Hornindalsrokken – ein topptur 1526 moh.

TOPPTUR TIL HORNINDALSROKKEN OG FAMILIETUR TIL BLÅVATNET.

P1060448

Hornindalsrokken, eller Hondalsrokkjen, er grensefjell mellom fylka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det er også grense mellom Hornindal, Ørsta og Stranda kommune. Rokkjen blir rekna som ein del av Sunnmørsalpane da nordsida av fjellet ligg ved Tyssevatnet innerst i Hjørundfjorden.

Hornindalsrokken er eit landemerke og ein ser den godt når ein køyrer RV 60 fra Grodås til Hellesylt. Når ein er komt til Hondøla bru,ta av til venstre fra riksveien. Ta gjerne ein stopp her og studer den flotte steinbrua som ligg tett ved riksveien. På austenden av denne brua står Giftarsteinen/Jomfrusteinen.

Det er to historier knytta til denne steinen. Den første går ut på at brurafølge gjekk til denne steinen og at brura måtte krype gjennom steinen når alle såg på. Kom ho gjennom steinen var alt i orden, kom ho ikkje gjennom var ho sannsynlegvis gravid.

Den andre historia går ut på at budeiene på setrane i området måtte krype gjennom steinen før dei reiste til setres tidleg på sommaren og også når dei skulle heim fra setra på seinsommaren. Dette for å sjå om dei hadde vore lausslupne i løpet av sommaren.

P1060445

Hornindalssetra er det vanlegaste utgangspunktet når ein skal på Hornindalsrokken. Ein kan også gå fra Kjelstadalen i Stranda kommune.

Eg tok turen fra Hornindalsetra og innlegget blir om det veivalget.

For å kome seg til utgangspunket, Hornindalssetra, så tek ein Rv 60 fra Grodås til Hondøla bru. Der tek ein av til venstre.. Veien til Hornindalssetra er bomveg så ta med litt småpenger.  Når du har betalt bompengane kan du køyre heilt fram til setra. Der er det tillaga med  inngjerda parkeringsplass. Det er kjempeflott, da står bilen trygt for beitande husdyr som er i området rundt setra.

P1060450

P1060451Hornindalssetra er det vanligaste utgangspunktet når ein skal på Rokkjen. Setra ligg på 412 meter over havet.

P1060455Fra setra går ein på ein anleggsvei/god sti inn setredalen mot Blåvatnet som ligg ved foten av Hornindalsrokken. Denne strekninga er fin og slak og her kan godt heile familien ta turen. Det meste av stigninga er opp fra setra.

P1060459

P1060458 Ein må også huske å snu seg og sjå på utsikten bak seg. Her ser ein Muldsvorhornet.

P1060460Her ser ein tydeleg anleggsveien som går inn setredalen mot Blåvatnet. Litt stigning opp fra setra, men så flater den ut og er fin også for  barn å gå. Vogn kan by på ein del utfordringer. Det er mange som bruker sykkel dei vel 3 kilometera inn til Blåvatnet.

P1060463   P1060467

Det er ikkje vatn å finne når ein starter på oppstigninga i «renna», så alle flasker må fyllast i dalbotnen ved Blåvatnet/Store Luka.

P1060470Her deler stien/råsa seg. Skal ein på Rokkjen dreier ein til høgre. Stien er tydeleg og delvis merka. Det er viktig at ein føl stien for å finne rette veivalget opp «renna».

P1060472   P1060475

No ser ein tilbake til setra, dyrkingsfelta som høyrer til gardane på Nygård og Seljeset og mot fjella som grenser mot Stryn.

P1060471

Ser ein andre veien, mot nord, ser ein Rokkekjerringa og Hornindalsrokken på kvar side av dalen der Blåvatnet og Tyssevatnet ligg.

P1060473

Når ein har gått eit stykke fra stidele mot foten av Rokken, går ein forbi Store Luka. Eit lite vatn som ligg der så stilt og fint heilt oppunder fjellfoten. Her er det fint å ha base camp om ein er fleire i følge og noken velge å stoppe turen her. Fint for barn å få leike i vannkanten.

For dei som vil til toppen av Hornindalrokken så starter oppstigninga her.  Oppstigninga opp «renna» byr ikkje på store problem,men det er laus stein og ein må være forsiktige så ein ikkje får steinane på trill. Dette er ein tur som er best å gå om det er tørt i terrenget. Ellers kan det være glatt og gjørmete. Det er også ein fordel å vente så lenge om våren at snøen i «renna» har smelta vekk.

P1060476

Når ein er komt opp i skaret mellom Rokken og Lidafjellet er det godt med ein pause. Her kjem ein også inn på breen. Hold til venstre, men ikkje for nær oppunder ura. Ein føl breen til ein igjen møter ura og merka sti.

P1060480

P1060484   P1060482

Utsikten er upåklageleg når ein nærmer seg toppen. Da er det berre å nyte.  Når ein er heilt på toppen ser ein Sunnmørsalpane med alle sine tinder og topper og andre veien ser ein mot  Jostedalsbreen og Lodalsskåpa.

P1060487Her ser ein eit islagt Tyssekupa.

P1060489   P1060501

Sist på 50-talet og tidleg på 60-talet vart Tyssevassdraget utbygdt av Tussa Kraft. Da vart det store Tyssevatnet oppdemt. På bildet ser ein tydeleg eit tappa basseng. I den nordlege delen av Tyssevatnet har Turistforeninga ei sjølvbetjent hytte.

P1060507

P1060500Her ser ein Kolåstinden til venstre og slogen til høgre.

P1060495 Endeleg på toppen. Dette er andre gang eg bestig dette fjellet. Første gang for ca 30 år sia.

P1060510Her ser ein mot Sunnmøre. Ein ser Hjørundfjord og heilt til Ålesund.

P1060516Her ser eg ca 900 meter rett ned i Tyssevatnet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Reklame

Ytrehornsnakken – Hornindal

Bilde

Laurdags ettermiddag tok eg ein tur til Ytrehornsnakken i Hornindal. Ein kort men bratt tur. Ein tur som eg vil sei er ein flott familietur om ein går på barnas premisser. Det kan bli barnets første møte med «fjellklatring».  Bruk dagen og ha rikeleg med tolmodigheit så blir dette ein fin tur. For dei som ikkje tek med barn så er dette ein forholdsvis kort tur. Fra der ein parkerer bilen er det ca 1.5 kilometer til toppen. Da kan ein velge om ein vil ta det roleg eller ha meir fart i beina og ta det som ei treningsøkt. Ein vil vel uansett kjenne det i lår og rompe musklatur :-).

For å kome til utgangspunktet så køyrer ein til Grodås, komunesenteret i Hornindal og den austlegaste delen av Nord Europas djupaste innsjø. I sentrum tek ein av mot Otterdal og køyrer ca 1 kilometer før ein igjen kjem til eit kryss merka Otterdal. Rett etter det krysset er det merka til Ytrehornsnakke.

P1060410Bilde: Her ser ein toppen av Ytrehornsnakken bak skiltet som viser kor ein tek av i kryssa.

P1060314

 

P1060316Her er det ingen tvil om at ein er velkomne som fjellvandrer og turist. Kjende at eg vart glad når eg såg dette skiltet 🙂

Når ein har fått parkert bilen er det enkelt å finne ut kvar ein skal ta av fra grusveien.

P1060318

 

P1060321   P1060329

Det er god sti/rås heile veien til toppen. Mange plasser er det mjukt underlag, men det er også ein del svaberg. Desse er ikkje vanskeleg å passere da råsa har blitt utvida og det er ofte muligheit for å gå utenom svaberga. Men for ungane kan det være artig å få klatre litt.

P1060347   P1060355  /

Stien/råsa er godt merka heile veien. Somme plasser kan det sjå ut som det er stidele, men stien kjem ihop igjenn lenger oppe.

P1060325   P1060361

På vei til Ytrehornsnakken går stien ganske nær Gytleskotet. Gytleskotet er eit naturminne av ei kalsedonhole. Ta den korte avstikkeren fra stien bort i hola og sjå.

P1060330   P1060331

Bilde 1: Her som skogen ligg nede tek ein av til Gytleskotet.

P1060333   P1060337

P1060340  Tenk så spennande for barna å få krype inn i hola.

P1060343Etter kvart som ein kjem oppover bakkane får ein enkelte plasser god utsikt over bygda. Da ser ein tydeleg at Hornindal, eller Hondalen i daglegtalen, er ei landbruksbygd. Og ein høyrer aktiviteten og kjenner lukta (møkaspreiing) fra dei nærmaste gardane. Men det er sant som høyrer med og som vitner om levande bygder.

P1060356

Enkelte plasser kan ein sjå gammal oppmuring av stien. Dette stammer fra den tida da Ytrehornsnakken vart brukt som varslinsplass ved farer.

P1060357  Sjølv om oppstigninga er bratt så flater den også ut av og til midt opp i bakkane.

P1060405Bilde: Finst det noke som er finare enn å sjå bygdene våre bada i sol?

P1060366Bilde: Denne krabaten var også ute på tur. Han ser litt skeptisk ut 😉

P1060349   P1060345

P1060353   P1060372

Det er mangt og mykje ein kan oppdage om ein tek seg tid til det.

Det var kjekt å sjå at blåbærlyngen var grøn og fin. Da kan ein håpe på bær når det lir mot haust.

P1060375

P1060377

P1060378Når ein endeleg er komt til toppen blir alt strevet i bakkane rikeleg belønna med ein fantastisk utsikt og ein herleg følelse av å ha luft rundt seg. Ein har eit rundskue som går fra Kviven- Høgenibba-Blåbrehornet- Sandfjellet-gardane inn gjennom Hondalen-Sætrehornet-Gulkoppen-Middagsfjellet(Øyenibba)-Kjøsahalsen og Glitreggja. Ein ser Hornindalsvatnet, nord europas djupaste innsjø, og bygdene rundt. Denne fjelltoppen peika seg derfor naturleg tu som veteplass da Håkon den gode skulle skipe nasjonalt varslings system på 900-talet.

P1060382   P1060383

P1060391Dette bildet heng på veggen inne i vetestova. Teksten på bildet fortel at bautasteinen på Ytrehornsnakken vart reist av bøndene på Ytrehorn i 1914 til minne om varden som i gamal tid var på Ytrehornsnakken.

P1060393Vetestova på Ytrehornsnakkjen er ei rekonstruert stove som vart sett opp i 2003. Denne vetestova står open for allment bruk.

P1060388   P1060390 Eit oppslag av eit flott dikt til ei fjellvandreske hang på veggen

P1060385Fra Ytrehornsnakken er det god sti vidare til andre turmål. Gode og oversiktlege skilt gjer det mulig å bedømme kor langt det eventuelt er til neste mål. Her på Ytrehornsnakkjen er også siste post på det populære fjell-løpet Hornindal Rundt.

Om ein går eit lite stykke bak om vetestova kjem ein til Ytrehornssætra, også kalt nakkesætra.

P1060395Når ein vel er komt seg opp så ta deg god tid på toppen. Spessilet om ein har barn med. La dei få del i historia og la dei få utforske området. Om turen opp var bratt så har ein berre unnabakkjen om ein tek same veien heim.

Ta turen og la det bli ein uforgløymeleg tur for dei yngste :-). God tur!!

 

 

Knutsdalen – Strynesetra

Ein ny tur er utforska og eg vil dele opplevelsane med dokke :-). Her er  mange fine plasser å utforske i eigen kommunen og i nabokommunane.

P1050687

Denne gangen har eg plukka ut ein tur i nabokommunen, Hornindal. Turen går til Knutsdalen og Strynesetra. På denne turen kan ein gå, sykle, ta med barnevogna ja til og med køyre bil heilt fram. Og det kan no være eit godt alternativ om ein vil ta med nokon som ikkje klarer å gå turen sjølv :-). Det er fin grusvei heile vegen.

Turen fra Nygård til Strynesetra er ca 5,5 kilometer.

For å kome til utgangspunktet så køyrer ein Rv 60 mot Hellesylt. Når ein har køyrt ca 10 kilometer fra Grodås, kjem ein til krysset som går til Seljeset.

P1050686 Her tek ein av og køyrer ned til brua. Der tek ein til høgre og køyrer inn til dei to gardane på Nygård. Da eg gjekk turen snakka eg med ein bonde og eg fekk parkere bilen min på tunet hans. Men om ein køyrer nokre hundrede meter forbi gardane (køyr mellom dei to bolighusa) så kjem ein til ei ferist. Der er det plass å parkere bilen. Ein kan også køyre så langt som det er fast dekke. Der er det god plass å parkere. Ein står da i utmak, og ein må være klar over at her er beitande dyr som kansje er nyskjerrige på bilen din 🙂

P1050687Inntrykka står i kø allereide fra første trakk. Det er grøne marker som snart er klare for hausting, fremdeles snø i fjellsidene og fuglane som syng som dei er galne.

P1050700Nokon har gjordt det litt vanskeleg for seg sjølv 🙂

Gardane på Nygård ligg på ca 330 moh. Strynesetra ligg på ca 500 moh. Stigninga kjem på første del av turen.

Utsikten mot andre deler av Hondalen og fjella rundt er upåklageleg. Her ser vi mot Hornindalslida og det kjente fjellet Honndalsrokkjen som med sine 1529 moh ruver godt i terrenget.

P1050705

Det er tydeleg at det er stor snøsmelting i fjellet no for Knutsdøla var stor og buldra godt. Men om ein vil er det muligheiter for å dyppe føtene  i ei av sideelvene. Om ein leiter finn ein kansje ein kulp så ein kan kjøle seg skikkeleg ned 🙂

P1050714  P1050715

Knutsdalen blir brukt som fellesbeite for gardane på Seljeset og Nygård. Det er i alt 8 bruk som sender buskapen sin på beite i dalen. Eg var heldig å trefte nokre av dyra, slik at eg fekk tatt bilde av dei :-).

P1050729

P1050730Når ein er komt eit stykke inn i dalen og har gjordt unna det meste av stigninga  kan det være godt å setje seg ned og kvile litt. Her er det tillaga med benk så det er berre sesse seg godt tilrette.  Stilt og fredeleg og flott utsikt mot fjella i sør. Nyyyyyt.

P1050731

 

P1050732

Eg kom også forbi det som vi før i tida kalla ei grushole. Det gav  assossiasjonar til barndomen. Eg og søskena mine hadde ei grushole i nærheita av heimen. Der bygde oss gardar, veier,bruer, tunneler og hadde store buskaper :-). Det meste laga av ting vi fant i naturen. Og så var det alle dei små bilane :-). No til dags er vel alle «grusholer» sandtak og ungane må ta til takke med ei lita sandkasse.

P1050733

No flater veien ut og ein er komt til Knutsdalssetra. Her står det berre ein fjøs igjen. Dei fleste av bygningane på setrane i Knutsdalen er tatt godt vare på.

P1050734

Berre eit lite stykke lenger framme ligg fellessetra Sandgrova. Her var det felles setring  fram til 1997/98. Ei budeie var der i 37 sommre.

P1050735Bilde: Sandgrova.

P1050744   P1050749Bilde: Var ofte av sykkelen for å fange dei gode motiva.

P1050745

P1050753 Her vart det ein liten IQ test. (trur den hadde hengt seg opp litt…….. )

 

Etter at ein har passert Sandgrova er det eit fint og lett stykke inn til Strynesetra. Ei flott seter som litt opp på ein haug. Mange lurer vel på kvifor det heiter Strynesetra her i Hornindal. Men fra gammalt av vart denne setra brukt av stryningane . Da jaga dei dyra gjennom skara og over fjella.

P1050758Bilde: Strynesetra med Knutsdalskardet til venstre og Seljesetskardet/Kyrkjeeideskardet til høgre.

Ein har flott utsikt mot fjella rundt heile dalen.  Ein ser: Seljesethornet, «Bjørnen»/Nonsteinfjellet, Kragefjellet/Natakupa, Seljesetskardet/Kyrkeideskardet, Steindalseggja, Knutsdalskardet, Mannefjellet, Langerusthornet og Muldsvorhornet.

P1050764Bilde: Seljesethornet og Nonsteinfjellet. Sel og fjøser til åtte bruk står tett i tett på Strynesetra.

P1050757Bilde: Kragefjellet og Natakupa bak.

P1050762Bide: Her ser ein inn i Botnen. Knutsdalskaret til venstre og Seljesetskaret/Kyrkjeeideskaret midt i. Kort vei over til Stryn.

P1050766Bilde: «Bjørnen» / Nonsteinfjellet

P1050758

 

 

 

Postveien Kjøs – Svor

Nytt innlegg på Den Trondhjemske postvei.

Den Tronhjemske postvei

Denne gangen vil eg skrive om den flotte turen det er å gå den gamle ferdselsveien fra Kjøs til Svor, i Hornindal kommune.

P1050017

Utgangspunktet for turen eg skriv om denne gangen er ved hyttefeltet i Kjøs. Dit kjem du deg ved å ta av RV 15 ved Øyebakken.

P1050013   P1050015

Det er muligheiter for parkering der turen starter.

P1050019

Ein går opp bakken mellom hyttene og vidare gjennom feltet. Veien er tydeleg og ikkje til å ta feil av. Ein går veldi nærme hyttene så vis respekt for dei som har fritidsboliger der.

I den seinare tid har kraftselskapet vore og rydda litt skog langs traseen.

P1050021  P1050023

Langs veien får du glimt av nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Også Bjørnaholmen som ligg like vest for Kjøs bru ser ein mellom furuleggane. Er det i dette området sjøormen befinn seg?? Ein ser også bebyggelsen på sørsida av vatnet. Fine heimar med mykje kveldssol. Nærmast her ser vi garden Kjøs.

P1050025

Første del av turen går i kupert terreng. Etterkvart blir det meir jamn stigning. Underlaget på veien er stort sett veldi bra. Tidvis med full veibredde :-), men enkelte plasser er det litt meir  rås/sti. Også litt steinete og  svaberg.  Det er ikkje vanskeleg å passere verken for gåande eller syklande. Ein må berre vere litt meir forsiktig med kvar ein set foten henn.

P1050027  P1050032

 

Det er ein del små elver langs ruta så det er muligheiter for å fylle opp flaskene om dei blir tome, eller berre å stikke haudet i grova og drikke.

Når ein kjem opp på høgda får ein flott utsikt. Austover ser ein  mot Kjøsapolljen og fjella inn i fjorden. Vestover ser ein Hornindalsvatnet og mot Holmøyane på sørsida av vatnet og Heggjabygda på nordsida av vatnet.

P1050029

P1050031

Den dagen eg gjekk denne turen var det ikkje noko særlig fotoveir. Det vart ikkje blå himmel og blått vatn og sol i fra alle kanter. Men ta turen du og, å knips dine eigne blinkskudd. For det er det gode muligheiter for.

Når ein kjem litt vidare kjem til garden Kongsvik, i daglegtalen kalt «Myra». Her går postveien heilt i utkanten av dyrka mark. Ein ser lett der det er trakka, så følg stien. På bildet ser ein fra venstre fjella Kviteggja, Navelsakerfjellet, Navletuva (den minste tuva midt på bildet) , Høgefjellet og litt av Snøtuva.

P1050033

Når ein har gått litt lenger kjem ein opp på Halsen (Kjøsahalsen). Her har Hornindal il turbok. Her er det muligheiter for å ta seg ein pust i bakken. Fint når det er laga til med kvileplasser. Her kan ein til og med ta ein liten «snap nap» 🙂

P1050036

Når ein no går vidare så går det unndabakke. Ein ser snart Hornindalsvatnet igjen og ein kjem til ein knapp sving.

P1050040

Her ifra er det fin utsikt mot bygda Otterdal. Dei måtte i lang tid klare seg uten vei da storm og flo tok veien langs vatnet.  Det har meg ein gong blitt fortalt at i «gamle dager» frakta dei dyra i båt til beite i fjellsida som vi ser til venstre for Otterdal. På kart ser eg at det heiter Nakkebryggja nede ved vatnet. Kansje nokon kjenner historia?

P1050042

No er det unnabakke og flatt til ein kjem til Svor.  Inn Svorastranda er det tydelege spor etter stormen «Dagmar». Store tre ligg velta over veien. Det er ikkje problem å kome forbi om ein er gåande/joggande. Verre er det om ein har sykkel eller barnevogn med.

P1050045  P1050052

Bilde 1: Lurer på om det heiter Kleivabakkane her? 

Når ein er komt seg forbi vindfallet er det reine «autostradaen» igjen.

P1050057

Når ein nærmer seg gulestripa (bilveien) igjen, åpner landskapet seg og ein får fin utsikt mot Grodås, «Sanden» i daglegtalen.  Høgare opp i lida ser ein mot Hjellbakkane og innover mot Hjortedalen.

P1050059

Her ved veis ende er det også gode parkeringsmuligheiter og eit godt utgangspunkt om ein vel å gå turen andre veien.

P1050064

 

P1050072  P1050074

 

Tilrettelagt for parkering for turgåere langs «Den Tronhjemske postvei»

Kjøs-Svor

Denne turen er ca 9 kilometer  fram og tilbake. Halva om ein går berre ein vei. Ein nydeleg tur 🙂

Håper du prøver turen. Kom gjerne med tilbakemeldinger.

GOD TUR!!!!!!