Dette er ein blogg til inspirasjon for å kome seg ut i naturen.
Inspirasjon for å nyte den fantastiske naturen som vi har rundt oss. Nyte den friske lufta. Nyte stillheita. Nyte små og store øyeblikk. Nyte det å kjenne at ein bruker kroppen på det nivået som passer ein akkurat i øyeblikket.
Eg er ei jente som liker godt å gå på tur. Eg liker å utforske nytt terreng, gå på nye stier og å utvide horisonten. Har gjennom mine 51 leveår gått på mange toppturer både i nærområdet og topper som ligg i andre distrikt. Eg har besøkt alle setrane/støylane (ca 100 stk) i Stryn kommunen.
Innimellom vil eg også skrive innlegg fra turer som eg har gått og som ligg lenger vekke. Utan for eiga bygd, eigen kommune og eige fylke. Norge har så utruleg mykje og variert natur. Ein må berre nyte tida og stedet der ein er.
Det blir innlegg om korte – lange – høge – lave – raske – rolege – varme – kalde – våte og tørre opplevelser.
Håper at noken av innlegga kan være til inspirasjon og/eller informasjon for andre som vil gjere seg kjent i nærområdet og som kansje vil lenger avgårde for å finne nye turmål.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noke.
Dette blir bra!
Håper det 🙂
Et godt initiativ Bodil. Jeg deler den med mine venner her i Dk..
:-)del gjerne. Og kom gjerne til Norge for å nyte den flotte naturen vi har.