Sykkeltur på fin grus- og skogsvei

Søndag da sola skein på det varmaste, tok eg sykkelen min og trakka av gårde. Målet var å sykle på ein lite trafikkerte vei, og valget falt på det som var nærast. Grusveien i Sør-Markane. Eg starta heime på tunet, men eit naturleg utgangspunkt for andre er ved ungdomshuset «Skogstjerna»,som ligg ca 10 kilometer vest for  Stryn sentrum . Der er det god parkering og der startar grusveien.

På gamle stier 083

Eg hadde bestemt meg for at eg ville sykle bygdeveien til Flore, ta av på veien til Nybø og så inn på den FLOTTE skogsbilveien som ligg der. Var spent på korleis skogsveien var, for sist eg var der så var det store ødeleggelser i veibana etter flom. Men der var alt på stell og ingen teikn til flomskade.

Terrenget på turen er veldi variert. Starter ein ved «Skogstjerna» er ein på ca 210 moh. Turens høgaste punkt er ved elva «Kvithella» da er ein komt opp i ca 380 moh.

P1040603

Her i krysset ved Langesetvatnet held ein til høgre.

Ein sykkler forbi Myrhaug, Bruheim, Kroken, Haugen (ser ein ikkje fra veien), Løkjen, Flore og Gjeilane. Dette er flotte gardstun og heimer som ein ikkje ser når ein køyrer riksveien gjennom Markane.

P1040439

Ein passerer eit gammalt møbelverksted på veien. Her har det  blitt laga mange kjøkkeninnredninger og trapper  opp gjennom åra.

P1040601

Her i «Florekrysset», ved det flotte busskuret,som gir ly til skulebarna når dei venter på skulebussen, tek ein til venstre vidare utover gjennom tunet på Flore.

P1040514

 

Ved krysset der skogsbilveien starter er det god parkering.  Her er også eit fint utganspunkt om ein ikkje vil sykle heile turen fra «Skogstjerna», eller om ein vel å gå/jogge.  Når ein kjem inn på skogsbilveien begynner stigninga.

Entreprenøren (Ola og Oddvar Sætren) som bygde denne veien, som i daglegtalen blir kalle «Randaskogveien», fekk på slutten av 1990-talet  tildelt miljøprisen. Dette for det flotte arbeidet som vart gjordt angåande bygginga og oppatt pussinga rundt anlegget. Denne prisen var landet første miljøpris som vart tildelt ein skogsbilvei. Prisen vart overrekt av daværende fylkesmann Oddvar Flæte,  tilstades var også representanter fra Departementet og fra Stryn kommune.

 

P1040599

Veien er lagt så fint i terrenget og det går som ein leik å plukke høgdemeter :-).  Underveis på denne turen vil ein tidvis sjå parti med veldi kvit stein. Som her på vei til «Isakelida». Her er dekke på veien like kvit som snøen i fjella bak Navelsaker og på Kyrkjefjellet som vi ser i bakgrunnen.

P1040552         P1040550

Når du er komt opp på «Nybøkleiva» da er du snart på det høgaste punktet. Her er det ein stor lunneplass for tømmer.  Ein gammal avdanka snøplog står her og nyter stillheita  og venter på forbipasserande 🙂 No flater terrenget  ut og ein får kvilt lårmuskelaturen.

P1040553     P1040556

Her ved elva «Kvithella» er turens høgste punkt. Ca 380 moh. Denne elva gjekk over sine bredder under siste storflaum. Da vart det store ødeleggelser på veien, men det er rydda fint oppatt.  Om ein tek turen i roleg tempo er her mange muligheiter for å setje seg og nyet stillheita eller som her, elvasusen. Det er fleire plasser laga til benker som flittig kan brukast.

P1040595

Denne turen kan også gjerast uten sykkel. Men kansje ein vel lang tur om ein skal gå heilt til endes. Fra «Skogstjerna» og heilt fram der veien stopper er det 10 kilometer. Det er gode parkeringsmuligheiter der som skogsbilveien starter (ved bommen).

Når ein tek denne turen ser ein fjella og bygda Markane fra ein vinkel som sikkert er ukjent for mange.

P1040582

Underlaget på veien er berre heilt fantastisk. Faktisk så er denne skogsbilveien i betre stand enn den kommunale veien gjennom Sør-Markane.

P1040568 P1040581 P1040589

 

Når ein nærmer seg enden på veien får ein utsikt over Hornindalsvatnet og gardane i Kongsvik. Midt i mot ser ein bygda som lenge måtte klare seg uten vei, etter naturens herjinger, Otterdal.

P1040558   P1040559

 

Heilt på tampen av veien går den fra ein lunneplass bratt unnabakken og ned mot «jølet». Dette siste stykket er så bratt at da er det ikkje klasifisert til skogsbilvei, men traktorvei :-). Likevel fult brukbar.

P1040562 P1040563

P1040565

 

Bygda Navelsaker ligg fint til i sola på andre sida av Nord Europas djupaste innsjø.

No er vi komt til veis ende og det er berre å snu nasen heimover igjen. Faktisk så er det like langt tilbake. Og det går både oppover og nedover bakke :-). Husk å heve blikket og nyt naturen, stillheita og roen.

P1040605

 

Om utgangspunktet er «Skogstjerna» og du parkerte der, så er du snart i «mål» når du ser dette nydelege motivet. Her er det også muligheiter for å kunne avkjøle seg med eit bad. Husk berre på å ta med alt søppel heim. Da er det ryddig og pent til neste gang du kjem eller nokon andre har lyst å stoppe. Å ta med søppel gjeld sjølvsagt på heile turen og alle andre turer.

 

Randaskogveien

GOD TUR. NYT DEN VAKRE NATUREN.

 

 

Sentrumsnær skogstur

Ein skal ikkje langt ut om Stryn sentrum før ein finn dei finaste skogsstier, eller råser som eg kaller det. Ein kveld denne veka var eg så heldig at eg fekk oppleve nytt terreng. Eg har vel for mange mange år sia deltatt på o-løp i området, men som o-løper må ein bevege seg mest utanfor dei opptrakka stiane, så eg var ikkje klar over at der var så fint..

Vi er nokre kollega som har trimma ilag ein kveld i veka denne vinteren og våren. Da har vi gått på forskjellige plassser med forskjellige utgangspunkt. Denne gangen skulle vi møtes ved fabrikken og gå derifra. Eg møtte spent opp, og vart presentert for ei runde som høyrdes veldig fin ut. Og eg vart ikkje skuffa. Faktisk så var runden så fin at eg eit par dager seinare tok same turen da eg likevel skulle innover og handle :-).

Første del av turen gjekk naturleg nok på asfalt. Deiligt å sjå kor det grønast i hagane heilt i lavlandet.

P1040367

Når ein begynner på bakkane blir utsikten finare. Ein får fort utsikt mot fjorden.

P1040368

Etter så mange dager med sol og fint veir ser ein vårteikn overalt. Ein må berre senke skuldrane og ta inn og nyte alle inntrykk.

P1040370   P1040371

Vi tok snarvegane mellom gatene i boligfelta  Tonningsbakkane og Kreklingen. I svingen, på tampen av Geilevegen,  tok vi av mot skogen. Der er det ti log med sett opp  benk så ein kan ta ein kvil etter alle bakkane. Da vi hadde tatt av fra asfaltveie  kom vi rett ut i «stor skogen» :-). Skogsområdet vi bevega oss inn i heiter «Kamben». Det strekker seg heilt ut til Vikaelva og opp til Skisenteret.

P1040287   P1040374  P1040373

Stien var reine «autostradaen». Tydeleg at den er mykje brukte. Likevel trefte ikkje vi meir folk enn att ein kunne finne den gode roen det er å gå i skogen. Det var slik både da eg gjekk på kveldstur og da eg var ute midt på dagen. Skogsstillheita var der sjølv om vi var nær sentrum og boligområde.

Der er mange stier. Da vi tok av fra Geilevegen tok vi den stien som gjekk beint fram.

Tek ein seg litt tid, og ikkje berre ser på klokka, så ser ein mykje  når ein er ute i skogen.

P1040301   P1040296  P1040292

Da vi kom opp på «høgda» var der eit stiskille. Stien mot høgre går mot Skisenteret og mot venstre går stien mot Vikaelva.

P1040377

Vi tok den som gjekk mot venstre. Ut over ryngen, under linja. Vi følgde stien til den var akkurat under linja, der kom ein sti på tvers av den som vi gjekk på. Der tok vi unndabakken nedatte langs med Vikaelva. (stien delte seg før vi kom heilt til elva).

P1040381  P1040384

Flott utsikt mot Skarsteinsfjellet.

Det var stor vassføring  og voldsom buldring  i elva. Ikkje rart etter så mange dager med dei deilige temperaturane.

Der har vore store naturinngrep etter kraftutbygging langs med Vikaelva. Håper det blir  fint igjen når entreprenøren får rydda oppatt 🙂

P1040386

Da  vi kom ned til Hool var der fin bru over elva og bort i boligfeltet. Da kan du velge å gå over der eller  å gå på austsida av elva heilt ned på Vikaveien.

P1040388  P1040387

Runden som eg har skreve om her, starter og ender  i Grandane industiområde på Tonningsleirane. Den er 5 km og inneheld det meste. Asfalt, skog, elv, fuglekvitter,vårblomster og mykje mykje meir. Turen kan sjølvsagt også gåast motsatt veien. Og det er absolutt ein tur å anbefale. Ein tur som ligg i nærområdet for mange 🙂

Sentrumsnær skogstur

På veien heim måtte eg ta bilde av eit kjært motiv. «Stillevatn» på Langesetvatnet.

P1040314

Gje bort eit gåvekort på ein tur

Står du i beit for å finne på gåve til ei anledning?

Da vil eg foreslå å lage til eit gåvekort på ein tur. Ein tur ut i naturen, ein biltur eller ein tur på kafè. Eller alt dette i kombinasjon :-). Det er fantasien som set grenser…..

Eg var så heldig at eg fekk ei slik gåve da eg fylte 50. Da inviterte ungdomen min meg med på fjelltur i Rondane. En fantastisk opplevelse som eg vil huske resten av livet. Det var kvalitetstid ilag med dei som eg er aller mest gad i. På turen plukka vi 2000 meters topper :-). Eg tok to og dei tre stykker. Opphold og flott måltid var også inkludert. I tillegg fekk eg ei flott bok som handla om alle 2000 meter toppane i Norge. Mykje å plukke av der.

bok og kort Rondane 1Rondane

 

 

Eg har ved fleire høve brukt denne idèen.

Ei venninde og eg vart enige om at som presanger til bursdager og  jul så skulle vi overaske kvarandre med ein tur.                                                                                             .Margaret på Flå

Dette bildet er frå ein tur til Flø. Der møtte vi ein bonde som selde nyplukka gulrot. Lykke 🙂

 

Bakgrunnen for at eg skriv om dette er at min mor fyller 74 år på søndag. Og på spørsmål om kva ho ønska seg til bursdagen sin, kom svaret raskt og kontant: BILTUR!  Og biltur skal det bli :-). Da fyller vi bilen med nistekorg med mykje god mat og kaffi  og legg avgårde.

Hornelen Dette bilde fra ein gavekorttur til Bremanger i 2013.

 

kart 1

I dette området er det mange uoppdaga fjorder og grender. Så her skal mor og eg utforske i vår 🙂

 

Det er mange som av ulike grunner ikkje kjem seg rundt på tur. Kansje har dei ikkje nokon å reise ilag med eller det er andre ting begrenser turmuligheitene.

Kanskje kan du invitere med deg mor og far, besteforeldre eller ei tante og ein onkel.  Eller kanskje er det ein naboen eller ei venninde/venn som treng ein invitasjon.

Tid som vi bruker i lag med dei som ein bryr seg om er ei god invistering.

GOD TUR 🙂

 

 

 

Senk farten og ta eit steg til sides :-)

Ein treng ikkje alltid å gå så langt, eller så fort, eller så høgt. Senke skuldrane og ta eit skritt til sides.

I dag var min tur ein slik tur.

Fekk ein invitasjon om tur ut i skogen. Og eg seier sjelden nei om noken spør om det :-). Ein førmiddagstur i kjent terreng når sola skin fra skyfri himmel og det er vår i lufta er heilt topp.

Vi starta i kjent terreng og tok postveien fra Langeset til Faleide. Å kome ned i bakkane der sola steiker, fuglane kvitrar som dei er galne og vårblomstrane er byrja og titte fram det er balsam for sjela.

Blomst

 

 

Tørt og mjukt underlag å gå på og først på turen er det berre unndabakkjen 🙂

Da vi kom til skulemuseet på Faleide  tok vi nokre steg til sides og gjekk over «skuleplassen» og ut gjennom skogen. Klatra over eit gjerder og kom til nokre gamle uthus. Fantastisk å sjå dei gamle husa som er tatt så godt vare på. Lengst ute på ein lite flekk av dyrka mark… DER blomstra heile bønen med påskeliljene.

Påskeliljer                     Uthus

 

Vi gjekk gjennom gammal skog og kom heilt ned til sjøen. Vi tok ein pause og let augene kvile på den blikk stille sjøen, dei snødekte fjella inst i fjorden og  heile Blaksetebygda som låg bada i sol. Der er dei sikkert godt i gang med vårvinnja. Vi høyrde arbeidsfolka på andre sida av fjorden som jobba på Norges verste vei, Olden-Innvik.

Fjord- Fjell- Snø

 

 

Vi starta på heimveien og gjekk på «laust» oppatt bakkane. Vi kom fram på gamle steinmurar. Vi såg godt trakka hjorte reser. Inntrykka var mange og ein ser så mykje fint om ein berre tek seg tid.

lauv                     knusk

 

xx                    naturen i omfavnelse

 

Det er fri ferdsel i utmark.  Kva som er utmark og kva som er innmark kan i enkelte høve være vanskeleg å skilje.         Ein skal ikkje gå over dyrka mark og ein skal ta spesielle hensyn til husdyr på beite. Selvfølgeleg må ein også ta hensyn i og nær gardstun, hytter og boliger ellers. Ein må ikkje skade naturen, ta med alt søppel heim og ikkje lage unødig støy.

Les meir om fri ferdsel i utmark i Friluftsloven og Allemannsretten.

TA TUREN UT OG NYT.