårde. Turen i dag gjekk til Langeset og retur same vegen. Mitt utgangspunkt er Skogtun. Men også fint å starte på Langeset ved Statoil stasjonen.

På nordsida av Nordfjorden går Den Trondhjemske Postvei fra Faleide til Langeset, vidare på sørsida av Langesetvatnet og ut Sør- Markane. Den krysser riksvei 15 ved Sindre og går vidare ut på nordsida av Kjøsapollen. Der går den vidare over Kjøsahammertunellen og vidare til Svor. Kjem tilbake med beskrivelser om andre ruter på denne veien seinare..

 

Postveien til Langeset073075