Storesunde – Skihella – Røyrhus

Eg har lenge vore fasinert av dei gamle ferdselsveiane mellom dei ulike bygdelaga. Tanken på korleis folk før i tida tok seg fram, tida dei brukte, børene dei frakta og slitet dei hadde i all slags veir for å kome seg fram  kan være overveldande. Det er store kontraster til korleis vi no reiser mellom bygdene.

Mellom  Indre Nordfjord og  Sunnmøre er det fleire overganger som vart nytta som ferdselsveier. Ein av dei mest brukte var  veien mellom Vollset og Flo, men også overgangen mellom Knutsdalen i Hornindal og Kyrkjeeide i Stryn vart nytta.

Turen eg skal skrive om denne gangen er turen fra Storesunde til Inigardsetra, vidare til Skihellevatnet, over skaret ved Skihellesvodene og ned Skihelledalen til Røyrhussetra og fram til Røyrhus. Ein flott tur på 15 kilometer.

For å kome  til utgangspunktet køyrer ein Rv 15 fra Stryn mot Oppstryn. Køyr ca 10 km fra Stryn sentrum og ta av mot Flo. Køyr så ca 500 meter til ei lita bru. Der er det skilt som viser veien til Skihella.

P1070703

P1070704

P1070706Det går skogsvei/skogsbilvei til Inigardsetra, men eg vil anbefale å parkere bilen nede ved bilveien og bruke beina. Det er god trim og trening. Det er ein bratt vei, ca 2.5 kilometer til setra, men da har ein fått unna mange høgdemeter.

P1070710     P1070712

Bilde: Parker ved eit vedlager og ta beina fatt. Det blir fin utsikt etterkvart.

P1070713      P1070714

Skogsveien opp til Inigardsetra går gjennom beite. Det er derfor viktig at alle som ferdes her let att grinda etter seg. Veien opp er tildels veldi bratt, men innimellom blir det slakere og ein får strekke på musklane.

P1070719Utsikten til Storsunde og Mindresunde er flott etterkvart som ein tek høgdemeter.

P1070722Bilde: Inigardsetra 470 meter over havet. 

Stien vidare til Skihella går opp mellom sela. Det er ein tydeleg og god sti oppover Sunnsdalen. Delvis merka.

P1070732   P1070728

P1070734Når ein nermer seg Skihellevatnet ser ein Kvanneskrefjellet/Ramusfjellet. Til høgre for det fjellet ser ein Vatnedalsreset.Her er ein fin tur over til Frøysa.

P1070738   P1070739  Haustfarger i fjellet.

P1070743   Etter 900 høgdemeter er det godt med påfyll på flaska.

P1070746   Stryn T&Il har trimpost ved Skihellevatnet.

P1070749Ved Skihellevatnet er det godt med ein pause. Her er det ikkje mange lyder som bryt stillheita. Godt å setje seg ned og nyyyyte. Hytta som ligg ved vatnet er privateigd. Vis respekt om ein tar pause heilt inntil hytta.

P1070752   P1070751

Bilde 1: Dyregrav?  Bilde 2: Det ligg 3 hytter ved Skihellevatnet.

P1070754Bilde: Skihellevatnet. Klart og fint vatn med mykje fisk.

Ein er så vant til å gå i opptrakka stier/løyper og i andre sine fotspor at ein ikkje tek turen om ein må finne veien og ta veivalga sjøl. Fra Skihella, over Skihellesvodene og ned i Skihelledalen er der ikkje sti. Da må ein ta eigne veivalg og lese terrenget. Der står enkelte små varder  i nedstigninga til Skihelledalen. Ha gjerne eit kart i sekken. Denne turen ligg på kartblad 1318 I, Stryn.

P1070758  Botnenibba 1372 moh. Grensefjell mellom Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal.

P1070759Bilde: Her fra oppstigninga fra Skihellevatnet til Skihellesvodene.

P1070763Når ein er komt opp i skaret ved Skihellesvodene,  ein komt opp til Skihella ca 1000 moh.  Her  har ein eit fantastisk utsyn mot Skihelledalen, Røyrhusdalen og gardane på Røyrhus. I tidlegare tider hadde  bøndene i Stryn sauene og kyrne sine på beite i Skihelledalen.

P1070765Bilde: Skihellesvodene.  

Når ein er komt ned i Skihelledalen er det ein del myr,men det er ikkje vanskeleg å ta seg fram. Går ein mot ei lita hytte som ligg i dalen vil ein finne sti/rås der i fra og ned til Røyrhussetra.

P1070768

P1070770Bilde: Fra denne hytta er det sti ned til Røyrhussetra. Røyrhusnibba til venstre.

P1070774   P1070780 

Skilt som viser vei til Røyrhussetra. Stien er fin ned i dalen.

P1070788Røyrhussetra med Botnenibba i bakgrunnen. Stien kjem ned til setra til venstre for Botnenibba(bilde). Frå Røyrhussetra og fram dalen til gardane på Røyrhus er det fin grusvei. Ca 3 kilometer.

Det er også ein fin tur om ein går fra Røyrhus og inntil setra. Godt eigna både for sykkel og barnevogn. Fram gjennom dalen svinger Tverrdalelva seg. Den ligg stilt og roleg inne ved setra. Her er det gode muligheiter for rasting på elvebredda.

P1070791   P1070796  Flott vei for sykkel og barnevogner.

P1070792

 

P1070800Om ein går denne turen kan logistikken være ei utfordring, men ein har sikkert noken som kan hente når ein er komt ned fra fjellet. Grusveien fra Røyrhus til Røyrhussetra er bomvei. Så husk å ta med penger til avgifta.

Anbefaler også som eit alternativ å ta turen fra gardane og inn til setra i Røyrhusdalen. Ein flott tur om ein skal hente dei som har gått over fjellet.

Denne turen er også fin å ta om vinteren, da helst fra Røyrhus og mot Storsunde.

TA TUREN SOM IKKJE SÅ MANGE ANDRE HAR TATT. NYT STILLHEITA OG HAUSTFARGANE.

Reklame

Erdalsetra – Vetledalsetra

P1070612

Erdalen skjærer seg sørvestover fra Strynsvatnet mot Erdalsbreen. Dalføret er ein brei U-dal med kulturlandskap og høge fjell på begge sider. Gjennom dalen renn Erdalselva.

Turen inn Erdalen til Vetledalsetra er ein forholdsvis enkel og lett gått tur. Naturen er majestetisk med spor fra tidlege tider da dette var ferdselveg over Jostedalsbreen. Heilt fram til tidleg på 1900- talet var denne veien nytta som ferdselsveg og drifteveg. Brevandring og turisme starta tidleg på 1800- talet.

P1070617På vei til utgangspunktet, Greidung, som ligg lengst inn i dalen køyrer ein forbi store, flotte og flate garder. Omkransa av mykje fjell og blankskurte fjellsider.

P1070620Rett før ein kjem til Greidung er det parkeringsplass. Der er også ein flott og innbydande rasteplass. Her kan ein ta dei siste forberedelsane til turen. Også fint å benytte om skal vente på følget sitt etter turen.

Ein kan også velge om ein vil køyre vidare. Køyrer ein gjennom tunet på Greidung så kjem ein til «bomstasjonen».

P1070622

Eg har tatt utgangspunkt på parkeringsplassen. Turen inn til Vetledalsetra er 6 kilometer med ein høgdeforskjell på ca 450 meter. Dei første 200 høgdemeterane er på grusvei. Der etter er det tre parti som er stigning. Første partiet møter ein rett etter Loppeset. Så er det ei stigning opp Hesthammarane. Den siste stigninga er på vei til Vetledalsetra. Opp Reset.

P1070625   P1070626

Bilde 1: Erdalselva som renn ned fra Loppeset.  Bilde 2: Greidungtunet med Greidunghyrna i bakgrunnen.

P1070628 Her bør alle som køyrer til Loppeset betale avgift.

P1070630   P1070634

Grusveien fra Greidung  til Loppeset er lett å gå og eg anbefaler å ta heile turen fra parkeringsplassen. Her ser ein tydeleg at det har vore nedlagt mykje arbeid i tidlegare tider for å få den til. Mange og store muringer.

P1070637Har ein gått fra Greidung er det godt å setje seg ned og nyte utsikten når ein kjem eit stykke opp i bakkane. Her ser ein gardane i Erdalen, Oppstynsvatnet, Flo og Fedalsnibba midt i bildet.

P1070639  Ta deg tid til  å lese info skilt.

P1070641   P1070643

Om ein køyrer bomveien så køyrer ein til Loppeset. Der er det parkeringsmuligheiter. Her fra er det brei vei eit stykke før ein tek av til venstre opp stien.

P1070642

P1070646  Bilde: Eit lite skilt fortel at ein er komt inn i Nasjonalparken.

P1070648   P1070684

Når ein går inn dalen ser ein tydeleg at dette er ein sti som er jobba med. Store steiner og heller er lagt godt tilrette så stien skal holde seg. Dette er truleg gjordt i den tid den vart nytta som drifteveg/ferdselsveg over breen.

P1070651Bilde: Erdalsetra/ Storesetra/ Heimesetra kjært barn har mange namn.

P1070655  Bilde: Kunne vore tatt rett ut av Freiareklamen.

Gardane som har seter her har storfe og sauer på beite. Her er store flate områder på begge sider av breelva.

P1070658   P1070660

Veien vidare fra Erdalsetra til Vetledalsetra går på nedsida av setrehusa. Eit lite skilt viser kvar ein skal gå. Stien snor seg mellom steinar før den igjen blir jamn og fin.

P1070661   P1070662  Bilde: Litt trolling her….

P1070664   P1070667

Bilde 1: Fin og flat sti inn dalen. Bilde 2: Her er ein komt opp siste stigninga inn mot Vetledalsetra.

P1070682På veien til Vetledalsetra går ein opp ei stigning og kjem opp på Reset. Her har ein flott utsikt framatt dalen. Her ser ein dei store flatene og områda som beitedyra har.

P1070673Vetledalsetra ligg på ca 600 moh. Her har DNT (Turistforeninga) ei sjølvbetjent hytte. Vetledalsetra er eit flott utgangspunkt for turer inn på Vetledalsbreen og  Erdalsbreen. Har ein brekunnskap og utstyr kan ein gå feks. til Slæom, Fåbergstøylen eller Lodalskåpa. Det er også her turistforeninga har utgangspunkt for den tradisjonelle breturen «Josten på langs».

P1070675   P1070676 P1070679   P1070680

Turistforeninga si sjølvbetjente hytta er restauret og har seks sengeplasser og fire ekstra madrasser. Ein flott tur og ta med barn på ekspedisjon, og overnatte på hytta. Ei oppleving der stearinlys og utedo må gjere nytta.

P1070681Turistforeninga si sjølvbetjente hytte ligg fint under den mektige Strynekåpa (1530m). Til venstre for hytta ser ein inn Storedalen mot Ulvestigen, oppgangen til Erdalsbreen.

P1070683Veiret skifter fort og regnbygene kjem fort over breen og ned dalen. Her er det både sol og regn.

UTFORSK NÆROMRÅDET, TA I BRUK ALLE DELER AV KOMMUNEN. GOD TUR!

Blånibba – ein enkel topptur / rundtur om Holesetra

Utgangspunktet  for denne turen er det flotte skianlegget til Markane il, Ullsheim. Dette er ein enkel topptur med flott utsikt. Blånibba ligg 1043 meter over havet. Fra Ullsheim, som ligg ca 350 meter over havet, og til toppen er det ca 4 kilometer. Tar ein tida til hjelp går det fint ann å ha med barn ned i 5-6 års alderen på denne turen.

P1060902Bilde: Her ser ein Blånibba midt på bildet. Lenger bak ligg Gulkoppen.

Eg har valgt å gå eit stykke i løypetraseen som Turløyper Stryn AS  har opparbeida.  Hold til venstre for løypebrua på stadion og fortset ned bakken til myra. Gå til høgre for furuene midt på bildet og følg traseen motebakka.

P1060904Ein kjem da inn på den asfalterte  ruleskibana og ein går den eit stykke til ein kjem til ein lunneplass for tømmer. Her tek ein av til venstre. Som skilta viser så er det fleire turalternativ i området.

P1060907   P1060908

Ein forlet no asfalten og går vidare på løypetraseen som går motebakke. Den svinger seg fint opp bakkane og snart er ein komt opp til Gamlesetra. Her var det fra gammalt av seter for gardane i Grenda, men den vart flytta lenger opp i bakkane. Ein kan enno sjå litt av tuftene av husa.

P1060915Bilde: Utsikt fra Gamlesetra mot Hornindalsvatnet og Heggjabygda. Ein skimter også så vidt garden Jutedal.

Frå Gamlesetra velger eg den gamle setreråsa siste stykket til Grendasetra. Her har ein også muligheit til å fortsetje på løypetraseen til ein er på setra.

P1060921   P1060922

Bilde: Turløyper Stryn v/Arvid har sett opp skilt langs traseen. 

P1060924  Bilde: Råsa er enkel å finne sjølv om den ikkje er merka.

P1060926Bilde: Grendasetra. 

P1060930Bilde: Her på dette selet har Markane il trimbok. Her er også ein god benk å kvile på. Vis hensyn ved bruk. Ta med søppel heim!!

P1060931Flott utsikt fra Grendasetra. Ein ser skianlegget Ullsheim, gardane i Grenda og Svingesetvatnet. Ein skimter også Langesetvatnet og fjorden.

Turen vidare går over setrevollen og  opp bakken rett bak setrehusa, rett før fjøsen.

P1060947

P1060948På bakketoppen bak setra er det sett opp benk og bord. Her er det fint å kvile. Ta inn fjell lufta og nyte utsikten.

P1060950Bilde: Stien/råsa er ikkje alltid like tydeleg, men tek ein seg tid så ser ein kor det er trakka. Ein skal motebakka.

P1060952Bilde: Når ein er komt opp om tregrensa, kjenner ein naturens rus spre seg i kroppen. Her er det åpe landskap og ein får «luft under vingene».

P1060957  Bilde: Her ser ein toppen av Blånibba fra Smalurvarden

P1060959  Bilde: Utsikt sørover fra Smalurvarden

P1060964   P1060965  Bilde: Blånibbvatnet.

Her er det berre å vrenge av seg kleda og hoppe uti.

P1060966Eit friskt morgenbad i Blånibbvatnet er berre heilt fantastisk. Ein kan sjå på bildet kor stilt det er her oppe. God temperatur og klart vatn. Vidare herfra går turen under toppen og så svinger ein til venster fram att til varden.

P1060970  Bilde: Varden på Blånibba. Flott utsikt.

P1060973Fra toppen av Blånibba ser ein den delen av Markan som ligg lengst vest og som grenser mot Hornindal kommune. Ein ser bygdene rundt Hornindalsvatnet som ligg i Eid kommune.

P1060974Her ser ein gardane i Grenda,Svingesetvatnet, skianlegget Ullsheim, Langeset, Langesetvatnet og ein del av gardane i Sør Markane. Ein ser Faleidefjorden og Frøholm, Hildaneset, Innvikfjorden, Utvik og øverste del av Blakset.

P1060975Her skimter ein så vidt litt av Stryn sentrum mellom Gryta og Årheimsfjellet.

P1060976Fra Blånibba er det muligheiter for å gå både lenger og høgare. Gulkoppen, som ein ser på bildet, ligg på 1306 metre over havet.

Eg valgte å gå vidare fra Blånibba til Holesetra. Det blir ein fin rundtur på ca 8 kilometer. Det er ikkje merka sti/rås, men stedvis finn ein sti. Det er mange alternativ å gå til Holesetra. Eg gjekk fra varden på Blånibba og  rett aust over. Terrenget går først flatt så slakt unna.Vegetasjonen er lav.

P1060981

P1060982Når ein har gått eit stykke austover kjem ein så lang at ein ser ned til Holesetra. Ein ser litt av løypetraseen til Turløyper Stryn AS som snor seg så fint i terrenget. Siste stykket ned til setra går i eit terreng som er blanding av myr, lyng og stein.

P1060985

P1060987Her på Holesetra er det fint å ta ein pause. Sjølv om elva durer godt er det mulig å nyte stillheita. Går ein nær setrehusa så vis hensyn og sjølvsagt tek ein alltid med seg søppelet heim om ein raster.

Denne rundturen fortset no i løypetraseane tilbake til Ullsheim.

Holesetra er eit populært mål for mange turgåere. Dette fordi Arvid i Turløyper Stryn har laga til så fine tursti/løypetraseer opp dit. Dei traseane kan ein ikkje skryte nok av. Det er  mange som nytter seg av desse flotte løypene, både sommer og vinter. Det er rein luksus å kunne bruke dette anlegget når ein vil uansett årstid. Å lage til og å holde eit slikt anlegg vedlike koster mykje penger. Husk å betale medliemskontingent. Alle traseane er også godt merka med skilt som viser alternative ruter og vanskegrad.

På Holesetra, ved skilttavle og kvileplassen, har Markane il og Stryn T&Il trimposter.

P1060990Langs med traseane har Arvid laga til med kvileplasser. Her er det muligheiter for alle å ta ein pause. Husk å rydde etter deg når du er ferdig.

P1060992

 

P1070001   P1060998

Løypetraseane er fine både om sommeren og vinteren. Om sommeren  er det fint både for dei som går, bruker sykkel, permobil og barnevogn.

P1060996

P1070003   P1070004

Langs med traseane er graset slått på kantane. Berre å nyte turen for både små og store.

Markane il har bygdt eit fantastisk anlegg, Ullsheim. Eit imponerande anlegg med stor skistadion, skiskytterstadion, rulleskibane og mange kilometer med lysløyper. Ei grillhytte «Årestova» er også bygd dei siste åra. Denne hytta står åpen og er ein sosial samlingsplass. Her kan ein gå inn og ta ein velfortjent pause. Bruker ein av veden så betal i den oppsette kassa. Nytter ein seg av desse flotte plassane så må ein huske å rydde etter seg og ta med alt søppel heim.  Årestova kan også tingast til private arrangement.

P1070007Bilde: Skianlegget Ullsheim i Markane. 

P1070008Bilde: Gapahuk som står ved skileikebakken på Ullsheim. Her er det fint å ete matpakken sin.

P1070015 Årestova på Ullsheim. Ei flott grillhytte som står åpen og som kan nyttast av alle. Også uteområdet er fint tilrettelagt med bord, benker og bålpanne. Om ein nytter desse tilbuda må ein vise stor varsemd med åpen ild. Området må sjølvsagt ryddes når ein har brukt det.

GOD TUR TIL FJELLS. NYT DEN FANTASTISKE NATUREN VI HAR RUNDT OSS. TA GODT VARE PÅ DEN!!

 

 

 

 

Skredestranda – Hopland

P1060657

Dette er ein flott  tur som går fra Nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, og over til Nordfjorden.

Ein kan også gå turen motsatt vei. Da er den meir barnevennleg, med slak stigning på begynnelsen og bratt ned mot Hornindalsvatnet på slutte.

Eg har gått turen fleire ganger og vil anbefale den her. Eg har gått turen fra Skredestranda. Det er ein forholdsvis lettgått tur, sjølv om oppstigning fra Skredestranda er bratt. Det betaler seg med ein fantastisk utsikt over Hornindalsvatnet og bygdene rundt når du kjem opp om skoggrensa.

For å kome til utgangspunktet køyrer ein Rv 15 til Skredestranda. Om ein kjem fra Stryn så er det eit lite stykke før Breisvortunellen. Og om ein kjem fra Eid, så må ein eit lite stykke forbi Breisvortunnellen.

P1060606

 

P1060607Her er avkøyrsla der turen starter. Eit lite skilt i buskene fortel at her går veien til Hopland. God plass til å parkere bilen.

Det er nokre år sidan eg har gått her og når ein veit kor det gror igjen alle plasser så var eg spent på korleis stien/råsa var.

P1060608   P1060609

Det første stykket går ein på skogsvei. Den var ganske attgrodd, men etter eit stykke kjem ein til skilt som viser vei til Fura. Her tek ein av og  der i fra er stien tydeleg. Ved Fura har Von i.l trimpost.

P1060610   P1060613

Stien/råsa er merka med skilt første delen.

P1060618   P1060617

Ein kjem til eit stidele opp i bakkane. Og når ein ser seg god rundt så ser ein eit lite skilt opp på treleggen. I stidele tek ein til høgre.

P1060619   P1060625

Om ein ser godt etter på veien opp bakkane så ser ein eit og anna merke som tyder på at ein er på rett vei. Stien er god så det er ikkje vanskeleg å finne fram. Er ein i tvil så stopp opp og sjå deg rundt, så finn ein veien vidare.

P1060629   P1060631

Når ein er komt opp til Fura åpner landskapet seg og ein ser Hornindalsvatnet langt der nede. Ein kan også sjå det svære såret som vart i terrenget etter jordskredet som gjekk i november. Det blir no etterkvart åpnare landskap og meir utsikt.

Litt lenger opp forbi Fura kjem ein til ei elv som kan være god på varme dager. Både for å fylle vannflaskene og til å avkjøle seg.

P1060637

 

Vidare fra elva er råsa utydeleg. Ein kjem opp i meir myrlendt terreng. Eg følgde elva eit stykke. Her er også andre turmål. Ein kan gå gjennom Henneskaret og til Hennebygda.

P1060641   P1060640

P1060643

Når ein går opp desse myrsiga og opp på kanten, åpner landskapet seg i ein herleg plass. Da er ein komt opp til Kvanndalsvatnet. Ein stille og fredeleg plass langt fra folk. Å setje seg ned her, sjå og høyre fiskane hoppe og det er den einaste lyden ein høyrer, det er balsam for sjela.

P1060647

Bilde: Fin leirplass ved Kvanndalsvatnet.

Når ein går vidare føl ein merka sti aust over, litt til høgre i dalføret. Da går ein i åpe terreng og i slak stigning mot Mosehogane.

P1060651   P1060650

Bilde: Eit går forbi dette lisje krypinnet og fortset på merka sti opp dalføret.

Snart er ein oppe på Mosehogane. Her har ein eit storslagent utsyn over Hornindalsvatnet og bygdene rundt. Ein ser mot Eid, Lindvika, Åsebøen, Heggjabygda, Strand, Furefjerding og Navelsaker. Ein ser også gardane på Skrede.

P1060654

P1060655

P1060656

P1060660Utsiketn andre veien er også fin. Her ser ein Innitunstøylen, litt av gardane på Rand,ein ser Nordfjorden, fjella i Gloppen og heilt inn på Jostedalsbreen.

P1060661  Bilde: Fin sti over Skarsmyra mot Hopland.

P1060664Bilde: Innitunstøylen.

Stien/råsa ned fra Mosehogane er fin og lett å finne. Det er slak unnabakke heile veien. Ein går på høgre sida av elva og ein ser Innitunstøylen på andre sida.

Etterkvart møter ein grusveien og parkeringsplassen. Her kan ein bli henta med bil. Eller ein kan velge utgangspunktet for turen her i fra. Denne grusveien er bomvei så husk penger til veiavgifta.

P1060665

P1060666Bilde: Om utgangspunktet for turen er på denne parkeringsplassen, så ta råsa/stien til venstre. Ikkje veien.

Om ein velger å gå grusveien ned til bygda får ein ein fin tur unnabakken med mange inntrykk.

P1060668

P1060672Her ser ein Nykvia. Ein flott plass med samling av løer og gardfjøser. Før i tida var dyra her ei stund før dei kunne gje seg i veg til støylane og fjellbeite. Her er det fint vedlikehalde og no  laga til for grilling og sosialt samvær.

P1060674   Bilde: Om ein vil køyrer opp til parkeringsplassen ved Innitunstøylen så husk å ta med penger til bomavgifta.

P1060677Her kjem ein ned til Panoramaveien om ein går heile veien fra Innitunstøylen. Velger ein å starte fra Hopland kan ein køyre eit godt stykke opp i terrenget, mot Innitunstøylen.

Denne turen er vel 6 kilometer fra Skredestranda og  ned til parkeringsplassen ved Innitunstøylen.

skredestranda Hopland

 

P1060680Om ein går 900 meter inn i bygda til skulen finn ein åpen kafe. Koseleg å få seg noke godt etter ein flott tur.

P1060679 For å kome heilt ned til Nordfjorden, tek ein veien der skiltet viser Hopland kai. Flott tur ned bygda.

 

TA TUREN DU OGSÅ. PRØV NOKE SOM KANSJE IKKJE SÅ MANGE HAR GÅTT. ØNSKER ALLE SOM PRØVER TUREN EI FANTASTISK OPPLEVELSE.

Flofjellveien.

P1060235

Flofjellsveien går mellom bygdene Vollset i Sunnylven og Flo i Stryn. Dette er ein gammal ferdselsvei som er tatt godt vare på og som er mykje brukt både av fastbuande, av cruisturister og for andre som er i området. Dette er eit fantastisk turområde. Ein tur som egner seg for heile familien. Det går fint ann å ta med barnevogn..

Vegen har eit fint underlag. Det er stort sett grusvei med innslag av nokre steinete parti. Den er brei og fin meste parten av turen. Berre eit stykke forbi Stegholen er det litt smalere.  Frå Vollset til toppen av Flofjellet er det svak stigning. Fra Flofjellet og ned til bygda Flo er det bratt nedstigning.

Veien har ei historie som eg ikkje kjende til før googla litt om turen og les informasjonen som var langs veien. At gardane Vollset og Brekke sokna til Innvik og Stryn prestegjeld fortel litt om den veien dei måtte gå for å kome til kyrkje i gamle dager. Veien vart også brukt som postvei, friarvei og handelsvei.

Da eg starta på turen så tenkte eg at dette her blir vanskeleg å formidle. Inntrykka var så mange. Ord blir så fattige når ein skal beskrive naturen og stemninga ein opplever. Eg vil prøve å gje ein liten bit av det, resten må ein oppleve sjølv.

Denne turen er ca 10 kilometer  og med høgdeskilnad på 355-540-212 moh.

Flofjellet

Men lat oss starte turen….

For å kome seg til Vollset, køyrer ein Fylkesvei 60 til Hellesylt. Når ein kjem ned til sentrum, er det skilta til Flofjellvegen til høgre. Da køyrer ein 12 kilometer innover Sunnylvbygda. Også bilturen inn dalen er flott. Korsbrekkelva med sine laksetrapper er fin å sjå på. Ein køyrer forbi Helset, Frøysa, Hole, Bjørdal, Brekke og kjem til Vollset.  Opp bygda ser ein mange store, fine og velstelte garder.

Når ein kjem heilt opp til Vollset (siste garden) står der skilt vidare til parkering Flofjellet. Ein køyrer da ca 500 meter lenger fram.

P1060106

 

P1060105Veien er godt merka så det er ikkje fare for å gå feil. Respekter skiltet som fortel at det ikkje er lov å køyre lenger.

P1060110    P1060111

Logistikken kan være ei utfordring på denne turen. Vi valgte å ta med ein sykkel og Stig var den som sykla fram og tilbake for så å køyre til Flo for å hente meg.  Avtal gjerne med nokon om å bytte bil. Da kan ein ta felles matpause når ein møtes på fjellet.

P1060113Her ser ein tilbake til gardane på Vollset.

P1060114Ei gammal utelade som heilt sikkert har tjent til sitt formål i si tid.

P1060115   P1060116

 

Det er ein del grinder/led langs veien. Det er veldi viktig at ein let dei att etter seg da det er beitande dyr i området.

P1060121Det var lavt skydekke denne dagen, men sola jobba hardt og fekk tilslutt varma lufta slik at dei lave skyene forsvant. Grønt og frodigt heile turen.

P1060123Der ein måtte passere elver var det bygt gode og robuste bruer. Brukara er nok fra mellomkrigstida da det var veiarbeid her for å knyte bygdene på kvar side av fjellet saman.

P1060126

 

P1060129Det er mange inntrykk når ein går på slike stier/veier. Lukta av dyr på beite, elva som buldrer, fuglane som kvittrer og når ein går langs dei tre vatna, Nestevatnet, Stegholvatnet og Angelsvatnet og høyrer «bolgeskvulpinga» da er livet herleg.

P1060135Det er laga til med fine kvileplasser langs veien. Fint å setje seg ned her og nyyyyte stillheita og kansje ein kopp kaffi.

P1060137Ved Nestevatnet var der mange fine naust på rekke og rad. Også båter som låg i terrenget. Kan tyde på at det er fisk i vatnet.

P1060138

 

P1060144Eit av sela ved Nestvassætra.

P1060147  P1060150

Bilde 1: Ein utgått skosåle…..                     Bilde 2: Kva kom først, selet eller steinen??

P1060160Skal tru om dei tre bukkene bruse har gått over denne brua for å kome til seters for å gjere seg feite?

P1060167Veien snor seg vidare og enkelte plasser ser ein slike perler. Små hytter som ligg stilt og fredeleg med utsikt til Stegholvatnet.

P1060182Her i Stegholen er der veien er på det smalast. Det er her det har vore vansklegaste å bygge vei. Hammarane stuper rett i vatnet. På info skiltet finn ein mykje informasjon om veien. Ta deg tid til å lese, enten her på bloggen eller når du tek turen.

P1060179     P1060180

P1060181    P1060183

 

I Stegholen går fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

P1060188   P1060199

Her i Stegholen er veien på det smalaste med bratte hammer rett i vatnet. Anleggsarbeidarane som jobba her i mellomkrigstida sette opp stabbesteiner og ei form for rekkverk. Det er ikkje vanskeleg eller skummelt å gå her. Ein må berre passe litt ekstra på om ein har barn med seg.

P1060207Uten mat og drikke duger fjellvandrere  ikkje :-). Matpause når syklisten kom i retur fra Flo.

P1060212Fjellet i midten er Rinddalshynja. Den ser ein tydeleg fra Stryn sentrum.

P1060216Øvre Flosetra.  Setra for dei øvste gardane på Flo.

P1060225Skihytta på Flofjellet. Den høgaste toppen bak er Fedalsnibba. Les info om skihytta på infoskilt eller på bilda. Gammal stove.

P1060227   P1060231

P1060232

P1060240No er vi på veiens høgaste punkt og ein ser i fjella på andre sida av Oppstrynsvatnet. Heilt til høgre skimter ein Skåla og så ser ein mot venstre Storskrefjellet og Tindefjell.

P1060251   P1060252

Til og med badestrand har dei på Flofjellet. Men som skiltet viser så vis hensyn ved bading.

P1060253Nedre-Flosetra høyrer til gardane lengst nede på Flo.

P1060258   P1060263

Bøndene på Flo har gått ilag om å bygge traktorvei til setrane på Flofjellet. Det er bratt nedstigning fra Øvste brekka.

P1060262Når ein er komt over høgaste punktet på Flofjellet og bjønde unndabakkjen får ein  fantastisk utsikt mot fjella på andre sida av Oppstrynsvatnet.

P1060268Ikkje noke problem å kome seg tørrskodde over elvane. Her er det godt tilrettelagt. Om ein går turen fra Flo og mot Vollset så må ein rekne med bratt oppstigning fra Flo. Høgdeskilnaden på turen er fra Vollset 355-540-212 moh.

P1060272   P1060277

Når ein kjem ned bakkane åpner landskapet seg og ein får eit glim av Flo.

P1060284Det seiest at da Per Bolstad kom ned bakkane her som 11 åring fekk han eit syn som han aldri gløymde. Det skal være her han fekk inspirasjonen til «Fagre Stryn».

P1060291Det er langs veien ein del skilt, men lite informasjon om kva namna betyder. Flott utsikt over Oppstynsvatnet. Når ein no kjem ned på markene og kjenner lukta av nyslått gras da er det sommer!!

P1060293   P1060305

Når ein har gått mellom desse to digre trea er ein komt ned på snuplassen på Øvste Flo. Det ein må passe på om ein starter turen fra Flo er at ein ikkje må parkere på denne snuplassen. Det kan skape problem for anna trafikk som skal nytte snuplassen. Litt før ein kjem fram til snuplassen står der eit skilt og ei postkasse. Det er ein lokal bonde som stiller litt av marka si til disposisjon for parkering.

P1060304

P1060302Flott utsikt mot Erdalen og det mektige fjellet Hjellehynja og med frukttre i framgrunnen.

P1060298

 

Kvamssetra – Flatsteinbu

Søndagen opprant med eit litt usikkert veirbilde. Planen var å kome seg ut på tur. Eg og Stig hadde planer om å køyre til Oldedalen og gå på Kvamssetra og kanskje til Flatsteinbu. Skyene låg tungt ned i fjella så vi var spent på om planen var gjennomførbar. Eg har vore på Flatsteinbu ein gong før og viste at det ikkje var ein tur som ein skulle ta i styggeveir. Men vi la i vei og håpa på at skydekket skulle sprekke opp.

P1060090

Turen starter på Kvame på austsida av Oldedalen. Fra Olden køyrer ein veien som er merka til Briksdalen. Når ein er komt forbi Oldevatnet og inn på flatene, tek ein av til venster og køyrer austover mot gardane som ligg bort under fjellsida. Dette er gardane på Kvamme. Der står eit treskilt merka «Flatsteinbu». Da finn ein etterkvart parkeringsplassen. Fra parkeringsplassen føl ein grusveien til ein kjem til grushola som du ser på bildet. Ta av til venstre og gå opp kanten av grushola. Stien går til setra på høgresida av elva Sulkja.

P1050926Bilde: God plass på parkeringsplassen

P1050923   P1050929

Bilde 1: Plakat ved parkeringplassen.         Bilde 2 : Her har dei laga trapp ved siden av grida.

P1050930Ein vinn fort høgdemeter opp lida. Ein går på godt trakka sti så det er ikkje vanskeleg å finne veien. Det er også merka med oransje prikker/piler og raude T-er.

P1050934

 

P1050962   P1060075

Dette er ein tur som krev litt kondisjon, men fult mulig å gå om ein ikkje er topptrena.  Det er ganske bratt terreng opp til setra. Der flater det litt ut inn Kvamsdalen før det igjen blir brattare siste stykket opp til platået som Flatsteinbu ligg på. Berekn god tid på turen. Ser flerie stader at turen er berekna til 3-4 timer opp og 2 timer ned.

P1050935   P1050939

Bilde 1: Terrenget flater ut av og til.            Bilde 2: Det er veldig frodig i Oldedalen.

Stien er tydeleg heile veien. Somme plasser der det kan være vanskeleg å finne feste på steiner eller svaberg har det blitt laga til med bolter og «trinn» for å gjere det enklare. Det er også bygt trappetrinn og bolta inn kjetting i fjellet for at ein lettare skal kunne ta seg trygt fram. Ikkje veit eg korleis dei fekk buskapen til fjells før i tida.

P1050938

P1050942   P1050944

P1050940Bilde: Møtte på denne krabaten som også var ute på søndagstur.

P1050950   P1050954

Bilde 1: Kjetting i fjellet på bratte parti.    Bilde 2: Høg vegetasjon så ein må sjekke seg for flått.

P1050964Bilde: Stig nyter utsikten mot Oldedalen og Kvamssetra utanfor. I desse bakkane gjekk bestemor hans i sin barndom.

P1050969Det er godt med ein pust i bakken når ein er komt opp til setra. Vi var heldige og det lave skydekket letta litt innimellom. Det er  ein fantastisk utsikt fra setra. Her fra ser ein det grønne brevatnet i Oldenvatnet godt. Ein ser også såra i terrenget  etter dei enorme jord og steinrasa som gjekk i vinter. Det er også ei Kvamsseter utanfor elva. Ein kan skimte den på bildet. Lenger inn i Kvamsdalen er der bru over elva. Eg gjekk der for 10 år sia da var det veldig attgrodd utan for elva, så veit ikkje kor framkomeleg der er no. Når ein fortset inn Kvamsdalen kjem ein etter kvart inn i Jostedalsbreen nasjonalpark.

P1050977   P1050981

P1050979

 

Bilde: Vi vurderte heile tida om vi skulle fortsetje, men skydekket sprakk opp av og til, og det var «umulig» for oss å snu.

P1050992   P1050993

Bilde: Bratte bakker så ein lyt kvile.            Bidle 2: Kjærlighet for naturen!!

P1050995   P1060039

Bilde: Snø-Stein-Skodde-Vatn-Blomster-Sol-Isbre.

P1050997

Bilde: Flatsteinbu i skodda på platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen.

Sjølv om skodda var i nærheita heile tida og vi vurderte om vi måtte snu, så nådde vi målet vårt, Flatsteinbu.  Når vi kom opp der, våte og svette, var det godt å kunne søke ly inne i hytta. Flatsteinbu er ei trekanthytte som vart sett opp av entusiastiske brefolk fra Oldedalen i 1968. Hytta er privateigd, men åpen for alle som vil bruke den. Dei som overnatter i hytta legg att penger på bøssa eller fører over på bankkonto som oppgjer for overnatting, lys og brendsel. Der er oppslag i hytta om priser. Vi førte gjerne over kr 100,- for ly ei lita stund. All material og utstyr i hytta blir bore opp.  Hytta er på 19 m2 og har overnattingsplasser for 8-10 personer  på brisk, hems og golv. Bak hytta med vidt utsyn ligg utedoen. Der er også ei steinbu (sikringsbu) der det er mulig å overnatte.

P1060005

Bilde: Hytta er åpen for den som vil bruke den. Nøkkelen står i døra. Husk å late godt att og låse/bolte den etter deg.

P1060053

 

Bilde: Steinbua med overnattingsplass.

Går ein litt lenger innover fjellet så får ein eit flott utsyn mot Brenndalsbreen. Det var vanskeleg å «fange» den på bilde denne dagen, men eit lite glimt av den fekk vi.

P1060027

 

Bilde: Bodil på kanten med Brenndalen og Brenndalsbreen bak.

P1060051

 

Bilde: Mange fine blomster å sjå høgt til fjells. Issoleie er ein av mine favoritter.

P1060057

 

På vei nedatt er det ekstra godt med «hjelpemiddel». Godt å ha noke ekstra og trakke på og holde seg fast i. Ein må også ta seg tid til å nyte den flotte utsikten.

P1060059

 

Bilde: Frodig i Kvamsdalen. Kjekt å sjå at lyngen er grønn.

P1060061

 

Bilde: På vei nedatt hadde skodda letta enda meir. Her ser ein eine selet og gamle fjøsmurer på setra og nedatt til Oldenvatnet.

P1060076

Bilde: Litt meir av utsikten mot Oldedalen.

P1060077

P1060085

Bilde: Velkomstkomiteen når vi kom nedatt i dalen. Kjekt å sjå dyr på beite. Desse skal nok snart til fjells.

Turen fra Kvame til Flatsteinbu er på knappe 5 kilometer. Ein tur eg absolutt anbefaler om ein har lyst å sjå noko nytt.

 

 

 

 

Baggehola – Ulvejølet – Botanisk hage

Har du utforska nærområdet ditt i det siste? Vore turist i eigen kommune? Det har eg vore i dag.

Bilde

Eg og sambuaren min har utforska litt av den flotte kulturparken rundt Sagedammen på Ulvedal. Utgangspunktet var at eg skulle vise han Baggehola, men det vart enda fleire attraksjoner når vi var på dei kanter.

For å kome seg til Ulvedal køyrer ein panoramaveien (rv 613). Kjem du fra aust er det ca 17 kilometer fra Stryn sentrum. Kjem du fra vest er det ca 35 kilometer fra Eid sentrum. Plassen er godt skilta så det er ikkje vanskeleg å finne fram.

P1050812Bildet: Utgangspunktet ved Sagedammen er godt merka ved rv 613.

Bilturen fram til utgangspunktet er kjempeflott. Vi kom fra aust og hadde flott utsikt over bygdene og fjella på andre sida av fjorden. Dette er ein vei som vi køyrer med jevne mellomrom, men like fint og alltid noko nytt å sjå.

P1050802   P1050804Bilde 1: Utsikt fra Panoramaveien.

P1050807Bilde: Utsikt fra Panoramaveien mot Hildahalsen. Storelogen og Lisjelogen i bakgrunnen.

Sagedammen er ofte brukt som utgangspunkt for kulturløypa på Ulvedal. Her er det gode parkeringsmuligheiter. Hugs å ta med penger til P-avgift. (kr 20,-).

P1050814   P1050815

Heile anlegget rundt Sagedammen er godt tilrettelagt. Her er store skilt som viser mange forskjellige turmål og med ca tidsforbruk. Det er også laga til store skilt som fortel om historia på dei forskjellige attraksjonane.

P1050921 Bilde: Flotte skilt som fortel litt av historia om attraksjonane.

 

Sagedammen er eit flott anlegg som er restaurert rundt dette spesielle sagbruksmiljøet  i og rundt elva Ulva.

P1050817

 

P1050818For å finne veien til Baggehola, Ulvejølet og Botanisk hage er det berre å følge dei godt opptrakka stiane og sjå etter skilting.

P1050873

 

Sagnet rundt Baggehola fortel at det var ein mann fra Innvik som på 1500- talet vart lyst fredlaus. Han rømte over fjorden til Ulvedalsfjellet og budde i denne hola i 2 år. Kona hans rodde i løynd over fjorden med mat til han.

P1050831Langs stiane er det sett opp skilt med teikningar og tekst som fortel historia om dei forskjellige attraksjonane. Ta deg tid til å lese og fortel gjerne til den yngre generasjon om historia.

Stien på denne turen er tydeleg i terrenget og fin å gå på. Men enkelte stader må ein vise ekstra oppmerksomhet.

P1050828   P1050829

P1050833   P1050835

 

P1050844

P1050840   P1050843

 

Bilde: Ikkje store plassen å bu på i 2 år. Ikkje særleg varmt om vinteren heller.

Eit lite stykke fra Baggehola ligg eit utsiktspunkt som er verdt eit besøk. Dette er Ulvejølet. Langt langt der nede høyrer ein Ulva buldre. Det er sett opp gjerde rundt dette punktet. Ein flott utsikt !!!!

P1050855

P1050856

P1050861

 

P1050871   P1050874

Bilde 1:Langt der nede buldrer Ulva. Bilde 2: Stien er fin og no blir det frodigare til lenger ned ein kjem.

P1050875Bilde: Det er ikkje lange avstandane mellom attraksjonane. Godt merka med skilt.

Ned til Hilljaren er det litt høgdeforskjell. Men stien er fin å gå på. Ein 70-80 meter lang vei er bygd i gammal tid. Den betalte dei 4 rdl for.

P1050880Bilde: Veien ned til den botaniske hagen.

P1050881Bilde: Ei spesiell grind skal nok forhindre at grinda blir ståande åpen.

P1050884   P1050882

Bilde 1: Trykk på bilde og få større tekst. Bilde 2: Mange busker og tre har fått plass i hagen.

P1050887Bilde: Sommer…. sommer …….sommmer 🙂

 

P1050894Bilde: Det er fleire gamle frukthager i Ulvedalsberget.

Dette er ein fin familietur. . Denne runden som vi gjekk er på knappe 3 kilometer. Og ein bestemmer sjølve kor lang tid ein vil bruke. Ned i bakkane var det veldi varmt så ta med rikeleg med drikke. Dette er ikkje ein tur for barnevogner. Men området oppe ved Sagedammen er flott også for vogenr.

P1050909Uteområdet rundt Sagedammen er flott og fiskane hoppa livleg i dammen. Det er også muligheiter til å leige annlegget for forskjellige arrangement.

P1050907

 

P1050904

Baggehola-Ulvejølet- Botanisk hage

På tur over Nosakleiva – Flott familietur

Nos kjem ein til om ein køyrer langs Rv 613, også kalt Panoramaveien. Når ein har passert bygda Fjelli og køyrer vidare mot Randabygda/Hopland, kjem ein til Nosatunnelen. Like før tunnelen ligg garden Nos. Ein liten parkeringsplass gjer det enkelt å parkere bilen om ein vil ta ein spasertur til utkikspunktet på nedsida av veien. Utkikspunktet ligg på kanten av eit 500 meter loddrett stup rett i fjorden. Det er laga til med gjerde rundt utsiktspunktet.

P1050575Bilde: Utsiktspunktet på Nos.

P1050574

Turen eg vil skrive om her kan ein gå fra to kanter. Ein kan starte her ved utsiktspunktet eller køyre gjennom tunnelen og parkere der. Eg køyrde gjennom tunnelen, til Slettene, og parkerte der.

P1050586

Bilde: Det er gode parkeringsmuligheiter i Slettene. Utgangspunktet er enkelt å finne når ein kjem ut av tunnelen.

Dette er ein flott tur i storslagen natur. Veien over Nosakleiva er ein gammal anleggsvei som vart bygd på 60-talet, da arbeidet med tunnelen pågjekk.

P1050584  P1050587

Veien har eit mjukt dekke å gå på. Kan være litt steinete her og der men ikkje noke vanskeleg å gå eller trille på. Det er brei og fin trasse heile veigen. Det er godt mulig å ta med barnevogn på denne turen. Sykkel som er eigna for tereng er også eit alternativ.

P1050589

Fra parkeringa i Tvinneriemsslettene snor veien seg i fem hårnålsvinger opp lida. Stigninga er jamn og fin og ein merker nesten ikkje at det går oppover 🙂

P1050596  P1050598

Bilde 1: Ein merker nesten ikkje stigninga. Bilde 2: Midt i bilde ser ein mot Mosehogane og Hoplandskaret

Etter kvart som ein får høgdemeter får ein også betre utsikt. Da ser ein gardane på Tvinnereim, ein ser mot Glitreggja og inn Slettene mot Klebersdalen.

P1050600

Bilde: Her ser ein mot gardane på Tvinnereim.

Det var ein nydeleg dag da eg gjekk turen. Sola var framme, men jammen fekk eg også nokre små regndråper i nakken. Blomstrane stod langs veikanten og lyste mot meg. Fuglane sang sine melodiar opp att og opp att. Også høyrde eg bjøllene fra dei beitande dyra på dei nærmaste gardane. Ein lyd som blir sjeldnare og sjeldnare.

P1050593

Bilde: Flotte molteblomstrar. Kansje blir det litt bær til hausten?

Når ein har gått dei fem hårnålsvingane, flater terrenget ut og ein kjem da fram på «kanten» og får ein fantastisk utsikt mot fjorden, bygdene Randabygda, Hopland og Hennebygda.

P1050601  P1050602

Bilde 1: Langt der nede ser ein Hopland kai og Randabygd kyrkje.

P1050606

 

BildeHer får ein eit innblikk i kor bratt det er i bygdene Randabygda, Hopland og Hennebygda

Her står det skilt som viser at ein er på Nosakleiva. Ein har no gått 1,3 kilometer og går ein til Nos så er det også 1,3 kilometer. Og eg anbefaler å fortsetje ned på andre sida av Kleiva.

P1050607

Men før ein går vidare, ta ein tur opp stien rett bak skilta. Da vil du etter ca 100 meter kome til enda eit utsiktspunkt.

P1050610

Veien ned til Nos går i slak unnabakke. Det er her, som med alle andre veier, at skogen vekst til langs veikantane.

Gauken var veldi aktiv da eg gjekk innover fra utsiktspunktet og mot Nos. Det er noko spessielt å høyre den fuglen. Det gir iallefall meg ein god sommerfølelse.

P1050624

Bilde: Kan du høyre gauken kor den gjel. ko ko… ko ko .. ko ko.. 🙂

 

P1050629  P1050633

Bilde 1: Slak unnabakke til Nos.              Bilde 2: Nokre klamrer seg fast langt ut på kanten.

Men det er mykje å sjå og utforske om ikkje utsikten er der alle plasser.

P1050658

Bilde: Bur her noken skal tru??

 

P1050659

Bilde: Spor etter gammal steingard.

P1050638

 

Bilde: Tett granskog som  fungerer som gjerde mot avgrunnen.

Det er også merka stier til andre turmål langs veien.

P1050625

 

Bilde: Ny og gammal merking av andre turalternativ.

Når ein nærmer seg Nos går ein gjennom ei grind også kjem ein inn på dyrka mark. Vis hensyn og gå langs kanten og på linje så ein ikkje trakker ned graset!!!!

P1050640

Når ein går på tur i slik natur som vi har rundt oss kan ein virkeleg senke skuldrane. Ta ein tur der turen i seg sjølv er målet. Ikkje bruke stoppeklokke som tar tida, ikkje tenkje på kaloriforbruket, berre nyt alt det vakre vi har rundt oss og kjenn kor deilig det er å ha stillheita rundt seg.

Denne turen er ca 2.5 kilometer ein vei. Det er ein flott tur som eignar seg for både store og små, unge og gamle. Og eit tips er at om ein er fleire i følge og  berre vil gå ein vei, så send ein sjåfør tilbake over Kleiva etter bilen :-).

Nosakleiva

 

P1050662Bilde: Her ser vi Utvikfjorden, Utfjorden, Randabygda, Hopland og Hennebygda.

 

 

 

 

GRÅBERG

Da er eg klar med eit nytt turforslag. Eg held meg fremdeles i nærområdet mitt. Og utgangspunktet er, som for mange andre av turforslaga, ungdomshuset Skogstjerna i Markane.

På gamle stier 083  P1050182

Bilde 1: ungdomshuset Skogstjerna. Bilde 2: Blomsten skogstjerna.

Denne turen er meir krevjande enn dei andre eg har skreve om. Meir motbakker, men det går fint ann å ta det som ein rolig og avslappande tur også. Når det blir motbakker så blir det også meir trening. Om ein vil er her muligheiter for å få opp både pusten, blodpumpa og melkesyra.

Men eg skal love deg at når du kjem opp så betaler det seg med den flotte utsikten.

Turen er  ca 3 kilometer ein vei. Ein starter på ca 210 moh Gråberg  ligg på ca 660 moh.

Ein starter på Skogstjerna og går grusveien mot Sør-Markane. I krysset ved Langesetvatnet tek du av til venstre og fortset til du kjem til tunet på Skogtun. Ein går mellom det kvite huset og dukkehuset og  fortset rett fram til ein kjem til ei grind. Da kjem ein til det som fra gammalt av vart kalla «Perhusveien». Det er usikkert kva namnet kjem av.

P1050178

Bilde: Gå rett fram til grinda

P1050179

 

Bilde: «Perhusveien». Tydeleg rås første del av turen.

Her er det sti/rås eit godt stykke. Det varierer kor mykje og kor god råsa/stien er på denne turen. Det er ein del myr og våte parti og der kan råsa være vanskeleg å sjå. Det er hengt opp ein del raude band langs med ruta. (Skal ta ein tur og henge opp fleire)

P1050183

Her ser ein linjetraseen heilt opp på kanten, og råsa går stort sett under linja.

P1050184

 

Bilde: Tydeleg spor av at hjorten har tatt badet sitt.

Når ein har passert dette punktet går føl ein stien til høgre ca 50-60 meter før råsa dreier mot venstre igjen. Da skal ein kome under linja igjen etter kvart.

Råsa/stien går stort sett  langs med linja opp på «kanten».

Siste stykket opp på «kanten» er bratt, men «trinn» å gå i.

P1050192

Bilde: Utsikt fra «opp på kanten». Ein ser gardane Skogtun, Dale, Fenn og Dybevoll

Når ein er komt opp på «kanten», flater terrenget ut. No er det utydeleg rås/sti. Eg bruker å halde svakt til høgre,og gå på venstre sida av denne flotte furua.

P1050193

Ein skal gå mot Skrehammaren, ein rund haug/hammar som viser tydeleg når ein nærmer seg himmelsjå. Gå opp på venstre side av denne hammaren/haugen. Der er tydeleg rås i kanten på myrasiget.

P1050195

 

Bilde: Skrehammaren. Hold til venstre for den.

P1050198

 

Bilde: Her på vei opp på austsida av Skrehammaren er det merka med raude band og tydeleg sti i kanten av myrsiget.

På toppen av Skrehammaren kan ein fremdeles sjå spor etter instalasjoner som vart brukt før mobilen vart vaneleg.

P1050203

No går stien i flatt terreng over nokre myrer. Ein ser Gråberg i vest.

P1050208

Det som heiter Gråberg ser meir ut som eit brun/raudt berg. Mest truleg er dette same bergarten som er ved Raufjell. Kleberstein.

P1050212

Det er ein nydeleg utsikt i alle retninger fra Gråberg. Ein ser store deler av bygda Markane, Rake, Loen, Olden, Agjeld, Holen, Frøholm,  Innvik og Utvik. Ein ser også øverste delen av Blakset.

P1050218

Ein ser eit stort antall fjell. Blant andre Kyrkjefjellet , Rokkekjerringa, Rindalshynja, Storskrefjellet, Skåla, Melheimsnibba, Storelogpikjen,Eggenibba og Bergsetnakkjen og mange mange fleire.

Gråberg

Bilde: Ikkje så godt bilde/kart av ture,men eit vist inntrykk.

P1050230

Ikkje det beste fotoveiret, men fantastisk utsikt likevel. Vil seinare skrive om andre veivalg til Gråberg. Gled deg 🙂

TA TUREN OG NYT UTSIKTEN DU OGSÅ!!!!

 

 

 

 

 

Den Tronhjemske postvei – Rastagota – Langhola

Skogstjerna-Vikalida

Denne turen har eg gått mange ganger. Og eg anbefaler den gjerne. Detter er ein forholdsvis lett tur på ca 8.5 kilometer. Turen kan lett gåast med utgangspunkt både ved ungdomshuset «Skogstjerna» i Markane og i Vikalida nær Stryn sentrum. Den kan også delast opp dersom ein syns det er langt å ta alt på ein tur.

Tar du utgangspunktet i Vikalida, køyrer du gamle riksveien mot Lindset, til du har passert det siste huset (gult)på venstre side. Der er muligheiter til å parkere ved eit granfelt ved veien( litt forbi det gule huset). Og så går du ca 200 meter tilbake og ser ein tydeleg sti/rås gå motebakka. Merka med gule band.

Er utgangspunktet  Skogstjerna i Markane er der gode parkering muligheiter.

Denne gangen har eg gått fra vest mot aust, fra Markane til Stryn, og ruta som eg beskriv er den veien. Deler av denne veien er også fin å sykle. Ein treng da sykkel som er beregna for terreng. Siste del (Langhola) er ikkje anbefalt for sykkel.

Den Trondhjemske Postvei

Med utgangspunkt «Skogstjerna»  går ein grusveien i Sør-Markane til ein kjem til første kryss. Der tek ein til venstre og går rett fra til ein kjem til tunet på Skogtun.

P1040603        P1040808

 

Bilde 1: Ta til venstre i krysset ved vatnet. Bilde 2: Gå på venstre side av løa.

Der kan du gå på venstre sida av løa, og heilt i kanten av dyrka mark, rett fram til ein kjem til ei grind. Ta til venstre gjennom grinda og du er komt inn på «Den Tronhjemske postvei».

P1040809        P1040810

Bilde 1: Skilt som viser Den Tronhjemske postvei.  Bilde 2: Garden Skogtun 

Har tidlegare hatt innlegg om «Den Tronhjemske postvei» ( sjå innlegg fra mars). Vil likevel nemne at det er eit behageleg underlag å gå/jogge/ sykle på.

Eit godt tips er å ta av seg på beina og gå barbeint. Senk skuldrane det siste hakket ned, rett ryggen og bruk pusten. Stillheita på denne turen er også verd å merke seg.

Veien har, som namnet tilseier, vore ei viktig ferdselsåre i tidlegare tider. Posten kom til Faleide med båt og vart frakta med bud vidare gjennom Markane, mot Hellesylt, Stranda og vidare til Trondheim.

Dessverre er det lite skilting av stadnamn langs traseen. Hadde det vore skilta med stadnamn,kunne det ha bidratt til at historia var meir levande. Men ein finn mykje informasjon på nettet.

P1040813     P1040814

Bilde 1: Moldbrekka, der har det angiveleg foregått eit postran. Bilde 2: Austenden av Langesetvatnet og utsikt mot Gulekoppen og Karifjellet.

Ein nærmer seg Langeset og der tek denne turen av fra «Den Tronhjemske postvei».  Postveien tek no til høgre , mens denne turen tek av til venstre og mot riksvein. Ein passerer eit vått parti, men der er lagt ut paller så ein kjem seg fint over. Her går ein nær bustadhus, så ta hensyn og vis respekt for privat grunn.

P1040817   P1040819

Bilde 1: Ta til venstre i dette krysset.  Bilde 2: Stryn Mek. Verksted og Statoilstasjonen.

 No går ein eit lite stykke på hovudvein. Forbi Statiolstasjonen og til krysset til Stryn Nærinsgpark.

P1040821  .P1040823

Bilde 1: Ta av til venstre i krysset til Stryn Næringspark.  Bilde 2: Her er det muligheiter for å ta ein pause.

Ein går no på den gamel riksveien gjennom Stryn Næringspark. Her ser ein fleire bedrifter som har etablert seg med sin virksomheit og mange har sin arbeidsplass her. Det er til tider stor aktivitet og ein del «ombygging» av veien. Før var det gjennomkøyring med bil heilt til hovudveien. No når Stryn Pukk utvider sitt masseuttak er det  stengt  forbi pukkverket. Da blir skogsveien lagt om. Ein kjem seg no innpå ved å ta til venstre i krysset rett før crossbana. Ein fortset da over Skarsmyra, der det no blir opparbeida nye industritomter, og ein kjem inn på skogsveien heilt i enden av myra.

P1040825                                                                                                      Krysset ved crossbana.

 

RASTAGOTA

Dette er namnet på skogsveien som går fra «Tjuvahola» og til Øvreberg. Denne skogsveien starter rett bak masseuttaket til Stryn Pukk. Det blir etter kvart litt omlegging av denne skogsveien. Fremdeles er det mulig å gå heilt til «Tjuvahola».

 

P1040826                                                                          Krysset ved «Tjuvahola» rett bak masseuttaket til Stryn Pukk.

P1040830      P1040831

Dette er ein traktorskogsvei og her er ein del aktivitet med skogsdrift. Dette vil naturligvis enkelte tider setje spor etter seg. Men også her er det eit behageleg underlag å gå på.  Det er lite stigning på denne veien og enkelt å finne fram.

Ein plass kan det kansje være litt tvil om veien vidare. Når ein kjem til ei lita grov (elv) som går over traseen, skal ein ta til venstre opp bakken.

P1040837                                                                                    Ta til venstre krysset ved denne grova/elva

Når ein nærmer seg Øvreberg, kjem ein til ein lunneplass. Da blir det fin grusvei ned til tuna på Øvreberg.

P1040849

 

P1040852      P1040854                                                        Bilde 1: Fin utsikt mot fjorden. Bilde 2: Veien går gjennom beite så vis varsemd.

Når ein har gått gjennom tuna på Øvreberg og kjem til krysset ved postkassestativet tek ein til venstre. Her føl ein bilveien  opp bakkane til Vinsrygg. Det er ein imponerande utsikt mot fjorden og bygdene rundt.  Trur dei som bur på Bergsida  kan leve berre av utsikten.

LANGHOLA

P1040857    P1040858

 

Bilde 1: Her starter veien til setrane på Tverrfjellet.  Bilde 2: Skilt som tydeleg fortel at bilister skal betale bomavgift.

Her på toppen av Vinsrygg starter setreveien. Dette er bomvei og dei som bruker bilen må betale for seg. Bruker du apostelenes hester kan ein sytalaust gå vidare. No har ein utsikt mot Stryn sentrum, Mindresunde, Oppstrynsvatnet og Flo med fjellet Rindalshynja i bakgrunnen.

P1040859

Ein går no på setreveien eit lite stykke. Gå forbi den gamle lada og ta så til høgre innpå ein skogsvei. Føl den heile tida til høgre og ein kjem snart innpå ein sti/rås som går unnabakke.

P1040862  P1040865

Bilde 1: Gå forbi denne gamle løa. Bilde 2: Hold til høgre og unnabakken.

P1040867   P1040869

 

Bilde 1: Her går stien/råsa unnabakkjen.  Bilde 2: Fin benk å ta ein pause på og nyte utsikten.

P1040881

Når ein har passert denne gamle fjøsen tek ein til vestre. Da er der tydeleg sti/rås unnabakkjen heilt til du kjem til bilveien i Vikalida. Denne veien er merka med gule band.

P1040884    P1040886

P1040889

                                                                                       No er ein komt til bilveien i Vikalida.

 

 

P1040890

 

                                                         Slik ser starten på turen ut om ein tek utgangspunktet i Vikalida

 

                                        TA TUREN DU OG. SENK SKULDRANE, RETT RYGGEN, BRUK PUSTEN. GOD TUR 🙂

 

 

 

 

 

 

Rastagota

Langhola