Storesunde – Skihella – Røyrhus

Eg har lenge vore fasinert av dei gamle ferdselsveiane mellom dei ulike bygdelaga. Tanken på korleis folk før i tida tok seg fram, tida dei brukte, børene dei frakta og slitet dei hadde i all slags veir for å kome seg fram  kan være overveldande. Det er store kontraster til korleis vi no reiser mellom bygdene.

Mellom  Indre Nordfjord og  Sunnmøre er det fleire overganger som vart nytta som ferdselsveier. Ein av dei mest brukte var  veien mellom Vollset og Flo, men også overgangen mellom Knutsdalen i Hornindal og Kyrkjeeide i Stryn vart nytta.

Turen eg skal skrive om denne gangen er turen fra Storesunde til Inigardsetra, vidare til Skihellevatnet, over skaret ved Skihellesvodene og ned Skihelledalen til Røyrhussetra og fram til Røyrhus. Ein flott tur på 15 kilometer.

For å kome  til utgangspunktet køyrer ein Rv 15 fra Stryn mot Oppstryn. Køyr ca 10 km fra Stryn sentrum og ta av mot Flo. Køyr så ca 500 meter til ei lita bru. Der er det skilt som viser veien til Skihella.

P1070703

P1070704

P1070706Det går skogsvei/skogsbilvei til Inigardsetra, men eg vil anbefale å parkere bilen nede ved bilveien og bruke beina. Det er god trim og trening. Det er ein bratt vei, ca 2.5 kilometer til setra, men da har ein fått unna mange høgdemeter.

P1070710     P1070712

Bilde: Parker ved eit vedlager og ta beina fatt. Det blir fin utsikt etterkvart.

P1070713      P1070714

Skogsveien opp til Inigardsetra går gjennom beite. Det er derfor viktig at alle som ferdes her let att grinda etter seg. Veien opp er tildels veldi bratt, men innimellom blir det slakere og ein får strekke på musklane.

P1070719Utsikten til Storsunde og Mindresunde er flott etterkvart som ein tek høgdemeter.

P1070722Bilde: Inigardsetra 470 meter over havet. 

Stien vidare til Skihella går opp mellom sela. Det er ein tydeleg og god sti oppover Sunnsdalen. Delvis merka.

P1070732   P1070728

P1070734Når ein nermer seg Skihellevatnet ser ein Kvanneskrefjellet/Ramusfjellet. Til høgre for det fjellet ser ein Vatnedalsreset.Her er ein fin tur over til Frøysa.

P1070738   P1070739  Haustfarger i fjellet.

P1070743   Etter 900 høgdemeter er det godt med påfyll på flaska.

P1070746   Stryn T&Il har trimpost ved Skihellevatnet.

P1070749Ved Skihellevatnet er det godt med ein pause. Her er det ikkje mange lyder som bryt stillheita. Godt å setje seg ned og nyyyyte. Hytta som ligg ved vatnet er privateigd. Vis respekt om ein tar pause heilt inntil hytta.

P1070752   P1070751

Bilde 1: Dyregrav?  Bilde 2: Det ligg 3 hytter ved Skihellevatnet.

P1070754Bilde: Skihellevatnet. Klart og fint vatn med mykje fisk.

Ein er så vant til å gå i opptrakka stier/løyper og i andre sine fotspor at ein ikkje tek turen om ein må finne veien og ta veivalga sjøl. Fra Skihella, over Skihellesvodene og ned i Skihelledalen er der ikkje sti. Da må ein ta eigne veivalg og lese terrenget. Der står enkelte små varder  i nedstigninga til Skihelledalen. Ha gjerne eit kart i sekken. Denne turen ligg på kartblad 1318 I, Stryn.

P1070758  Botnenibba 1372 moh. Grensefjell mellom Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal.

P1070759Bilde: Her fra oppstigninga fra Skihellevatnet til Skihellesvodene.

P1070763Når ein er komt opp i skaret ved Skihellesvodene,  ein komt opp til Skihella ca 1000 moh.  Her  har ein eit fantastisk utsyn mot Skihelledalen, Røyrhusdalen og gardane på Røyrhus. I tidlegare tider hadde  bøndene i Stryn sauene og kyrne sine på beite i Skihelledalen.

P1070765Bilde: Skihellesvodene.  

Når ein er komt ned i Skihelledalen er det ein del myr,men det er ikkje vanskeleg å ta seg fram. Går ein mot ei lita hytte som ligg i dalen vil ein finne sti/rås der i fra og ned til Røyrhussetra.

P1070768

P1070770Bilde: Fra denne hytta er det sti ned til Røyrhussetra. Røyrhusnibba til venstre.

P1070774   P1070780 

Skilt som viser vei til Røyrhussetra. Stien er fin ned i dalen.

P1070788Røyrhussetra med Botnenibba i bakgrunnen. Stien kjem ned til setra til venstre for Botnenibba(bilde). Frå Røyrhussetra og fram dalen til gardane på Røyrhus er det fin grusvei. Ca 3 kilometer.

Det er også ein fin tur om ein går fra Røyrhus og inntil setra. Godt eigna både for sykkel og barnevogn. Fram gjennom dalen svinger Tverrdalelva seg. Den ligg stilt og roleg inne ved setra. Her er det gode muligheiter for rasting på elvebredda.

P1070791   P1070796  Flott vei for sykkel og barnevogner.

P1070792

 

P1070800Om ein går denne turen kan logistikken være ei utfordring, men ein har sikkert noken som kan hente når ein er komt ned fra fjellet. Grusveien fra Røyrhus til Røyrhussetra er bomvei. Så husk å ta med penger til avgifta.

Anbefaler også som eit alternativ å ta turen fra gardane og inn til setra i Røyrhusdalen. Ein flott tur om ein skal hente dei som har gått over fjellet.

Denne turen er også fin å ta om vinteren, da helst fra Røyrhus og mot Storsunde.

TA TUREN SOM IKKJE SÅ MANGE ANDRE HAR TATT. NYT STILLHEITA OG HAUSTFARGANE.

Reklame

Erdalsetra – Vetledalsetra

P1070612

Erdalen skjærer seg sørvestover fra Strynsvatnet mot Erdalsbreen. Dalføret er ein brei U-dal med kulturlandskap og høge fjell på begge sider. Gjennom dalen renn Erdalselva.

Turen inn Erdalen til Vetledalsetra er ein forholdsvis enkel og lett gått tur. Naturen er majestetisk med spor fra tidlege tider da dette var ferdselveg over Jostedalsbreen. Heilt fram til tidleg på 1900- talet var denne veien nytta som ferdselsveg og drifteveg. Brevandring og turisme starta tidleg på 1800- talet.

P1070617På vei til utgangspunktet, Greidung, som ligg lengst inn i dalen køyrer ein forbi store, flotte og flate garder. Omkransa av mykje fjell og blankskurte fjellsider.

P1070620Rett før ein kjem til Greidung er det parkeringsplass. Der er også ein flott og innbydande rasteplass. Her kan ein ta dei siste forberedelsane til turen. Også fint å benytte om skal vente på følget sitt etter turen.

Ein kan også velge om ein vil køyre vidare. Køyrer ein gjennom tunet på Greidung så kjem ein til «bomstasjonen».

P1070622

Eg har tatt utgangspunkt på parkeringsplassen. Turen inn til Vetledalsetra er 6 kilometer med ein høgdeforskjell på ca 450 meter. Dei første 200 høgdemeterane er på grusvei. Der etter er det tre parti som er stigning. Første partiet møter ein rett etter Loppeset. Så er det ei stigning opp Hesthammarane. Den siste stigninga er på vei til Vetledalsetra. Opp Reset.

P1070625   P1070626

Bilde 1: Erdalselva som renn ned fra Loppeset.  Bilde 2: Greidungtunet med Greidunghyrna i bakgrunnen.

P1070628 Her bør alle som køyrer til Loppeset betale avgift.

P1070630   P1070634

Grusveien fra Greidung  til Loppeset er lett å gå og eg anbefaler å ta heile turen fra parkeringsplassen. Her ser ein tydeleg at det har vore nedlagt mykje arbeid i tidlegare tider for å få den til. Mange og store muringer.

P1070637Har ein gått fra Greidung er det godt å setje seg ned og nyte utsikten når ein kjem eit stykke opp i bakkane. Her ser ein gardane i Erdalen, Oppstynsvatnet, Flo og Fedalsnibba midt i bildet.

P1070639  Ta deg tid til  å lese info skilt.

P1070641   P1070643

Om ein køyrer bomveien så køyrer ein til Loppeset. Der er det parkeringsmuligheiter. Her fra er det brei vei eit stykke før ein tek av til venstre opp stien.

P1070642

P1070646  Bilde: Eit lite skilt fortel at ein er komt inn i Nasjonalparken.

P1070648   P1070684

Når ein går inn dalen ser ein tydeleg at dette er ein sti som er jobba med. Store steiner og heller er lagt godt tilrette så stien skal holde seg. Dette er truleg gjordt i den tid den vart nytta som drifteveg/ferdselsveg over breen.

P1070651Bilde: Erdalsetra/ Storesetra/ Heimesetra kjært barn har mange namn.

P1070655  Bilde: Kunne vore tatt rett ut av Freiareklamen.

Gardane som har seter her har storfe og sauer på beite. Her er store flate områder på begge sider av breelva.

P1070658   P1070660

Veien vidare fra Erdalsetra til Vetledalsetra går på nedsida av setrehusa. Eit lite skilt viser kvar ein skal gå. Stien snor seg mellom steinar før den igjen blir jamn og fin.

P1070661   P1070662  Bilde: Litt trolling her….

P1070664   P1070667

Bilde 1: Fin og flat sti inn dalen. Bilde 2: Her er ein komt opp siste stigninga inn mot Vetledalsetra.

P1070682På veien til Vetledalsetra går ein opp ei stigning og kjem opp på Reset. Her har ein flott utsikt framatt dalen. Her ser ein dei store flatene og områda som beitedyra har.

P1070673Vetledalsetra ligg på ca 600 moh. Her har DNT (Turistforeninga) ei sjølvbetjent hytte. Vetledalsetra er eit flott utgangspunkt for turer inn på Vetledalsbreen og  Erdalsbreen. Har ein brekunnskap og utstyr kan ein gå feks. til Slæom, Fåbergstøylen eller Lodalskåpa. Det er også her turistforeninga har utgangspunkt for den tradisjonelle breturen «Josten på langs».

P1070675   P1070676 P1070679   P1070680

Turistforeninga si sjølvbetjente hytta er restauret og har seks sengeplasser og fire ekstra madrasser. Ein flott tur og ta med barn på ekspedisjon, og overnatte på hytta. Ei oppleving der stearinlys og utedo må gjere nytta.

P1070681Turistforeninga si sjølvbetjente hytte ligg fint under den mektige Strynekåpa (1530m). Til venstre for hytta ser ein inn Storedalen mot Ulvestigen, oppgangen til Erdalsbreen.

P1070683Veiret skifter fort og regnbygene kjem fort over breen og ned dalen. Her er det både sol og regn.

UTFORSK NÆROMRÅDET, TA I BRUK ALLE DELER AV KOMMUNEN. GOD TUR!

Preikestolen

P1070277

Preikestolen er eit av landets mest spektaluære fotomotiv. Ikkje alle får oppleve sol, skyfri himmel og utsikt inn Lysefjorden og fjella rundt.  Den dagen vi tok turen var det veldig skiftande veir og vi fekk tjukk skodde og regn da vi var på platået. Sjølve platået er 25 x 25 meter stort og rager 604 meter over Lysefjorden.

Preikestolen har vore eit  turistmål i over 100 år.  Kvart år er det utruleg mange som tek denne turen.  I 2013 var det ca 205 000 personer som tok den ca 4 kilometer lange turen opp fra Preikestolhytta. Høgdeforskjellen er på 330 meter. Sesongen for å gå på Preikestolen er april – oktober. Det er ikkje anbefalt å gå turen om vinteren.

P1070246For å kome til Preikestolhytta som er utgangspunktet for denne turen, tek ein ferge fra Stavanger til Tau og følger skilting på Rv 13 eller ferge Lauvvik til Oanes og skilting på Rv 13. Det er også gode bussforbindelse i sesongen.

Ved Preikestolhytta er det opparbett store parkeringsplasser med toalett og servicbygg. I høgsesongen er det også parkeringsplass eit stykke før Preikestolhytta. På begge desse plassane må ein betale parkeringsavgift.

P1070248Ingen tvil om retninga ein skal gå.

P1070249   P1070250

Turistforeninga har T- merka stien til Preikestolen. Her fra utgangspunktet ved parkeringsplassen. Stien er godt tilrettelagt. I 2013 og 2014 har sherpaer fra Nepal jobba med stien. Flotte trapper og steinsetting er resultatet.

P1070251Etter å ha gjordt unna første stigninga kjem ein opp på eit utsiktspunkt. Her ser ein tilbake til Preikestolhytta og parkeringsplassen.

P1070254

Stien går i kupert terreng. Her viser tydeleg slitasjen på vegetasjonen.

P1070257   P1070259

Over blaute myrparti og opp bratte urer er stien godt tilrettelagt for fotturistane. Anbefaler å gå turen tidleg på dag om ein går i høg sesongen. Det vart etterkvart mykje folk i stien.

P1070287   Også kvileplasser er det laga til.

P1070261Sjølv om det er sommer skifta veiret fort. Ein skal ikkje undervurdere turen. Gode klede og gode sko er ei nødvendigheit. På vår tur møtte vi folk i sandaler, miniskjørt og tynn overdel. Vi hadde hue, votter, ull og goretex klede.

P1070263   P1070265

Mange plasser ligg stien ut på kanten.

P1070272  Eit lite glimt av Lysefjorden fra Preikestolplatået.

P1070275Så langt, men ikkje lenger. Ein skimter så vidt fjoden langt der nede.

ER EIN PÅ DENNE KANTEN AV LANDET SÅ ANBEFALES TUREN TIL PREIKESTOLEN.

 

Kjerag- Kjeragbolten

Kjerag og Kjeragbolten er ein turistattraksjon i Forsand kommune i Rogaland. På denne turen får ein oppleve vill, vakker og ekte vestlandsnatur.

P1070138

 

På denne tavla er det mykje nyttig informasjon om turen.

Utgangspunktet for turen er Øygardstølen, eller Ørnerede som det også blir kalla. Dette har vore ein støyl som no er ombygd til serveringsstad.

Ein har to alternativ for å kome seg til Øygardstølen. Ein kan ta ferga fra Laukvik eller Forsand  til Lysebotnen. Der frå tek ein seg dei 27 hårnålsvingane opp til Øygardstølen. Eller ein kan kome med bil fra Suleskardet. Lyseveien er ein flott, smal og svingete fjellvei på 32 km. Denne veien har sitt høgaste punkt på vel 900 moh og er vinterstengt.

P1070209Bilde: Oversikt over Øygardstøl, eller Ørnerede.

P1070141   Bilde: Ørnerede ligg heilt på stupet til Lysebotn.

P1070139   Bilde: Skilt gir god og nyttig informasjon.

Utgangspunktet for turen ligg på 640 moh. Turen fram til Kjerag er 6 kilometer og er rekna for å være ein krevjande tur.

P1070142   P1070144

Oppstigninga fra Øygardstøl er bratt og går på blankskura svaberg.  Som ein kan sjå av bilda så er det sett ned bolter med kjetting der stien/råsa går. Detter for å lede fotturisane på rett vei og for at det skal være ei hjelp om svaberga er glatte.

P1070145 Bilde: Litle Storedalen.

P1070207   P1070208

Terrenget er kupert og fra første toppen går stien unnabakken og ned i Litle Storedalen. Ei nedstigning på ca 75 meter. Her er det grønt og frodigt og gode muligheiter for å telte. Her er små vatn og elver. Enkelte plasser er det ganske vått der stien går, men det er fint tilrettelagt med planker. Fra Litle Storedal er det igjen ei bra stigning opp mot 890 moh før ein igjen må nokre meter ned. Da er ein i Storedalen. Her renn det ei god elv og det er lurt å fylle vannflaskene sine før siste stykket opp på sjølve Kjeragmassivet som ligg på ca 1020 moh.

P1070148

P1070206Det er mykje folk som går denne turen og på bildet kan ein tydeleg sjå kor nedslitt fjellet er. Ein ser også boltane med kjetting som er sett ned i den bratte stigninga. Desse kom godt med både på oppstigninga og nedstigninga.

P1070156   P1070152

Bilde:  Veiret skifter fort. Sol, regn, skodde.

P1070153Bilde: Stien går luftigt somme plasser. Her ser ein rett ned til Lysebotn.

P1070161Bilde:Her er ein på sjølve Kjeragmassivet. Veiret skifta fort og det er veldi viktig å halde seg til den merka stien. 

Når ein er komt opp på sjølve Kjeragmassivet går stien i åpent og lett terreng i ca 2 km innover mot Nesatind og Kjeragplatået.

P1070163   P1070181  Nesatind.

Inne på platået har Stavanger turistforrening bygd ein varde med skilt som viser vei til dei forskjellige attraksjonane. Sjølve Kjeragplatået og Kjeragbolten ligg ca 300 sør for denne varden.

P1070175

Utsikt fra Nesatint ut Lysefjorden.

P1070188

Det er ikkje berre fotturistane som let seg fasinere av Kjeragmassivet.

P1070190   P1070191

Bilde 1: Sjølve Kjeragplatået. Bilde 2: Nedstigninga til platået går gjennom ei smal sprekk i berget.

P1070193

Bilde: Sjølve Kjeragbolten. Der er det 1000 meter rett i Lysefjorden.

P1070196   P1070203

Bilde: Slett ikkje alle treng å gå ut på bolten.

P1070211Etter turen på Kjeragplatået anbefaler eg å ta turen ned til Lysebotn og  turistferga ut Lysefjorden. Da får ein sjå Kjeragbolten fra fjorden. Ein får også med seg guiding på turen.

 

Blånibba – ein enkel topptur / rundtur om Holesetra

Utgangspunktet  for denne turen er det flotte skianlegget til Markane il, Ullsheim. Dette er ein enkel topptur med flott utsikt. Blånibba ligg 1043 meter over havet. Fra Ullsheim, som ligg ca 350 meter over havet, og til toppen er det ca 4 kilometer. Tar ein tida til hjelp går det fint ann å ha med barn ned i 5-6 års alderen på denne turen.

P1060902Bilde: Her ser ein Blånibba midt på bildet. Lenger bak ligg Gulkoppen.

Eg har valgt å gå eit stykke i løypetraseen som Turløyper Stryn AS  har opparbeida.  Hold til venstre for løypebrua på stadion og fortset ned bakken til myra. Gå til høgre for furuene midt på bildet og følg traseen motebakka.

P1060904Ein kjem da inn på den asfalterte  ruleskibana og ein går den eit stykke til ein kjem til ein lunneplass for tømmer. Her tek ein av til venstre. Som skilta viser så er det fleire turalternativ i området.

P1060907   P1060908

Ein forlet no asfalten og går vidare på løypetraseen som går motebakke. Den svinger seg fint opp bakkane og snart er ein komt opp til Gamlesetra. Her var det fra gammalt av seter for gardane i Grenda, men den vart flytta lenger opp i bakkane. Ein kan enno sjå litt av tuftene av husa.

P1060915Bilde: Utsikt fra Gamlesetra mot Hornindalsvatnet og Heggjabygda. Ein skimter også så vidt garden Jutedal.

Frå Gamlesetra velger eg den gamle setreråsa siste stykket til Grendasetra. Her har ein også muligheit til å fortsetje på løypetraseen til ein er på setra.

P1060921   P1060922

Bilde: Turløyper Stryn v/Arvid har sett opp skilt langs traseen. 

P1060924  Bilde: Råsa er enkel å finne sjølv om den ikkje er merka.

P1060926Bilde: Grendasetra. 

P1060930Bilde: Her på dette selet har Markane il trimbok. Her er også ein god benk å kvile på. Vis hensyn ved bruk. Ta med søppel heim!!

P1060931Flott utsikt fra Grendasetra. Ein ser skianlegget Ullsheim, gardane i Grenda og Svingesetvatnet. Ein skimter også Langesetvatnet og fjorden.

Turen vidare går over setrevollen og  opp bakken rett bak setrehusa, rett før fjøsen.

P1060947

P1060948På bakketoppen bak setra er det sett opp benk og bord. Her er det fint å kvile. Ta inn fjell lufta og nyte utsikten.

P1060950Bilde: Stien/råsa er ikkje alltid like tydeleg, men tek ein seg tid så ser ein kor det er trakka. Ein skal motebakka.

P1060952Bilde: Når ein er komt opp om tregrensa, kjenner ein naturens rus spre seg i kroppen. Her er det åpe landskap og ein får «luft under vingene».

P1060957  Bilde: Her ser ein toppen av Blånibba fra Smalurvarden

P1060959  Bilde: Utsikt sørover fra Smalurvarden

P1060964   P1060965  Bilde: Blånibbvatnet.

Her er det berre å vrenge av seg kleda og hoppe uti.

P1060966Eit friskt morgenbad i Blånibbvatnet er berre heilt fantastisk. Ein kan sjå på bildet kor stilt det er her oppe. God temperatur og klart vatn. Vidare herfra går turen under toppen og så svinger ein til venster fram att til varden.

P1060970  Bilde: Varden på Blånibba. Flott utsikt.

P1060973Fra toppen av Blånibba ser ein den delen av Markan som ligg lengst vest og som grenser mot Hornindal kommune. Ein ser bygdene rundt Hornindalsvatnet som ligg i Eid kommune.

P1060974Her ser ein gardane i Grenda,Svingesetvatnet, skianlegget Ullsheim, Langeset, Langesetvatnet og ein del av gardane i Sør Markane. Ein ser Faleidefjorden og Frøholm, Hildaneset, Innvikfjorden, Utvik og øverste del av Blakset.

P1060975Her skimter ein så vidt litt av Stryn sentrum mellom Gryta og Årheimsfjellet.

P1060976Fra Blånibba er det muligheiter for å gå både lenger og høgare. Gulkoppen, som ein ser på bildet, ligg på 1306 metre over havet.

Eg valgte å gå vidare fra Blånibba til Holesetra. Det blir ein fin rundtur på ca 8 kilometer. Det er ikkje merka sti/rås, men stedvis finn ein sti. Det er mange alternativ å gå til Holesetra. Eg gjekk fra varden på Blånibba og  rett aust over. Terrenget går først flatt så slakt unna.Vegetasjonen er lav.

P1060981

P1060982Når ein har gått eit stykke austover kjem ein så lang at ein ser ned til Holesetra. Ein ser litt av løypetraseen til Turløyper Stryn AS som snor seg så fint i terrenget. Siste stykket ned til setra går i eit terreng som er blanding av myr, lyng og stein.

P1060985

P1060987Her på Holesetra er det fint å ta ein pause. Sjølv om elva durer godt er det mulig å nyte stillheita. Går ein nær setrehusa så vis hensyn og sjølvsagt tek ein alltid med seg søppelet heim om ein raster.

Denne rundturen fortset no i løypetraseane tilbake til Ullsheim.

Holesetra er eit populært mål for mange turgåere. Dette fordi Arvid i Turløyper Stryn har laga til så fine tursti/løypetraseer opp dit. Dei traseane kan ein ikkje skryte nok av. Det er  mange som nytter seg av desse flotte løypene, både sommer og vinter. Det er rein luksus å kunne bruke dette anlegget når ein vil uansett årstid. Å lage til og å holde eit slikt anlegg vedlike koster mykje penger. Husk å betale medliemskontingent. Alle traseane er også godt merka med skilt som viser alternative ruter og vanskegrad.

På Holesetra, ved skilttavle og kvileplassen, har Markane il og Stryn T&Il trimposter.

P1060990Langs med traseane har Arvid laga til med kvileplasser. Her er det muligheiter for alle å ta ein pause. Husk å rydde etter deg når du er ferdig.

P1060992

 

P1070001   P1060998

Løypetraseane er fine både om sommeren og vinteren. Om sommeren  er det fint både for dei som går, bruker sykkel, permobil og barnevogn.

P1060996

P1070003   P1070004

Langs med traseane er graset slått på kantane. Berre å nyte turen for både små og store.

Markane il har bygdt eit fantastisk anlegg, Ullsheim. Eit imponerande anlegg med stor skistadion, skiskytterstadion, rulleskibane og mange kilometer med lysløyper. Ei grillhytte «Årestova» er også bygd dei siste åra. Denne hytta står åpen og er ein sosial samlingsplass. Her kan ein gå inn og ta ein velfortjent pause. Bruker ein av veden så betal i den oppsette kassa. Nytter ein seg av desse flotte plassane så må ein huske å rydde etter seg og ta med alt søppel heim.  Årestova kan også tingast til private arrangement.

P1070007Bilde: Skianlegget Ullsheim i Markane. 

P1070008Bilde: Gapahuk som står ved skileikebakken på Ullsheim. Her er det fint å ete matpakken sin.

P1070015 Årestova på Ullsheim. Ei flott grillhytte som står åpen og som kan nyttast av alle. Også uteområdet er fint tilrettelagt med bord, benker og bålpanne. Om ein nytter desse tilbuda må ein vise stor varsemd med åpen ild. Området må sjølvsagt ryddes når ein har brukt det.

GOD TUR TIL FJELLS. NYT DEN FANTASTISKE NATUREN VI HAR RUNDT OSS. TA GODT VARE PÅ DEN!!