Rundtur på Runde

 

Runde

Runde er den største fulgeøya sør for polarsikelen. Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til omlag 500 000 fulg. Fuglelivet har vore freda sia 1957, men i 1981 vart det vedteke nye verneregler som også omfatter geologi og botanikk.  Dette skulle gje betre vern mot større press frå aukande turistferdsel. Goksøyrmyrane naturreservat vart oppretta  i 1996.

Eg er ikkje spessielt intresert i fuglar og fuglelivet, men syns det var spennande og intresant å sjå dei fuglane som dukka opp. Ikkje har eg kamera som eigna seg for fuglefotografering, ei  heller kikkert som er av ein slik dimensjon at det hjelper.  Men vi fekk sjå både havørn og lundefulg på nært hold. Og så fekk vi nærkontakt med måsen, da vi eit lite øyeblikk snudde ryggen til under lunchen.

Når ein er komt ut til Runde, køyrer ein litt forbi Runde miljøsenter. Da kjem ein til ein parkeringsplass som er berekna for fotturistane. Der er det også toalett. Derifra går ein bilveien eit stykke forbi campingplassen. Da kjem ein til ein påle med skilt og der tek ein fatt på motbakken.

P1060687

P1060688Bilde: Ta deg tid til å lese informasjonen som står på skilta.

Opp den brattaste stigninga er stien asfaltert og med rekkverk. Det er god og tydeleg rås/sti på heile runden. Som det står på diverse skilt er det viktig at ein går på dei merka stiane. Dette for å ta hensyn til fuglelivet, gologien og botanikken.

P1060691   P1060696

Ein kan godt ta med barn på denne turen. Når ein er komt opp dei første bakkane er terrenget slakt og fint. Om ein studerer kartet først i innlegget ser ein at der er forskjellige alternativ til ruter. Før du legg ut på tur så fyll drikkeflaskene med drikke, for ein finn lite ferskvatn langs stiane.

Skilta som er sett opp er litt utydeleg å lese, men går ein nær nok og tek seg tid er det enkelt å forstå.

P1060698   P1060699

Det viser tydeleg i terrenget at her er mykje fotturister som går for stiane er godt trakka. Dei er også godt tilrettelagde. Der det er våte parti er det lagt ut planker.

P1060701   P1060704

Utsikten er fantastisk. For meg som kjem fra dei store skoger i Markane er det storslått når ein kjem ut til havet. På denne turen ser ein havet og båttrafikken heile tida. Alt fra store turistskip til små joller.

P1060705

Når ein er komt opp stigningane så ser ein tilbake til bebyggelsen i Goksøyr.

P1060709Stien går på ytterkanten av øya og utsikten mot storhavet er fantastisk. Det høgaste punktet på øya er 333 meter over havet, det ligg på aust sida. Den runden som eg beskriv her går på nordsida og vestsida. Det høgste punktet på den runden er 294 meter over havet. Vi gjekk først på nordsida og mot fyret og dreia over på vestsida for så å gå rett over øya og tilbake til utgangspunktet.

Når ein er komt til Raudetinden ser ein til kvalneset der Runde Fyr ligg.

P1060715

Langs med stien er det sett opp tavler med informasjon om fuglar og fuglelivet. Som her i Skarveura på nordsida av øya.

P1060720

På turen såg vi også nokre få beitande husdyr. Så det er ikkje berre fuglar på øya.

P1060727

P1060728Bilde: Røsslyngen var i blomst alt. Eit teikn på at sommaren er komt langt…..

P1060732   P1060733

Bilde: Stien er godt tilrettelagd både på flata og i bakkane.

Runde fyr er eit av 80 freda fyr i Norge. Detter er ei av DNT sine sjølvbetjente  hytter. Det er den nyaste fyrvokterboligen på fyrstasjonen som er gjordt om til DNT hytte. Her er 24 sengeplasser.

P1060737Stien ned bakkane til fyret er bratt, men godt tilrette lagt med trappetrinn av stein og rekkverk. Her er det berre å bruke tid ned. Husk å løfte blikket og nyt utsikten.

P1060740   P1060748

P1060752

Runde fyr vart i 1767 oppretta i privat eige som det femte fyret i Norge. I 1807 tok staten over fyret. Det var da mest som ei gryte som ein heldt fyr i. I 1826 vart det oppgradert til kolbluss fyr. I 1858 vart det bygd støypejernstårn ytterst på Kvalneset, og den nederste delen er bevart. I 1935 vart fyret vidare oppgradert til betongtårn som vart plassert lenger opp i bakken. Fyret vart etter kvart meir og meir automatisert og i 2002 var det ikkje lenger nødvendig med menneskleg overvaking og den siste fyrvaktaren flytta ut. Pr 2005 bestod fyrstasjonene av 6 bygg. Sjølve fyrbygningen,smie, 2 bustadhus, kombinert fjøs og låve, olje- og vedbud. Det budde tidvis svært mange på fyrstasjonen. Fyrvaktarar, assistenter, koner, barn, gruvenanter, tjenestefolk og husdyr.

Heile fyrstasjonen vart verna i 2001.

Sia 2003 har Den norske turistforening nytta den nyaste fyrvaktarboligen som turisthytte.

P1060758   P1060759

P1060761   P1060764

P1060776   P1060779

P1060782

 

P1060786 Bilde: I 1826 vart Runde fyrstasjon oppgradert til kolblussfyr.

Etter besøket på fyret, gjekk turen motebakka igjen. Ein går same veien oppatt fra fyret  som ein gjekk ned. Ein fortset vidare på vestsida av øya. Fremdeles med eit storslagent utsyn mot havet. Ein går forbi Raudenipa. Her har ein eit godt utsyn mot fuglekoloniane i Rundebranden. Krykkja og Havsula er dei mest talrike artane.

P1060789

P1060791 Bilde: Rundebranden, 294 moh

Eg har ikkje kamera som eignar seg til å få nærbilde av fuglelivet i fjellet. Ei heller kikkert som duger. For dei som er fugleintresert er her mykje å studere.

P1060793Bilde: Fuglekikker

Turen går vidare fra Rundebranden til Kaldekloven. Her er det ein bratt sti ned til havet for dei mest ivrige fuglekikkarane. Nede ved havet kan ein gå inntil deler av Krykkje koloniane i Kaldeklova.

P1060814

P1060813

Vidare går stien i slakt terreng mot Lundeura. Den beste tida på døgnet, for å sjå Lundefuglen, er klokka 21. Her har ca 100 000 hekkande par sitt tilhold sted fra februar/ marsl. I siste halvdel av august forlet lunden hekkeplassen og trekkjer mot ope hav i nord Atlanteren. For at fuglane skal få fred i hekketida er det forbode å ferdast utanfor dei merka stiane.

Det er mulig å ta båttur rundt Runde også. Den turen tar 2 timer.

 

Her ser ein tilbake til Goksøyr. Heilt i fjæresteinane ligg Goksøyr Camping. Eit godt alternativ om ein vil bruke fleire dager på ekspedisjonen. På campingplassen har dei oppstillingsplasser for bobiler, teltplasser og hytter. Der er også kiosk med diverse daglegvarer. Vertskapet var hyggelege og behjelpeleg med alle slags spørsmål fra forskjellige reisende.

P1060703

P1060848

P1060850

 

P1060843

 

P1060838

 

P1060840

 

RUNDE LIGG I HERØY KOMMUNE PÅ SUNNMØRE. OG DETTE ER EI NATURPERLE SOM ER LETT TILGJENGELEG FOR MANGE. GOD TUR.

Reklame