Hornindalsrokken – ein topptur 1526 moh.

TOPPTUR TIL HORNINDALSROKKEN OG FAMILIETUR TIL BLÅVATNET.

P1060448

Hornindalsrokken, eller Hondalsrokkjen, er grensefjell mellom fylka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det er også grense mellom Hornindal, Ørsta og Stranda kommune. Rokkjen blir rekna som ein del av Sunnmørsalpane da nordsida av fjellet ligg ved Tyssevatnet innerst i Hjørundfjorden.

Hornindalsrokken er eit landemerke og ein ser den godt når ein køyrer RV 60 fra Grodås til Hellesylt. Når ein er komt til Hondøla bru,ta av til venstre fra riksveien. Ta gjerne ein stopp her og studer den flotte steinbrua som ligg tett ved riksveien. På austenden av denne brua står Giftarsteinen/Jomfrusteinen.

Det er to historier knytta til denne steinen. Den første går ut på at brurafølge gjekk til denne steinen og at brura måtte krype gjennom steinen når alle såg på. Kom ho gjennom steinen var alt i orden, kom ho ikkje gjennom var ho sannsynlegvis gravid.

Den andre historia går ut på at budeiene på setrane i området måtte krype gjennom steinen før dei reiste til setres tidleg på sommaren og også når dei skulle heim fra setra på seinsommaren. Dette for å sjå om dei hadde vore lausslupne i løpet av sommaren.

P1060445

Hornindalssetra er det vanlegaste utgangspunktet når ein skal på Hornindalsrokken. Ein kan også gå fra Kjelstadalen i Stranda kommune.

Eg tok turen fra Hornindalsetra og innlegget blir om det veivalget.

For å kome seg til utgangspunket, Hornindalssetra, så tek ein Rv 60 fra Grodås til Hondøla bru. Der tek ein av til venstre.. Veien til Hornindalssetra er bomveg så ta med litt småpenger.  Når du har betalt bompengane kan du køyre heilt fram til setra. Der er det tillaga med  inngjerda parkeringsplass. Det er kjempeflott, da står bilen trygt for beitande husdyr som er i området rundt setra.

P1060450

P1060451Hornindalssetra er det vanligaste utgangspunktet når ein skal på Rokkjen. Setra ligg på 412 meter over havet.

P1060455Fra setra går ein på ein anleggsvei/god sti inn setredalen mot Blåvatnet som ligg ved foten av Hornindalsrokken. Denne strekninga er fin og slak og her kan godt heile familien ta turen. Det meste av stigninga er opp fra setra.

P1060459

P1060458 Ein må også huske å snu seg og sjå på utsikten bak seg. Her ser ein Muldsvorhornet.

P1060460Her ser ein tydeleg anleggsveien som går inn setredalen mot Blåvatnet. Litt stigning opp fra setra, men så flater den ut og er fin også for  barn å gå. Vogn kan by på ein del utfordringer. Det er mange som bruker sykkel dei vel 3 kilometera inn til Blåvatnet.

P1060463   P1060467

Det er ikkje vatn å finne når ein starter på oppstigninga i «renna», så alle flasker må fyllast i dalbotnen ved Blåvatnet/Store Luka.

P1060470Her deler stien/råsa seg. Skal ein på Rokkjen dreier ein til høgre. Stien er tydeleg og delvis merka. Det er viktig at ein føl stien for å finne rette veivalget opp «renna».

P1060472   P1060475

No ser ein tilbake til setra, dyrkingsfelta som høyrer til gardane på Nygård og Seljeset og mot fjella som grenser mot Stryn.

P1060471

Ser ein andre veien, mot nord, ser ein Rokkekjerringa og Hornindalsrokken på kvar side av dalen der Blåvatnet og Tyssevatnet ligg.

P1060473

Når ein har gått eit stykke fra stidele mot foten av Rokken, går ein forbi Store Luka. Eit lite vatn som ligg der så stilt og fint heilt oppunder fjellfoten. Her er det fint å ha base camp om ein er fleire i følge og noken velge å stoppe turen her. Fint for barn å få leike i vannkanten.

For dei som vil til toppen av Hornindalrokken så starter oppstigninga her.  Oppstigninga opp «renna» byr ikkje på store problem,men det er laus stein og ein må være forsiktige så ein ikkje får steinane på trill. Dette er ein tur som er best å gå om det er tørt i terrenget. Ellers kan det være glatt og gjørmete. Det er også ein fordel å vente så lenge om våren at snøen i «renna» har smelta vekk.

P1060476

Når ein er komt opp i skaret mellom Rokken og Lidafjellet er det godt med ein pause. Her kjem ein også inn på breen. Hold til venstre, men ikkje for nær oppunder ura. Ein føl breen til ein igjen møter ura og merka sti.

P1060480

P1060484   P1060482

Utsikten er upåklageleg når ein nærmer seg toppen. Da er det berre å nyte.  Når ein er heilt på toppen ser ein Sunnmørsalpane med alle sine tinder og topper og andre veien ser ein mot  Jostedalsbreen og Lodalsskåpa.

P1060487Her ser ein eit islagt Tyssekupa.

P1060489   P1060501

Sist på 50-talet og tidleg på 60-talet vart Tyssevassdraget utbygdt av Tussa Kraft. Da vart det store Tyssevatnet oppdemt. På bildet ser ein tydeleg eit tappa basseng. I den nordlege delen av Tyssevatnet har Turistforeninga ei sjølvbetjent hytte.

P1060507

P1060500Her ser ein Kolåstinden til venstre og slogen til høgre.

P1060495 Endeleg på toppen. Dette er andre gang eg bestig dette fjellet. Første gang for ca 30 år sia.

P1060510Her ser ein mot Sunnmøre. Ein ser Hjørundfjord og heilt til Ålesund.

P1060516Her ser eg ca 900 meter rett ned i Tyssevatnet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s