Blånibba – ein enkel topptur / rundtur om Holesetra

Utgangspunktet  for denne turen er det flotte skianlegget til Markane il, Ullsheim. Dette er ein enkel topptur med flott utsikt. Blånibba ligg 1043 meter over havet. Fra Ullsheim, som ligg ca 350 meter over havet, og til toppen er det ca 4 kilometer. Tar ein tida til hjelp går det fint ann å ha med barn ned i 5-6 års alderen på denne turen.

P1060902Bilde: Her ser ein Blånibba midt på bildet. Lenger bak ligg Gulkoppen.

Eg har valgt å gå eit stykke i løypetraseen som Turløyper Stryn AS  har opparbeida.  Hold til venstre for løypebrua på stadion og fortset ned bakken til myra. Gå til høgre for furuene midt på bildet og følg traseen motebakka.

P1060904Ein kjem da inn på den asfalterte  ruleskibana og ein går den eit stykke til ein kjem til ein lunneplass for tømmer. Her tek ein av til venstre. Som skilta viser så er det fleire turalternativ i området.

P1060907   P1060908

Ein forlet no asfalten og går vidare på løypetraseen som går motebakke. Den svinger seg fint opp bakkane og snart er ein komt opp til Gamlesetra. Her var det fra gammalt av seter for gardane i Grenda, men den vart flytta lenger opp i bakkane. Ein kan enno sjå litt av tuftene av husa.

P1060915Bilde: Utsikt fra Gamlesetra mot Hornindalsvatnet og Heggjabygda. Ein skimter også så vidt garden Jutedal.

Frå Gamlesetra velger eg den gamle setreråsa siste stykket til Grendasetra. Her har ein også muligheit til å fortsetje på løypetraseen til ein er på setra.

P1060921   P1060922

Bilde: Turløyper Stryn v/Arvid har sett opp skilt langs traseen. 

P1060924  Bilde: Råsa er enkel å finne sjølv om den ikkje er merka.

P1060926Bilde: Grendasetra. 

P1060930Bilde: Her på dette selet har Markane il trimbok. Her er også ein god benk å kvile på. Vis hensyn ved bruk. Ta med søppel heim!!

P1060931Flott utsikt fra Grendasetra. Ein ser skianlegget Ullsheim, gardane i Grenda og Svingesetvatnet. Ein skimter også Langesetvatnet og fjorden.

Turen vidare går over setrevollen og  opp bakken rett bak setrehusa, rett før fjøsen.

P1060947

P1060948På bakketoppen bak setra er det sett opp benk og bord. Her er det fint å kvile. Ta inn fjell lufta og nyte utsikten.

P1060950Bilde: Stien/råsa er ikkje alltid like tydeleg, men tek ein seg tid så ser ein kor det er trakka. Ein skal motebakka.

P1060952Bilde: Når ein er komt opp om tregrensa, kjenner ein naturens rus spre seg i kroppen. Her er det åpe landskap og ein får «luft under vingene».

P1060957  Bilde: Her ser ein toppen av Blånibba fra Smalurvarden

P1060959  Bilde: Utsikt sørover fra Smalurvarden

P1060964   P1060965  Bilde: Blånibbvatnet.

Her er det berre å vrenge av seg kleda og hoppe uti.

P1060966Eit friskt morgenbad i Blånibbvatnet er berre heilt fantastisk. Ein kan sjå på bildet kor stilt det er her oppe. God temperatur og klart vatn. Vidare herfra går turen under toppen og så svinger ein til venster fram att til varden.

P1060970  Bilde: Varden på Blånibba. Flott utsikt.

P1060973Fra toppen av Blånibba ser ein den delen av Markan som ligg lengst vest og som grenser mot Hornindal kommune. Ein ser bygdene rundt Hornindalsvatnet som ligg i Eid kommune.

P1060974Her ser ein gardane i Grenda,Svingesetvatnet, skianlegget Ullsheim, Langeset, Langesetvatnet og ein del av gardane i Sør Markane. Ein ser Faleidefjorden og Frøholm, Hildaneset, Innvikfjorden, Utvik og øverste del av Blakset.

P1060975Her skimter ein så vidt litt av Stryn sentrum mellom Gryta og Årheimsfjellet.

P1060976Fra Blånibba er det muligheiter for å gå både lenger og høgare. Gulkoppen, som ein ser på bildet, ligg på 1306 metre over havet.

Eg valgte å gå vidare fra Blånibba til Holesetra. Det blir ein fin rundtur på ca 8 kilometer. Det er ikkje merka sti/rås, men stedvis finn ein sti. Det er mange alternativ å gå til Holesetra. Eg gjekk fra varden på Blånibba og  rett aust over. Terrenget går først flatt så slakt unna.Vegetasjonen er lav.

P1060981

P1060982Når ein har gått eit stykke austover kjem ein så lang at ein ser ned til Holesetra. Ein ser litt av løypetraseen til Turløyper Stryn AS som snor seg så fint i terrenget. Siste stykket ned til setra går i eit terreng som er blanding av myr, lyng og stein.

P1060985

P1060987Her på Holesetra er det fint å ta ein pause. Sjølv om elva durer godt er det mulig å nyte stillheita. Går ein nær setrehusa så vis hensyn og sjølvsagt tek ein alltid med seg søppelet heim om ein raster.

Denne rundturen fortset no i løypetraseane tilbake til Ullsheim.

Holesetra er eit populært mål for mange turgåere. Dette fordi Arvid i Turløyper Stryn har laga til så fine tursti/løypetraseer opp dit. Dei traseane kan ein ikkje skryte nok av. Det er  mange som nytter seg av desse flotte løypene, både sommer og vinter. Det er rein luksus å kunne bruke dette anlegget når ein vil uansett årstid. Å lage til og å holde eit slikt anlegg vedlike koster mykje penger. Husk å betale medliemskontingent. Alle traseane er også godt merka med skilt som viser alternative ruter og vanskegrad.

På Holesetra, ved skilttavle og kvileplassen, har Markane il og Stryn T&Il trimposter.

P1060990Langs med traseane har Arvid laga til med kvileplasser. Her er det muligheiter for alle å ta ein pause. Husk å rydde etter deg når du er ferdig.

P1060992

 

P1070001   P1060998

Løypetraseane er fine både om sommeren og vinteren. Om sommeren  er det fint både for dei som går, bruker sykkel, permobil og barnevogn.

P1060996

P1070003   P1070004

Langs med traseane er graset slått på kantane. Berre å nyte turen for både små og store.

Markane il har bygdt eit fantastisk anlegg, Ullsheim. Eit imponerande anlegg med stor skistadion, skiskytterstadion, rulleskibane og mange kilometer med lysløyper. Ei grillhytte «Årestova» er også bygd dei siste åra. Denne hytta står åpen og er ein sosial samlingsplass. Her kan ein gå inn og ta ein velfortjent pause. Bruker ein av veden så betal i den oppsette kassa. Nytter ein seg av desse flotte plassane så må ein huske å rydde etter seg og ta med alt søppel heim.  Årestova kan også tingast til private arrangement.

P1070007Bilde: Skianlegget Ullsheim i Markane. 

P1070008Bilde: Gapahuk som står ved skileikebakken på Ullsheim. Her er det fint å ete matpakken sin.

P1070015 Årestova på Ullsheim. Ei flott grillhytte som står åpen og som kan nyttast av alle. Også uteområdet er fint tilrettelagt med bord, benker og bålpanne. Om ein nytter desse tilbuda må ein vise stor varsemd med åpen ild. Området må sjølvsagt ryddes når ein har brukt det.

GOD TUR TIL FJELLS. NYT DEN FANTASTISKE NATUREN VI HAR RUNDT OSS. TA GODT VARE PÅ DEN!!

 

 

 

 

Reklame

Hornindalsrokken – ein topptur 1526 moh.

TOPPTUR TIL HORNINDALSROKKEN OG FAMILIETUR TIL BLÅVATNET.

P1060448

Hornindalsrokken, eller Hondalsrokkjen, er grensefjell mellom fylka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det er også grense mellom Hornindal, Ørsta og Stranda kommune. Rokkjen blir rekna som ein del av Sunnmørsalpane da nordsida av fjellet ligg ved Tyssevatnet innerst i Hjørundfjorden.

Hornindalsrokken er eit landemerke og ein ser den godt når ein køyrer RV 60 fra Grodås til Hellesylt. Når ein er komt til Hondøla bru,ta av til venstre fra riksveien. Ta gjerne ein stopp her og studer den flotte steinbrua som ligg tett ved riksveien. På austenden av denne brua står Giftarsteinen/Jomfrusteinen.

Det er to historier knytta til denne steinen. Den første går ut på at brurafølge gjekk til denne steinen og at brura måtte krype gjennom steinen når alle såg på. Kom ho gjennom steinen var alt i orden, kom ho ikkje gjennom var ho sannsynlegvis gravid.

Den andre historia går ut på at budeiene på setrane i området måtte krype gjennom steinen før dei reiste til setres tidleg på sommaren og også når dei skulle heim fra setra på seinsommaren. Dette for å sjå om dei hadde vore lausslupne i løpet av sommaren.

P1060445

Hornindalssetra er det vanlegaste utgangspunktet når ein skal på Hornindalsrokken. Ein kan også gå fra Kjelstadalen i Stranda kommune.

Eg tok turen fra Hornindalsetra og innlegget blir om det veivalget.

For å kome seg til utgangspunket, Hornindalssetra, så tek ein Rv 60 fra Grodås til Hondøla bru. Der tek ein av til venstre.. Veien til Hornindalssetra er bomveg så ta med litt småpenger.  Når du har betalt bompengane kan du køyre heilt fram til setra. Der er det tillaga med  inngjerda parkeringsplass. Det er kjempeflott, da står bilen trygt for beitande husdyr som er i området rundt setra.

P1060450

P1060451Hornindalssetra er det vanligaste utgangspunktet når ein skal på Rokkjen. Setra ligg på 412 meter over havet.

P1060455Fra setra går ein på ein anleggsvei/god sti inn setredalen mot Blåvatnet som ligg ved foten av Hornindalsrokken. Denne strekninga er fin og slak og her kan godt heile familien ta turen. Det meste av stigninga er opp fra setra.

P1060459

P1060458 Ein må også huske å snu seg og sjå på utsikten bak seg. Her ser ein Muldsvorhornet.

P1060460Her ser ein tydeleg anleggsveien som går inn setredalen mot Blåvatnet. Litt stigning opp fra setra, men så flater den ut og er fin også for  barn å gå. Vogn kan by på ein del utfordringer. Det er mange som bruker sykkel dei vel 3 kilometera inn til Blåvatnet.

P1060463   P1060467

Det er ikkje vatn å finne når ein starter på oppstigninga i «renna», så alle flasker må fyllast i dalbotnen ved Blåvatnet/Store Luka.

P1060470Her deler stien/råsa seg. Skal ein på Rokkjen dreier ein til høgre. Stien er tydeleg og delvis merka. Det er viktig at ein føl stien for å finne rette veivalget opp «renna».

P1060472   P1060475

No ser ein tilbake til setra, dyrkingsfelta som høyrer til gardane på Nygård og Seljeset og mot fjella som grenser mot Stryn.

P1060471

Ser ein andre veien, mot nord, ser ein Rokkekjerringa og Hornindalsrokken på kvar side av dalen der Blåvatnet og Tyssevatnet ligg.

P1060473

Når ein har gått eit stykke fra stidele mot foten av Rokken, går ein forbi Store Luka. Eit lite vatn som ligg der så stilt og fint heilt oppunder fjellfoten. Her er det fint å ha base camp om ein er fleire i følge og noken velge å stoppe turen her. Fint for barn å få leike i vannkanten.

For dei som vil til toppen av Hornindalrokken så starter oppstigninga her.  Oppstigninga opp «renna» byr ikkje på store problem,men det er laus stein og ein må være forsiktige så ein ikkje får steinane på trill. Dette er ein tur som er best å gå om det er tørt i terrenget. Ellers kan det være glatt og gjørmete. Det er også ein fordel å vente så lenge om våren at snøen i «renna» har smelta vekk.

P1060476

Når ein er komt opp i skaret mellom Rokken og Lidafjellet er det godt med ein pause. Her kjem ein også inn på breen. Hold til venstre, men ikkje for nær oppunder ura. Ein føl breen til ein igjen møter ura og merka sti.

P1060480

P1060484   P1060482

Utsikten er upåklageleg når ein nærmer seg toppen. Da er det berre å nyte.  Når ein er heilt på toppen ser ein Sunnmørsalpane med alle sine tinder og topper og andre veien ser ein mot  Jostedalsbreen og Lodalsskåpa.

P1060487Her ser ein eit islagt Tyssekupa.

P1060489   P1060501

Sist på 50-talet og tidleg på 60-talet vart Tyssevassdraget utbygdt av Tussa Kraft. Da vart det store Tyssevatnet oppdemt. På bildet ser ein tydeleg eit tappa basseng. I den nordlege delen av Tyssevatnet har Turistforeninga ei sjølvbetjent hytte.

P1060507

P1060500Her ser ein Kolåstinden til venstre og slogen til høgre.

P1060495 Endeleg på toppen. Dette er andre gang eg bestig dette fjellet. Første gang for ca 30 år sia.

P1060510Her ser ein mot Sunnmøre. Ein ser Hjørundfjord og heilt til Ålesund.

P1060516Her ser eg ca 900 meter rett ned i Tyssevatnet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Trandal – ei idyllisk grend

P1060597Trandal er ei lita bygd i Hjørundfjord i Ørsta kommune. Ei idyllisk perle heilt i sjøkanten. Bygda har ingen veiforbindelse med omverda og all kommunikasjon går sjøveien med ferge og båt. Ein kan ta ferge både fra Standal, Sæbø og Lekneset.

Trandal kan vise til allsidig næringsvirksomheit opp gjennom åra. Det har vore både teppefabrikk, fellesfjøs, mekanisk verksted og fiskeoppdrett. Desse bedriftene er lagt ned og det meste av gardsdrifta er avvikla. Men det er ny giv blandt dei 8 fastbuande i bygda og det blir no satsa på turisme.

– Christian Gaard, ein sjarmerande serveringstad/vertshus. Eit besøk her vil gje eit minne for livet.

– Trandal Fjordhytter som driv med utleige av hytter.

Aktiviteter 

I denne vesle bygda er dei engasjerte og oppfinnsomme. Dei arrangerer i løpet av sommaren 3 festivaler.

-Gammalpopfestival

-Trandal bluesfestival

-Countryfestival

-Enkelte helger er her trubadurere, men ein kan og finne helger der stillheita og roen senker seg.

P1060545I helga var eg sjølv på bluesfestivalen for første gang. Og for eit arrangement! Og for ei stemning! Kan det bli noke finare ramme rundt eit arrangement enn det naturen sjølv har?

P1060596

Når arrangørane har all logistikk og organisering på plass så blir dette eit draumearrangement. Festivalen går over 2 dager og ca 2000 mennesker var innom bygda denne helga.

P1060547Bilde: Her ser ein litt av Christian Gaard, vertshus og serveringsstad og arrangementsplass for bluesfestivalen.

Når det er slike store arrangement er det mange som tek med bobil på ferga og får seg oppstillingsplass for helga, eller dei kjem med fritidsbåt. Andre kjem med skyssbåtane som går i skytteltrafikk, eller tek ferga over.

P1060594   P1060555  Spesiell innretnig…..

P1060593  Ein av dei store artistane i år var Lazy Lester.

P1060554      P1060581

Bilde 1: Stille før innrykk.     Bilde 2: Sol, skyer, fjell og sjø.

 

Friluftsliv

Mange kjem til Trandal for å bruke den fantastiske naturen som er her. Fjordfiske er fremste attraksjon. Men her er også mange muligheiter for å gå på tur. I 2007 fullførte Tussa småkraftverket i Trandalelva. Det vart i den forbindelse laga anleggsvei inn i Trandalsdalen. Dette er eit fint turmål. Her kan ein fint ta med barnevogn.

P1060560Bilde: Her ser ein litt av Ytre Trandal med Trandalhatten i himmelsjå.

 

Eit anna flott turmål er Trandalhatten. Den rager 1180 meter over havet. Detter er ein tur for dei som har trena litt og som ikkje er altfor redd for høgder. Det er også ein tur som eg syns det må være noke lunde tørt i terrenget for at ein skal ha glede av turen. Råsa/stien er god, men med lange skrå hellinger når ein nærmer seg toppen. Ein del småskog før ein kjem opp om tregrensa.

For å finne utgangspunktet for turen til Trandalhatten kan ein køyre eit stykke på veien mot Trandalsdalen. Når ein har køyrt av ferga og kjem opp bakkane litt, tek ein til venstre over ei bru. Da fortset du opp bakkane, gjennom ei grind, forbi noke innhengninger og til andre knappe svingen. Der er det ei utviding. Parker her og ta den grasgrodde traktorveien til endes. Der i fra går det merka sti/rås motebakka.

P1060566                             P1060567

Bilde 1:Der er toppen!         Bilde 2: Her parkerer ein og går traktorvei til endes.

P1060573Bilde: No er ein komt over tregrensa og ein får litt meir luft rundt seg.

P1060576Bilde: Utsikt mot Standal og Standalseidet.

P1060578Bilde: Ein imponerande topp. Ein går her opp på bandet og bakover for å runde framover til toppen igjen.

Siste stykket kan være litt vanskeleg. Det er det hengt ut to taulengder for å ha litt hjelp opp dei siste 20 høgdemeterane. På denne turen finn du lite vatn så fyll opp flaskene nede i dalbotnen.  Estimert tid til toppen er 2-3 timer.

Ein tur til bygda Trandal anbefaler eg på det varmaste. Enten for å sjå og nyte den flotte naturen, ta med seg ein topptur, ein god middag eller eit arrangement. Det er lov å være litt nyskjerrige på kva som finst i nabobygdene og i nabofylka.

P1060551

Kvamssetra – Flatsteinbu

Søndagen opprant med eit litt usikkert veirbilde. Planen var å kome seg ut på tur. Eg og Stig hadde planer om å køyre til Oldedalen og gå på Kvamssetra og kanskje til Flatsteinbu. Skyene låg tungt ned i fjella så vi var spent på om planen var gjennomførbar. Eg har vore på Flatsteinbu ein gong før og viste at det ikkje var ein tur som ein skulle ta i styggeveir. Men vi la i vei og håpa på at skydekket skulle sprekke opp.

P1060090

Turen starter på Kvame på austsida av Oldedalen. Fra Olden køyrer ein veien som er merka til Briksdalen. Når ein er komt forbi Oldevatnet og inn på flatene, tek ein av til venster og køyrer austover mot gardane som ligg bort under fjellsida. Dette er gardane på Kvamme. Der står eit treskilt merka «Flatsteinbu». Da finn ein etterkvart parkeringsplassen. Fra parkeringsplassen føl ein grusveien til ein kjem til grushola som du ser på bildet. Ta av til venstre og gå opp kanten av grushola. Stien går til setra på høgresida av elva Sulkja.

P1050926Bilde: God plass på parkeringsplassen

P1050923   P1050929

Bilde 1: Plakat ved parkeringplassen.         Bilde 2 : Her har dei laga trapp ved siden av grida.

P1050930Ein vinn fort høgdemeter opp lida. Ein går på godt trakka sti så det er ikkje vanskeleg å finne veien. Det er også merka med oransje prikker/piler og raude T-er.

P1050934

 

P1050962   P1060075

Dette er ein tur som krev litt kondisjon, men fult mulig å gå om ein ikkje er topptrena.  Det er ganske bratt terreng opp til setra. Der flater det litt ut inn Kvamsdalen før det igjen blir brattare siste stykket opp til platået som Flatsteinbu ligg på. Berekn god tid på turen. Ser flerie stader at turen er berekna til 3-4 timer opp og 2 timer ned.

P1050935   P1050939

Bilde 1: Terrenget flater ut av og til.            Bilde 2: Det er veldig frodig i Oldedalen.

Stien er tydeleg heile veien. Somme plasser der det kan være vanskeleg å finne feste på steiner eller svaberg har det blitt laga til med bolter og «trinn» for å gjere det enklare. Det er også bygt trappetrinn og bolta inn kjetting i fjellet for at ein lettare skal kunne ta seg trygt fram. Ikkje veit eg korleis dei fekk buskapen til fjells før i tida.

P1050938

P1050942   P1050944

P1050940Bilde: Møtte på denne krabaten som også var ute på søndagstur.

P1050950   P1050954

Bilde 1: Kjetting i fjellet på bratte parti.    Bilde 2: Høg vegetasjon så ein må sjekke seg for flått.

P1050964Bilde: Stig nyter utsikten mot Oldedalen og Kvamssetra utanfor. I desse bakkane gjekk bestemor hans i sin barndom.

P1050969Det er godt med ein pust i bakken når ein er komt opp til setra. Vi var heldige og det lave skydekket letta litt innimellom. Det er  ein fantastisk utsikt fra setra. Her fra ser ein det grønne brevatnet i Oldenvatnet godt. Ein ser også såra i terrenget  etter dei enorme jord og steinrasa som gjekk i vinter. Det er også ei Kvamsseter utanfor elva. Ein kan skimte den på bildet. Lenger inn i Kvamsdalen er der bru over elva. Eg gjekk der for 10 år sia da var det veldig attgrodd utan for elva, så veit ikkje kor framkomeleg der er no. Når ein fortset inn Kvamsdalen kjem ein etter kvart inn i Jostedalsbreen nasjonalpark.

P1050977   P1050981

P1050979

 

Bilde: Vi vurderte heile tida om vi skulle fortsetje, men skydekket sprakk opp av og til, og det var «umulig» for oss å snu.

P1050992   P1050993

Bilde: Bratte bakker så ein lyt kvile.            Bidle 2: Kjærlighet for naturen!!

P1050995   P1060039

Bilde: Snø-Stein-Skodde-Vatn-Blomster-Sol-Isbre.

P1050997

Bilde: Flatsteinbu i skodda på platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen.

Sjølv om skodda var i nærheita heile tida og vi vurderte om vi måtte snu, så nådde vi målet vårt, Flatsteinbu.  Når vi kom opp der, våte og svette, var det godt å kunne søke ly inne i hytta. Flatsteinbu er ei trekanthytte som vart sett opp av entusiastiske brefolk fra Oldedalen i 1968. Hytta er privateigd, men åpen for alle som vil bruke den. Dei som overnatter i hytta legg att penger på bøssa eller fører over på bankkonto som oppgjer for overnatting, lys og brendsel. Der er oppslag i hytta om priser. Vi førte gjerne over kr 100,- for ly ei lita stund. All material og utstyr i hytta blir bore opp.  Hytta er på 19 m2 og har overnattingsplasser for 8-10 personer  på brisk, hems og golv. Bak hytta med vidt utsyn ligg utedoen. Der er også ei steinbu (sikringsbu) der det er mulig å overnatte.

P1060005

Bilde: Hytta er åpen for den som vil bruke den. Nøkkelen står i døra. Husk å late godt att og låse/bolte den etter deg.

P1060053

 

Bilde: Steinbua med overnattingsplass.

Går ein litt lenger innover fjellet så får ein eit flott utsyn mot Brenndalsbreen. Det var vanskeleg å «fange» den på bilde denne dagen, men eit lite glimt av den fekk vi.

P1060027

 

Bilde: Bodil på kanten med Brenndalen og Brenndalsbreen bak.

P1060051

 

Bilde: Mange fine blomster å sjå høgt til fjells. Issoleie er ein av mine favoritter.

P1060057

 

På vei nedatt er det ekstra godt med «hjelpemiddel». Godt å ha noke ekstra og trakke på og holde seg fast i. Ein må også ta seg tid til å nyte den flotte utsikten.

P1060059

 

Bilde: Frodig i Kvamsdalen. Kjekt å sjå at lyngen er grønn.

P1060061

 

Bilde: På vei nedatt hadde skodda letta enda meir. Her ser ein eine selet og gamle fjøsmurer på setra og nedatt til Oldenvatnet.

P1060076

Bilde: Litt meir av utsikten mot Oldedalen.

P1060077

P1060085

Bilde: Velkomstkomiteen når vi kom nedatt i dalen. Kjekt å sjå dyr på beite. Desse skal nok snart til fjells.

Turen fra Kvame til Flatsteinbu er på knappe 5 kilometer. Ein tur eg absolutt anbefaler om ein har lyst å sjå noko nytt.