Snøven har komt og lagt sitt kvite teppe over landskapet. Til stor glede for mange og litt mindre glede for andre ;-). Ut i frisk luft kjem ein seg no uansett. Og for å få litt frisk luft vart det for meg ein spasertur langs bilveien i Markane i kveld.
I dag vil eg derfor skrive litt meir om min favoritt tur . Den turen som eg har gått flest ganger, som er enkel for meg å ta, da den ligg rett ut før døra mi. Detta er ein tur som eg tek dei dagane da eg ikkje veit å setje den eine foten fram om den andre. Men også dei dagane da formen er bra og ein kan dra på litt ekstra, til og med jogge litt 🙂
Dette er eit tur alternativ som eg absolutt anbefaler å prøve ut. Det er enkelt å ta for dei fleste. Det som er så flott med denne turen er stillheita i skogen, det mjuke underlaget og historia om veien. Du kan velge mellom fleire utgangspunkt for turen og du kan dele turen opp i etapper som passer deg. Også barna vil elske denne turen. Ta med rikeleg med niste og drikke og legg i vei. Det er også fint å bruke sykkelen. Spesielt fra Langeset og vestover. Eller motsatt vei :-).
På nordsida av Nordfjorden starter postveien på Faleide. Ein føl bilveien opp bakken fra parkeringsplassen og går forbi husa og gardtuna til ein kjem til Skulemuseumet. Da kjem ein inn på traseèn for postveien .Der i frå er det stigning til ein kjem opp på høgda ovanfor Vegtun. (der riksveien tar av mot Blakseter). Når ein er komt opp der, går ein nordover til ein er nesten på Langeset. Ved veiskille før Langeset tek ein vestover i slak og fint terreng til ein kjem til Skogtun og Myrhaug («Maurhåjen» i dagleg tale). Vidare går postveitrasèn der som veien gjennom Sør Markane går. Når ein kjem til Sindre vil ein sjå dei flotte steinhellebruene: Kvithellebrua, Storeelvbrua og Nordelvbrua. Dette er bruer som er typiske for Den Tronhjemske postvei. Da den «nye» riksveien kom på -80 talet, vart det brot i postveien mellom bruene i Sindreøyane. På 1990 talet vart det bygd ei trebru over Storeelva og forbindelsen mellom bruene vart oppretta igjen.
Postveien går vidare mot Kjøs, over Kjøshammartunellen og til Svor. Det vil eg skrive om seinare.
Fra gammalt av er der mange stadnamn i postveien. På strekninga mellom Skogtun og Langeset har vi bland anna namn som: Kvile. Halvkannebakken, Dansebakken, Moldbrekka, Hanklegrova.
Postveien var mykje brukt til transport av skipsmaster (opptil 25 meter lange) som skulle til Faleide for utskiping. Desse vart dregne av hest og det var som regel dugnad når slik transport skulle gjennomførast.
Kvile: Dette er på toppen av ein lang bakke, så da er det vel naturlig med ei kvile :-). Her har ein fin utsikt til fjella vest for Hornindalsvatnet.
Det er brei og fin trasè i store deler av postveien.
Halvkannebakken: Når den omtalte skipsmaste transporten var komen over denne knappe og bratte bakken med lange og tunge lass , var det kvilepause. Da skulle hestane forast og mannskapet skulle dele ei halvkanne brennevin.
Dansebakken: Det er meg fortalt er at under krigen møttes ungdomen der for å ha det sosialt og danse.
Naturlege utgangspunkt for turen er Faleide, Vegtun, Langeset, Skogtun eller Sindreøyane. Gjennom Sør Markane går trassèn på grusveien.
Denne turen fra Skogtun til skulemuseet på Faleide er 7,7 km. (Tur-Retur)
Dette er som eg har skreve før ein tur som eg anbefaler. Ta med heile familien!!
«Da skulle hestane forast og mannskapet skulle dele ei halvkanne brennevin.»
Syns bestemt å huske at nå vi var mindre blei det sagt at hestane kunne drikkke ei halv kanne vatn!:)
I følge fylkesarkivet og det som eg har blitt forltalt så var det nok mannskapet som drakk den halvkanna 🙂