Blånibba – ein enkel topptur / rundtur om Holesetra

Utgangspunktet  for denne turen er det flotte skianlegget til Markane il, Ullsheim. Dette er ein enkel topptur med flott utsikt. Blånibba ligg 1043 meter over havet. Fra Ullsheim, som ligg ca 350 meter over havet, og til toppen er det ca 4 kilometer. Tar ein tida til hjelp går det fint ann å ha med barn ned i 5-6 års alderen på denne turen.

P1060902Bilde: Her ser ein Blånibba midt på bildet. Lenger bak ligg Gulkoppen.

Eg har valgt å gå eit stykke i løypetraseen som Turløyper Stryn AS  har opparbeida.  Hold til venstre for løypebrua på stadion og fortset ned bakken til myra. Gå til høgre for furuene midt på bildet og følg traseen motebakka.

P1060904Ein kjem da inn på den asfalterte  ruleskibana og ein går den eit stykke til ein kjem til ein lunneplass for tømmer. Her tek ein av til venstre. Som skilta viser så er det fleire turalternativ i området.

P1060907   P1060908

Ein forlet no asfalten og går vidare på løypetraseen som går motebakke. Den svinger seg fint opp bakkane og snart er ein komt opp til Gamlesetra. Her var det fra gammalt av seter for gardane i Grenda, men den vart flytta lenger opp i bakkane. Ein kan enno sjå litt av tuftene av husa.

P1060915Bilde: Utsikt fra Gamlesetra mot Hornindalsvatnet og Heggjabygda. Ein skimter også så vidt garden Jutedal.

Frå Gamlesetra velger eg den gamle setreråsa siste stykket til Grendasetra. Her har ein også muligheit til å fortsetje på løypetraseen til ein er på setra.

P1060921   P1060922

Bilde: Turløyper Stryn v/Arvid har sett opp skilt langs traseen. 

P1060924  Bilde: Råsa er enkel å finne sjølv om den ikkje er merka.

P1060926Bilde: Grendasetra. 

P1060930Bilde: Her på dette selet har Markane il trimbok. Her er også ein god benk å kvile på. Vis hensyn ved bruk. Ta med søppel heim!!

P1060931Flott utsikt fra Grendasetra. Ein ser skianlegget Ullsheim, gardane i Grenda og Svingesetvatnet. Ein skimter også Langesetvatnet og fjorden.

Turen vidare går over setrevollen og  opp bakken rett bak setrehusa, rett før fjøsen.

P1060947

P1060948På bakketoppen bak setra er det sett opp benk og bord. Her er det fint å kvile. Ta inn fjell lufta og nyte utsikten.

P1060950Bilde: Stien/råsa er ikkje alltid like tydeleg, men tek ein seg tid så ser ein kor det er trakka. Ein skal motebakka.

P1060952Bilde: Når ein er komt opp om tregrensa, kjenner ein naturens rus spre seg i kroppen. Her er det åpe landskap og ein får «luft under vingene».

P1060957  Bilde: Her ser ein toppen av Blånibba fra Smalurvarden

P1060959  Bilde: Utsikt sørover fra Smalurvarden

P1060964   P1060965  Bilde: Blånibbvatnet.

Her er det berre å vrenge av seg kleda og hoppe uti.

P1060966Eit friskt morgenbad i Blånibbvatnet er berre heilt fantastisk. Ein kan sjå på bildet kor stilt det er her oppe. God temperatur og klart vatn. Vidare herfra går turen under toppen og så svinger ein til venster fram att til varden.

P1060970  Bilde: Varden på Blånibba. Flott utsikt.

P1060973Fra toppen av Blånibba ser ein den delen av Markan som ligg lengst vest og som grenser mot Hornindal kommune. Ein ser bygdene rundt Hornindalsvatnet som ligg i Eid kommune.

P1060974Her ser ein gardane i Grenda,Svingesetvatnet, skianlegget Ullsheim, Langeset, Langesetvatnet og ein del av gardane i Sør Markane. Ein ser Faleidefjorden og Frøholm, Hildaneset, Innvikfjorden, Utvik og øverste del av Blakset.

P1060975Her skimter ein så vidt litt av Stryn sentrum mellom Gryta og Årheimsfjellet.

P1060976Fra Blånibba er det muligheiter for å gå både lenger og høgare. Gulkoppen, som ein ser på bildet, ligg på 1306 metre over havet.

Eg valgte å gå vidare fra Blånibba til Holesetra. Det blir ein fin rundtur på ca 8 kilometer. Det er ikkje merka sti/rås, men stedvis finn ein sti. Det er mange alternativ å gå til Holesetra. Eg gjekk fra varden på Blånibba og  rett aust over. Terrenget går først flatt så slakt unna.Vegetasjonen er lav.

P1060981

P1060982Når ein har gått eit stykke austover kjem ein så lang at ein ser ned til Holesetra. Ein ser litt av løypetraseen til Turløyper Stryn AS som snor seg så fint i terrenget. Siste stykket ned til setra går i eit terreng som er blanding av myr, lyng og stein.

P1060985

P1060987Her på Holesetra er det fint å ta ein pause. Sjølv om elva durer godt er det mulig å nyte stillheita. Går ein nær setrehusa så vis hensyn og sjølvsagt tek ein alltid med seg søppelet heim om ein raster.

Denne rundturen fortset no i løypetraseane tilbake til Ullsheim.

Holesetra er eit populært mål for mange turgåere. Dette fordi Arvid i Turløyper Stryn har laga til så fine tursti/løypetraseer opp dit. Dei traseane kan ein ikkje skryte nok av. Det er  mange som nytter seg av desse flotte løypene, både sommer og vinter. Det er rein luksus å kunne bruke dette anlegget når ein vil uansett årstid. Å lage til og å holde eit slikt anlegg vedlike koster mykje penger. Husk å betale medliemskontingent. Alle traseane er også godt merka med skilt som viser alternative ruter og vanskegrad.

På Holesetra, ved skilttavle og kvileplassen, har Markane il og Stryn T&Il trimposter.

P1060990Langs med traseane har Arvid laga til med kvileplasser. Her er det muligheiter for alle å ta ein pause. Husk å rydde etter deg når du er ferdig.

P1060992

 

P1070001   P1060998

Løypetraseane er fine både om sommeren og vinteren. Om sommeren  er det fint både for dei som går, bruker sykkel, permobil og barnevogn.

P1060996

P1070003   P1070004

Langs med traseane er graset slått på kantane. Berre å nyte turen for både små og store.

Markane il har bygdt eit fantastisk anlegg, Ullsheim. Eit imponerande anlegg med stor skistadion, skiskytterstadion, rulleskibane og mange kilometer med lysløyper. Ei grillhytte «Årestova» er også bygd dei siste åra. Denne hytta står åpen og er ein sosial samlingsplass. Her kan ein gå inn og ta ein velfortjent pause. Bruker ein av veden så betal i den oppsette kassa. Nytter ein seg av desse flotte plassane så må ein huske å rydde etter seg og ta med alt søppel heim.  Årestova kan også tingast til private arrangement.

P1070007Bilde: Skianlegget Ullsheim i Markane. 

P1070008Bilde: Gapahuk som står ved skileikebakken på Ullsheim. Her er det fint å ete matpakken sin.

P1070015 Årestova på Ullsheim. Ei flott grillhytte som står åpen og som kan nyttast av alle. Også uteområdet er fint tilrettelagt med bord, benker og bålpanne. Om ein nytter desse tilbuda må ein vise stor varsemd med åpen ild. Området må sjølvsagt ryddes når ein har brukt det.

GOD TUR TIL FJELLS. NYT DEN FANTASTISKE NATUREN VI HAR RUNDT OSS. TA GODT VARE PÅ DEN!!

 

 

 

 

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s