Storesunde – Skihella – Røyrhus

Eg har lenge vore fasinert av dei gamle ferdselsveiane mellom dei ulike bygdelaga. Tanken på korleis folk før i tida tok seg fram, tida dei brukte, børene dei frakta og slitet dei hadde i all slags veir for å kome seg fram  kan være overveldande. Det er store kontraster til korleis vi no reiser mellom bygdene.

Mellom  Indre Nordfjord og  Sunnmøre er det fleire overganger som vart nytta som ferdselsveier. Ein av dei mest brukte var  veien mellom Vollset og Flo, men også overgangen mellom Knutsdalen i Hornindal og Kyrkjeeide i Stryn vart nytta.

Turen eg skal skrive om denne gangen er turen fra Storesunde til Inigardsetra, vidare til Skihellevatnet, over skaret ved Skihellesvodene og ned Skihelledalen til Røyrhussetra og fram til Røyrhus. Ein flott tur på 15 kilometer.

For å kome  til utgangspunktet køyrer ein Rv 15 fra Stryn mot Oppstryn. Køyr ca 10 km fra Stryn sentrum og ta av mot Flo. Køyr så ca 500 meter til ei lita bru. Der er det skilt som viser veien til Skihella.

P1070703

P1070704

P1070706Det går skogsvei/skogsbilvei til Inigardsetra, men eg vil anbefale å parkere bilen nede ved bilveien og bruke beina. Det er god trim og trening. Det er ein bratt vei, ca 2.5 kilometer til setra, men da har ein fått unna mange høgdemeter.

P1070710     P1070712

Bilde: Parker ved eit vedlager og ta beina fatt. Det blir fin utsikt etterkvart.

P1070713      P1070714

Skogsveien opp til Inigardsetra går gjennom beite. Det er derfor viktig at alle som ferdes her let att grinda etter seg. Veien opp er tildels veldi bratt, men innimellom blir det slakere og ein får strekke på musklane.

P1070719Utsikten til Storsunde og Mindresunde er flott etterkvart som ein tek høgdemeter.

P1070722Bilde: Inigardsetra 470 meter over havet. 

Stien vidare til Skihella går opp mellom sela. Det er ein tydeleg og god sti oppover Sunnsdalen. Delvis merka.

P1070732   P1070728

P1070734Når ein nermer seg Skihellevatnet ser ein Kvanneskrefjellet/Ramusfjellet. Til høgre for det fjellet ser ein Vatnedalsreset.Her er ein fin tur over til Frøysa.

P1070738   P1070739  Haustfarger i fjellet.

P1070743   Etter 900 høgdemeter er det godt med påfyll på flaska.

P1070746   Stryn T&Il har trimpost ved Skihellevatnet.

P1070749Ved Skihellevatnet er det godt med ein pause. Her er det ikkje mange lyder som bryt stillheita. Godt å setje seg ned og nyyyyte. Hytta som ligg ved vatnet er privateigd. Vis respekt om ein tar pause heilt inntil hytta.

P1070752   P1070751

Bilde 1: Dyregrav?  Bilde 2: Det ligg 3 hytter ved Skihellevatnet.

P1070754Bilde: Skihellevatnet. Klart og fint vatn med mykje fisk.

Ein er så vant til å gå i opptrakka stier/løyper og i andre sine fotspor at ein ikkje tek turen om ein må finne veien og ta veivalga sjøl. Fra Skihella, over Skihellesvodene og ned i Skihelledalen er der ikkje sti. Da må ein ta eigne veivalg og lese terrenget. Der står enkelte små varder  i nedstigninga til Skihelledalen. Ha gjerne eit kart i sekken. Denne turen ligg på kartblad 1318 I, Stryn.

P1070758  Botnenibba 1372 moh. Grensefjell mellom Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal.

P1070759Bilde: Her fra oppstigninga fra Skihellevatnet til Skihellesvodene.

P1070763Når ein er komt opp i skaret ved Skihellesvodene,  ein komt opp til Skihella ca 1000 moh.  Her  har ein eit fantastisk utsyn mot Skihelledalen, Røyrhusdalen og gardane på Røyrhus. I tidlegare tider hadde  bøndene i Stryn sauene og kyrne sine på beite i Skihelledalen.

P1070765Bilde: Skihellesvodene.  

Når ein er komt ned i Skihelledalen er det ein del myr,men det er ikkje vanskeleg å ta seg fram. Går ein mot ei lita hytte som ligg i dalen vil ein finne sti/rås der i fra og ned til Røyrhussetra.

P1070768

P1070770Bilde: Fra denne hytta er det sti ned til Røyrhussetra. Røyrhusnibba til venstre.

P1070774   P1070780 

Skilt som viser vei til Røyrhussetra. Stien er fin ned i dalen.

P1070788Røyrhussetra med Botnenibba i bakgrunnen. Stien kjem ned til setra til venstre for Botnenibba(bilde). Frå Røyrhussetra og fram dalen til gardane på Røyrhus er det fin grusvei. Ca 3 kilometer.

Det er også ein fin tur om ein går fra Røyrhus og inntil setra. Godt eigna både for sykkel og barnevogn. Fram gjennom dalen svinger Tverrdalelva seg. Den ligg stilt og roleg inne ved setra. Her er det gode muligheiter for rasting på elvebredda.

P1070791   P1070796  Flott vei for sykkel og barnevogner.

P1070792

 

P1070800Om ein går denne turen kan logistikken være ei utfordring, men ein har sikkert noken som kan hente når ein er komt ned fra fjellet. Grusveien fra Røyrhus til Røyrhussetra er bomvei. Så husk å ta med penger til avgifta.

Anbefaler også som eit alternativ å ta turen fra gardane og inn til setra i Røyrhusdalen. Ein flott tur om ein skal hente dei som har gått over fjellet.

Denne turen er også fin å ta om vinteren, da helst fra Røyrhus og mot Storsunde.

TA TUREN SOM IKKJE SÅ MANGE ANDRE HAR TATT. NYT STILLHEITA OG HAUSTFARGANE.

Reklame

Den Tronhjemske postvei – Over Ljøbrekka

 

Dette innlegget skal handle om ein ny bit av Den Trondhjemske postvei. Eg har idag gått ein aldeles nydeleg tur. Må berre anbefale den på det varmaste. Turen over Ljøbrekka kan ein gå både fra Ljøen og fra Herdalen på Strandasida. Eg anbefaler å gå ifra Herdalen. Da får du den enklaste reisa. Herdalen ligg ca 100 m høgare enn Ljøen.

P1050320

Utgangspunktet mitt er Herdalen. Ved parkeringsplassen når ein har køyrd gjennom den 3 km lange Ljønibbtunellen/Hamrejøltunellen, siste tunellen fra Hellesylt mot Stranda. Her har det i dei siste åra blitt bygd store sikringsvoller mot ras. Du finn enkelt parkringsplassen.

Det er ikkje vanskeleg å finne starten på veien. Den går rett opp bak skiltet.

P1050268

Veien går i fin stigning inn dalen.  Det er flott underlag og gå på og ein kan nyte susen/duren av elvane som kjem ned fjellsidene.

P1050270   P1050273

Veien er merka med raude merkjer på steinar langs traseen.Når ein kjem opp på første høgda er der gamle murer og eit slags uthus. Her har også Stranda il trimbok.

P1050275  P1050276

 

Når ein no går vidare ser ein ei bru. Denne er veldi breid, og ein kan lure på om det er ei bru som vart laga i forbindelse med veiprosjektet som pågjekk under krigen..

P1050277

Ein kjem no til Fremste Herdalsvatnet. Ei idyllisk perle. Her er det laga til med bord og benkjer så ein kan ta ein pause og nyte stillheita. Eg må innrømme at da eg gjekk turen i dag var inntrykka så store at det var vanskeleg å fordøye. Tankane gjekk til dei som bygde veien og dei som skulle bære fram posten og andre ærend i all slags veir.

P1050282

Når ein går inn langs med vatnet kan ein så vidt skimte veien kor den svinger seg opp Brekka.

Ein ser mange spor etter vegprosjektet som pågjekk under krigen.

P1050290

P1050294    P1050286

Når ein er komt heilt i dalbotnen ser ein tydeleg dei 22 svingane som går opp Brekka. Ein kan godt tenkje seg at dette var ein strevsam tur om vinteren i all slags veir. Alle svingane er nummererte så ein held tellinga.

P1050285   P1050300

Det har somme plasser gått jord og steinras over traseen, men det er ikkje vanskeleg å passere. Ein ser også at traseen held på å gli ut enkelte plasser. I dag (27/5) var det snø i øverste svingane. Sving 14, 16 og 18 var snødekt, men det gjekk fint å kutte svingane og kome vidare.

P1050309

Når ein er komt på toppen av Herdalsbrekka ca 800 moh har ein flott utsikt nedatt Herdalen.

P1050313

Turskilt viser at her er andre turmuligheiter også. Godt merka med skilt og raude merkjer på steinane.

P1050321

Eg gjekk ein liten avstikker fra postveien og gjekk fram på eit utkikkspunkt. Dette ligg ca 200 m fra traseen. Og ein får her ein smakebit på kva som venter ein når ein kjem litt lenger og nærmer seg Ljøsetra. Sola varma godt på fjellet i dag og det lukta godt av sol og lyng. Om du let att augene….. kan du kjenne den lukta????

P1050340

Etter å ha tatt avstikkaren til utsiktspunktet går postveien vidare ned til Nykkjevatnet. I dag låg der fremdeles is på vatnet og det blir ei stund til denne båten kan brukes.

P1050350

Når ein går langs med postveien ser ein steiner som er lagt i hop til ein firkant. Dette er telefundament. Telelinja vart ein del av gamalvegmiljøet fra 1896.

P1050344

Etter å ha passert ei høgd etter Nykkjevatnet så går det unnabakkjen. Da er det fin trasee ned til Ljøsetra. Det var kjekt å sjå at blåbærlyngen var full av blåbærviser. Da er det håp om at ein enkelte plasser kan finne blåbær etter kvart.

P1050362

P1050366

På Ljøsetra er endestasjonen for løypestengen som kjem fra gardane på Ljøen. Ein kan godt forestille seg at det var til god hjelp i det bratte terrenget. Vær oppmerksom på vaieren fra løypestrengen når ein går nedover mot Ljøen. Vaieren ligg fleire stader over stien/råsa. Kan i spessielt lys være vanskeleg å sjå.

P1050371

No går turen i fin rås ned bakkane. Utsikten er fenomenal. Langt der ned er  Sunnylvsfjorden, Korsfjorden og Geirangerfjorden.

P1050379

Stien slynger seg ned fjellsida. Fra sjøen og opp til Ljøsetra er det 35 svinger. Usikker på kor mange det er ned til riksveien. Denne ruta av postveien var delevis i bruk heilt fram til tunellane kom i 1962.

Det er mange fine plasser å setje seg ned og nyte den flotte utsikten.

P1050396

Når ein er komt ca halv veis ned fra setra kjem ein fram på eit parti som er oppmura. Det var i 1930 planer om bilvei over Ljøfjellet og det vart to alternativ som var aktuelle. Arbeidet kom i gang under andre verdenskrig, men vart avslutt etter kort tid. Spora etter anleggsarbeidet ligg fremdeles godt syneleg i terrenget. Det gjeld også det påbegynte tunellinnslaget på Herdalsida.

P1050413

Når ein nærmer seg riksveien ser ein det nye utsiktspunktet som er laga til for turister.

P1050421

Her er det gode parkeringsmuligheiter. Det som kan være ei utfordring når ein skal gå denne turen er å kome seg tilbake til utgangspunktet om det er der ein har bilen sin. Om ein ikkje vil gå begge veier da. Det er sjølvsagt ei muligheit. Eg kom i prat med nokre nederlanske turister og da spurte eg like godt om eg kunne få sitje på gjennom tunellen 🙂

Eg prøvde også å finne postveien fra Ljøen og ned til sjøen. Den fann eg ikkje så må gjere meir forarbeid når ein ikkje er kjende. Men eg fann ut at der var fleire garder i den bratte fjellsida. Så fekk meg ein fin spasertur ned bakkane på grusveien. Og da vart det varmt da. Sommer temperatur og sommerlukt. Hegg og andre blomstrer. Kom fram på gamle skulen på Ljøen. Midt ned i bakkane.

P1050437

Til og med flate parti og forhauster hadde dei på gardane her.

P1050439

Anbefaler å lese litt historie om denne biten av Den Trondhjemske postveien.

https://www.stranda.kommune.no/artikkel.aspx?aid=191&MId1=954&tid=51

Har også lyst til å nemne den flotte bilturen det er å køyre inn gjennom Hondalen og til Hellesylt. Blå himmel, store fine grønne marker, nysprungen bjørkeskog og snøen som enda ligg på dei mange fjelltoppane. Nesten vanskeleg å halde seg på veien.

P1050396