Ein skal ikkje langt ut om Stryn sentrum før ein finn dei finaste skogsstier, eller råser som eg kaller det. Ein kveld denne veka var eg så heldig at eg fekk oppleve nytt terreng. Eg har vel for mange mange år sia deltatt på o-løp i området, men som o-løper må ein bevege seg mest utanfor dei opptrakka stiane, så eg var ikkje klar over at der var så fint..
Vi er nokre kollega som har trimma ilag ein kveld i veka denne vinteren og våren. Da har vi gått på forskjellige plassser med forskjellige utgangspunkt. Denne gangen skulle vi møtes ved fabrikken og gå derifra. Eg møtte spent opp, og vart presentert for ei runde som høyrdes veldig fin ut. Og eg vart ikkje skuffa. Faktisk så var runden så fin at eg eit par dager seinare tok same turen da eg likevel skulle innover og handle :-).
Første del av turen gjekk naturleg nok på asfalt. Deiligt å sjå kor det grønast i hagane heilt i lavlandet.
Når ein begynner på bakkane blir utsikten finare. Ein får fort utsikt mot fjorden.
Etter så mange dager med sol og fint veir ser ein vårteikn overalt. Ein må berre senke skuldrane og ta inn og nyte alle inntrykk.
Vi tok snarvegane mellom gatene i boligfelta Tonningsbakkane og Kreklingen. I svingen, på tampen av Geilevegen, tok vi av mot skogen. Der er det ti log med sett opp benk så ein kan ta ein kvil etter alle bakkane. Da vi hadde tatt av fra asfaltveie kom vi rett ut i «stor skogen» :-). Skogsområdet vi bevega oss inn i heiter «Kamben». Det strekker seg heilt ut til Vikaelva og opp til Skisenteret.
Stien var reine «autostradaen». Tydeleg at den er mykje brukte. Likevel trefte ikkje vi meir folk enn att ein kunne finne den gode roen det er å gå i skogen. Det var slik både da eg gjekk på kveldstur og da eg var ute midt på dagen. Skogsstillheita var der sjølv om vi var nær sentrum og boligområde.
Der er mange stier. Da vi tok av fra Geilevegen tok vi den stien som gjekk beint fram.
Tek ein seg litt tid, og ikkje berre ser på klokka, så ser ein mykje når ein er ute i skogen.
Da vi kom opp på «høgda» var der eit stiskille. Stien mot høgre går mot Skisenteret og mot venstre går stien mot Vikaelva.
Vi tok den som gjekk mot venstre. Ut over ryngen, under linja. Vi følgde stien til den var akkurat under linja, der kom ein sti på tvers av den som vi gjekk på. Der tok vi unndabakken nedatte langs med Vikaelva. (stien delte seg før vi kom heilt til elva).
Flott utsikt mot Skarsteinsfjellet.
Det var stor vassføring og voldsom buldring i elva. Ikkje rart etter så mange dager med dei deilige temperaturane.
Der har vore store naturinngrep etter kraftutbygging langs med Vikaelva. Håper det blir fint igjen når entreprenøren får rydda oppatt 🙂
Da vi kom ned til Hool var der fin bru over elva og bort i boligfeltet. Da kan du velge å gå over der eller å gå på austsida av elva heilt ned på Vikaveien.
Runden som eg har skreve om her, starter og ender i Grandane industiområde på Tonningsleirane. Den er 5 km og inneheld det meste. Asfalt, skog, elv, fuglekvitter,vårblomster og mykje mykje meir. Turen kan sjølvsagt også gåast motsatt veien. Og det er absolutt ein tur å anbefale. Ein tur som ligg i nærområdet for mange 🙂
På veien heim måtte eg ta bilde av eit kjært motiv. «Stillevatn» på Langesetvatnet.
fin tur! du e flink å fortelje. ja skogstiane her er fine, vi gjekk rett ut frå huset vårt første åra etter vi bygde, men så vart det meir bebyggelse, då måtte vi lenger opp
Ja ein må berre finne disse plassane. Vete om dei. Eg syns det er så spennande å gå på nye plasser og gjerne på «laust» (uten rås eller vei).