Den Tronhjemske postvei – Over Ljøbrekka

 

Dette innlegget skal handle om ein ny bit av Den Trondhjemske postvei. Eg har idag gått ein aldeles nydeleg tur. Må berre anbefale den på det varmaste. Turen over Ljøbrekka kan ein gå både fra Ljøen og fra Herdalen på Strandasida. Eg anbefaler å gå ifra Herdalen. Da får du den enklaste reisa. Herdalen ligg ca 100 m høgare enn Ljøen.

P1050320

Utgangspunktet mitt er Herdalen. Ved parkeringsplassen når ein har køyrd gjennom den 3 km lange Ljønibbtunellen/Hamrejøltunellen, siste tunellen fra Hellesylt mot Stranda. Her har det i dei siste åra blitt bygd store sikringsvoller mot ras. Du finn enkelt parkringsplassen.

Det er ikkje vanskeleg å finne starten på veien. Den går rett opp bak skiltet.

P1050268

Veien går i fin stigning inn dalen.  Det er flott underlag og gå på og ein kan nyte susen/duren av elvane som kjem ned fjellsidene.

P1050270   P1050273

Veien er merka med raude merkjer på steinar langs traseen.Når ein kjem opp på første høgda er der gamle murer og eit slags uthus. Her har også Stranda il trimbok.

P1050275  P1050276

 

Når ein no går vidare ser ein ei bru. Denne er veldi breid, og ein kan lure på om det er ei bru som vart laga i forbindelse med veiprosjektet som pågjekk under krigen..

P1050277

Ein kjem no til Fremste Herdalsvatnet. Ei idyllisk perle. Her er det laga til med bord og benkjer så ein kan ta ein pause og nyte stillheita. Eg må innrømme at da eg gjekk turen i dag var inntrykka så store at det var vanskeleg å fordøye. Tankane gjekk til dei som bygde veien og dei som skulle bære fram posten og andre ærend i all slags veir.

P1050282

Når ein går inn langs med vatnet kan ein så vidt skimte veien kor den svinger seg opp Brekka.

Ein ser mange spor etter vegprosjektet som pågjekk under krigen.

P1050290

P1050294    P1050286

Når ein er komt heilt i dalbotnen ser ein tydeleg dei 22 svingane som går opp Brekka. Ein kan godt tenkje seg at dette var ein strevsam tur om vinteren i all slags veir. Alle svingane er nummererte så ein held tellinga.

P1050285   P1050300

Det har somme plasser gått jord og steinras over traseen, men det er ikkje vanskeleg å passere. Ein ser også at traseen held på å gli ut enkelte plasser. I dag (27/5) var det snø i øverste svingane. Sving 14, 16 og 18 var snødekt, men det gjekk fint å kutte svingane og kome vidare.

P1050309

Når ein er komt på toppen av Herdalsbrekka ca 800 moh har ein flott utsikt nedatt Herdalen.

P1050313

Turskilt viser at her er andre turmuligheiter også. Godt merka med skilt og raude merkjer på steinane.

P1050321

Eg gjekk ein liten avstikker fra postveien og gjekk fram på eit utkikkspunkt. Dette ligg ca 200 m fra traseen. Og ein får her ein smakebit på kva som venter ein når ein kjem litt lenger og nærmer seg Ljøsetra. Sola varma godt på fjellet i dag og det lukta godt av sol og lyng. Om du let att augene….. kan du kjenne den lukta????

P1050340

Etter å ha tatt avstikkaren til utsiktspunktet går postveien vidare ned til Nykkjevatnet. I dag låg der fremdeles is på vatnet og det blir ei stund til denne båten kan brukes.

P1050350

Når ein går langs med postveien ser ein steiner som er lagt i hop til ein firkant. Dette er telefundament. Telelinja vart ein del av gamalvegmiljøet fra 1896.

P1050344

Etter å ha passert ei høgd etter Nykkjevatnet så går det unnabakkjen. Da er det fin trasee ned til Ljøsetra. Det var kjekt å sjå at blåbærlyngen var full av blåbærviser. Da er det håp om at ein enkelte plasser kan finne blåbær etter kvart.

P1050362

P1050366

På Ljøsetra er endestasjonen for løypestengen som kjem fra gardane på Ljøen. Ein kan godt forestille seg at det var til god hjelp i det bratte terrenget. Vær oppmerksom på vaieren fra løypestrengen når ein går nedover mot Ljøen. Vaieren ligg fleire stader over stien/råsa. Kan i spessielt lys være vanskeleg å sjå.

P1050371

No går turen i fin rås ned bakkane. Utsikten er fenomenal. Langt der ned er  Sunnylvsfjorden, Korsfjorden og Geirangerfjorden.

P1050379

Stien slynger seg ned fjellsida. Fra sjøen og opp til Ljøsetra er det 35 svinger. Usikker på kor mange det er ned til riksveien. Denne ruta av postveien var delevis i bruk heilt fram til tunellane kom i 1962.

Det er mange fine plasser å setje seg ned og nyte den flotte utsikten.

P1050396

Når ein er komt ca halv veis ned fra setra kjem ein fram på eit parti som er oppmura. Det var i 1930 planer om bilvei over Ljøfjellet og det vart to alternativ som var aktuelle. Arbeidet kom i gang under andre verdenskrig, men vart avslutt etter kort tid. Spora etter anleggsarbeidet ligg fremdeles godt syneleg i terrenget. Det gjeld også det påbegynte tunellinnslaget på Herdalsida.

P1050413

Når ein nærmer seg riksveien ser ein det nye utsiktspunktet som er laga til for turister.

P1050421

Her er det gode parkeringsmuligheiter. Det som kan være ei utfordring når ein skal gå denne turen er å kome seg tilbake til utgangspunktet om det er der ein har bilen sin. Om ein ikkje vil gå begge veier da. Det er sjølvsagt ei muligheit. Eg kom i prat med nokre nederlanske turister og da spurte eg like godt om eg kunne få sitje på gjennom tunellen 🙂

Eg prøvde også å finne postveien fra Ljøen og ned til sjøen. Den fann eg ikkje så må gjere meir forarbeid når ein ikkje er kjende. Men eg fann ut at der var fleire garder i den bratte fjellsida. Så fekk meg ein fin spasertur ned bakkane på grusveien. Og da vart det varmt da. Sommer temperatur og sommerlukt. Hegg og andre blomstrer. Kom fram på gamle skulen på Ljøen. Midt ned i bakkane.

P1050437

Til og med flate parti og forhauster hadde dei på gardane her.

P1050439

Anbefaler å lese litt historie om denne biten av Den Trondhjemske postveien.

https://www.stranda.kommune.no/artikkel.aspx?aid=191&MId1=954&tid=51

Har også lyst til å nemne den flotte bilturen det er å køyre inn gjennom Hondalen og til Hellesylt. Blå himmel, store fine grønne marker, nysprungen bjørkeskog og snøen som enda ligg på dei mange fjelltoppane. Nesten vanskeleg å halde seg på veien.

P1050396

 

 

 

 

 

 

 

 

GRÅBERG

Da er eg klar med eit nytt turforslag. Eg held meg fremdeles i nærområdet mitt. Og utgangspunktet er, som for mange andre av turforslaga, ungdomshuset Skogstjerna i Markane.

På gamle stier 083  P1050182

Bilde 1: ungdomshuset Skogstjerna. Bilde 2: Blomsten skogstjerna.

Denne turen er meir krevjande enn dei andre eg har skreve om. Meir motbakker, men det går fint ann å ta det som ein rolig og avslappande tur også. Når det blir motbakker så blir det også meir trening. Om ein vil er her muligheiter for å få opp både pusten, blodpumpa og melkesyra.

Men eg skal love deg at når du kjem opp så betaler det seg med den flotte utsikten.

Turen er  ca 3 kilometer ein vei. Ein starter på ca 210 moh Gråberg  ligg på ca 660 moh.

Ein starter på Skogstjerna og går grusveien mot Sør-Markane. I krysset ved Langesetvatnet tek du av til venstre og fortset til du kjem til tunet på Skogtun. Ein går mellom det kvite huset og dukkehuset og  fortset rett fram til ein kjem til ei grind. Da kjem ein til det som fra gammalt av vart kalla «Perhusveien». Det er usikkert kva namnet kjem av.

P1050178

Bilde: Gå rett fram til grinda

P1050179

 

Bilde: «Perhusveien». Tydeleg rås første del av turen.

Her er det sti/rås eit godt stykke. Det varierer kor mykje og kor god råsa/stien er på denne turen. Det er ein del myr og våte parti og der kan råsa være vanskeleg å sjå. Det er hengt opp ein del raude band langs med ruta. (Skal ta ein tur og henge opp fleire)

P1050183

Her ser ein linjetraseen heilt opp på kanten, og råsa går stort sett under linja.

P1050184

 

Bilde: Tydeleg spor av at hjorten har tatt badet sitt.

Når ein har passert dette punktet går føl ein stien til høgre ca 50-60 meter før råsa dreier mot venstre igjen. Da skal ein kome under linja igjen etter kvart.

Råsa/stien går stort sett  langs med linja opp på «kanten».

Siste stykket opp på «kanten» er bratt, men «trinn» å gå i.

P1050192

Bilde: Utsikt fra «opp på kanten». Ein ser gardane Skogtun, Dale, Fenn og Dybevoll

Når ein er komt opp på «kanten», flater terrenget ut. No er det utydeleg rås/sti. Eg bruker å halde svakt til høgre,og gå på venstre sida av denne flotte furua.

P1050193

Ein skal gå mot Skrehammaren, ein rund haug/hammar som viser tydeleg når ein nærmer seg himmelsjå. Gå opp på venstre side av denne hammaren/haugen. Der er tydeleg rås i kanten på myrasiget.

P1050195

 

Bilde: Skrehammaren. Hold til venstre for den.

P1050198

 

Bilde: Her på vei opp på austsida av Skrehammaren er det merka med raude band og tydeleg sti i kanten av myrsiget.

På toppen av Skrehammaren kan ein fremdeles sjå spor etter instalasjoner som vart brukt før mobilen vart vaneleg.

P1050203

No går stien i flatt terreng over nokre myrer. Ein ser Gråberg i vest.

P1050208

Det som heiter Gråberg ser meir ut som eit brun/raudt berg. Mest truleg er dette same bergarten som er ved Raufjell. Kleberstein.

P1050212

Det er ein nydeleg utsikt i alle retninger fra Gråberg. Ein ser store deler av bygda Markane, Rake, Loen, Olden, Agjeld, Holen, Frøholm,  Innvik og Utvik. Ein ser også øverste delen av Blakset.

P1050218

Ein ser eit stort antall fjell. Blant andre Kyrkjefjellet , Rokkekjerringa, Rindalshynja, Storskrefjellet, Skåla, Melheimsnibba, Storelogpikjen,Eggenibba og Bergsetnakkjen og mange mange fleire.

Gråberg

Bilde: Ikkje så godt bilde/kart av ture,men eit vist inntrykk.

P1050230

Ikkje det beste fotoveiret, men fantastisk utsikt likevel. Vil seinare skrive om andre veivalg til Gråberg. Gled deg 🙂

TA TUREN OG NYT UTSIKTEN DU OGSÅ!!!!

 

 

 

 

 

Postveien Kjøs – Svor

Nytt innlegg på Den Trondhjemske postvei.

Den Tronhjemske postvei

Denne gangen vil eg skrive om den flotte turen det er å gå den gamle ferdselsveien fra Kjøs til Svor, i Hornindal kommune.

P1050017

Utgangspunktet for turen eg skriv om denne gangen er ved hyttefeltet i Kjøs. Dit kjem du deg ved å ta av RV 15 ved Øyebakken.

P1050013   P1050015

Det er muligheiter for parkering der turen starter.

P1050019

Ein går opp bakken mellom hyttene og vidare gjennom feltet. Veien er tydeleg og ikkje til å ta feil av. Ein går veldi nærme hyttene så vis respekt for dei som har fritidsboliger der.

I den seinare tid har kraftselskapet vore og rydda litt skog langs traseen.

P1050021  P1050023

Langs veien får du glimt av nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Også Bjørnaholmen som ligg like vest for Kjøs bru ser ein mellom furuleggane. Er det i dette området sjøormen befinn seg?? Ein ser også bebyggelsen på sørsida av vatnet. Fine heimar med mykje kveldssol. Nærmast her ser vi garden Kjøs.

P1050025

Første del av turen går i kupert terreng. Etterkvart blir det meir jamn stigning. Underlaget på veien er stort sett veldi bra. Tidvis med full veibredde :-), men enkelte plasser er det litt meir  rås/sti. Også litt steinete og  svaberg.  Det er ikkje vanskeleg å passere verken for gåande eller syklande. Ein må berre vere litt meir forsiktig med kvar ein set foten henn.

P1050027  P1050032

 

Det er ein del små elver langs ruta så det er muligheiter for å fylle opp flaskene om dei blir tome, eller berre å stikke haudet i grova og drikke.

Når ein kjem opp på høgda får ein flott utsikt. Austover ser ein  mot Kjøsapolljen og fjella inn i fjorden. Vestover ser ein Hornindalsvatnet og mot Holmøyane på sørsida av vatnet og Heggjabygda på nordsida av vatnet.

P1050029

P1050031

Den dagen eg gjekk denne turen var det ikkje noko særlig fotoveir. Det vart ikkje blå himmel og blått vatn og sol i fra alle kanter. Men ta turen du og, å knips dine eigne blinkskudd. For det er det gode muligheiter for.

Når ein kjem litt vidare kjem til garden Kongsvik, i daglegtalen kalt «Myra». Her går postveien heilt i utkanten av dyrka mark. Ein ser lett der det er trakka, så følg stien. På bildet ser ein fra venstre fjella Kviteggja, Navelsakerfjellet, Navletuva (den minste tuva midt på bildet) , Høgefjellet og litt av Snøtuva.

P1050033

Når ein har gått litt lenger kjem ein opp på Halsen (Kjøsahalsen). Her har Hornindal il turbok. Her er det muligheiter for å ta seg ein pust i bakken. Fint når det er laga til med kvileplasser. Her kan ein til og med ta ein liten «snap nap» 🙂

P1050036

Når ein no går vidare så går det unndabakke. Ein ser snart Hornindalsvatnet igjen og ein kjem til ein knapp sving.

P1050040

Her ifra er det fin utsikt mot bygda Otterdal. Dei måtte i lang tid klare seg uten vei da storm og flo tok veien langs vatnet.  Det har meg ein gong blitt fortalt at i «gamle dager» frakta dei dyra i båt til beite i fjellsida som vi ser til venstre for Otterdal. På kart ser eg at det heiter Nakkebryggja nede ved vatnet. Kansje nokon kjenner historia?

P1050042

No er det unnabakke og flatt til ein kjem til Svor.  Inn Svorastranda er det tydelege spor etter stormen «Dagmar». Store tre ligg velta over veien. Det er ikkje problem å kome forbi om ein er gåande/joggande. Verre er det om ein har sykkel eller barnevogn med.

P1050045  P1050052

Bilde 1: Lurer på om det heiter Kleivabakkane her? 

Når ein er komt seg forbi vindfallet er det reine «autostradaen» igjen.

P1050057

Når ein nærmer seg gulestripa (bilveien) igjen, åpner landskapet seg og ein får fin utsikt mot Grodås, «Sanden» i daglegtalen.  Høgare opp i lida ser ein mot Hjellbakkane og innover mot Hjortedalen.

P1050059

Her ved veis ende er det også gode parkeringsmuligheiter og eit godt utgangspunkt om ein vel å gå turen andre veien.

P1050064

 

P1050072  P1050074

 

Tilrettelagt for parkering for turgåere langs «Den Tronhjemske postvei»

Kjøs-Svor

Denne turen er ca 9 kilometer  fram og tilbake. Halva om ein går berre ein vei. Ein nydeleg tur 🙂

Håper du prøver turen. Kom gjerne med tilbakemeldinger.

GOD TUR!!!!!!

 

 

 

 

 

Den Tronhjemske postvei – Rastagota – Langhola

Skogstjerna-Vikalida

Denne turen har eg gått mange ganger. Og eg anbefaler den gjerne. Detter er ein forholdsvis lett tur på ca 8.5 kilometer. Turen kan lett gåast med utgangspunkt både ved ungdomshuset «Skogstjerna» i Markane og i Vikalida nær Stryn sentrum. Den kan også delast opp dersom ein syns det er langt å ta alt på ein tur.

Tar du utgangspunktet i Vikalida, køyrer du gamle riksveien mot Lindset, til du har passert det siste huset (gult)på venstre side. Der er muligheiter til å parkere ved eit granfelt ved veien( litt forbi det gule huset). Og så går du ca 200 meter tilbake og ser ein tydeleg sti/rås gå motebakka. Merka med gule band.

Er utgangspunktet  Skogstjerna i Markane er der gode parkering muligheiter.

Denne gangen har eg gått fra vest mot aust, fra Markane til Stryn, og ruta som eg beskriv er den veien. Deler av denne veien er også fin å sykle. Ein treng da sykkel som er beregna for terreng. Siste del (Langhola) er ikkje anbefalt for sykkel.

Den Trondhjemske Postvei

Med utgangspunkt «Skogstjerna»  går ein grusveien i Sør-Markane til ein kjem til første kryss. Der tek ein til venstre og går rett fra til ein kjem til tunet på Skogtun.

P1040603        P1040808

 

Bilde 1: Ta til venstre i krysset ved vatnet. Bilde 2: Gå på venstre side av løa.

Der kan du gå på venstre sida av løa, og heilt i kanten av dyrka mark, rett fram til ein kjem til ei grind. Ta til venstre gjennom grinda og du er komt inn på «Den Tronhjemske postvei».

P1040809        P1040810

Bilde 1: Skilt som viser Den Tronhjemske postvei.  Bilde 2: Garden Skogtun 

Har tidlegare hatt innlegg om «Den Tronhjemske postvei» ( sjå innlegg fra mars). Vil likevel nemne at det er eit behageleg underlag å gå/jogge/ sykle på.

Eit godt tips er å ta av seg på beina og gå barbeint. Senk skuldrane det siste hakket ned, rett ryggen og bruk pusten. Stillheita på denne turen er også verd å merke seg.

Veien har, som namnet tilseier, vore ei viktig ferdselsåre i tidlegare tider. Posten kom til Faleide med båt og vart frakta med bud vidare gjennom Markane, mot Hellesylt, Stranda og vidare til Trondheim.

Dessverre er det lite skilting av stadnamn langs traseen. Hadde det vore skilta med stadnamn,kunne det ha bidratt til at historia var meir levande. Men ein finn mykje informasjon på nettet.

P1040813     P1040814

Bilde 1: Moldbrekka, der har det angiveleg foregått eit postran. Bilde 2: Austenden av Langesetvatnet og utsikt mot Gulekoppen og Karifjellet.

Ein nærmer seg Langeset og der tek denne turen av fra «Den Tronhjemske postvei».  Postveien tek no til høgre , mens denne turen tek av til venstre og mot riksvein. Ein passerer eit vått parti, men der er lagt ut paller så ein kjem seg fint over. Her går ein nær bustadhus, så ta hensyn og vis respekt for privat grunn.

P1040817   P1040819

Bilde 1: Ta til venstre i dette krysset.  Bilde 2: Stryn Mek. Verksted og Statoilstasjonen.

 No går ein eit lite stykke på hovudvein. Forbi Statiolstasjonen og til krysset til Stryn Nærinsgpark.

P1040821  .P1040823

Bilde 1: Ta av til venstre i krysset til Stryn Næringspark.  Bilde 2: Her er det muligheiter for å ta ein pause.

Ein går no på den gamel riksveien gjennom Stryn Næringspark. Her ser ein fleire bedrifter som har etablert seg med sin virksomheit og mange har sin arbeidsplass her. Det er til tider stor aktivitet og ein del «ombygging» av veien. Før var det gjennomkøyring med bil heilt til hovudveien. No når Stryn Pukk utvider sitt masseuttak er det  stengt  forbi pukkverket. Da blir skogsveien lagt om. Ein kjem seg no innpå ved å ta til venstre i krysset rett før crossbana. Ein fortset da over Skarsmyra, der det no blir opparbeida nye industritomter, og ein kjem inn på skogsveien heilt i enden av myra.

P1040825                                                                                                      Krysset ved crossbana.

 

RASTAGOTA

Dette er namnet på skogsveien som går fra «Tjuvahola» og til Øvreberg. Denne skogsveien starter rett bak masseuttaket til Stryn Pukk. Det blir etter kvart litt omlegging av denne skogsveien. Fremdeles er det mulig å gå heilt til «Tjuvahola».

 

P1040826                                                                          Krysset ved «Tjuvahola» rett bak masseuttaket til Stryn Pukk.

P1040830      P1040831

Dette er ein traktorskogsvei og her er ein del aktivitet med skogsdrift. Dette vil naturligvis enkelte tider setje spor etter seg. Men også her er det eit behageleg underlag å gå på.  Det er lite stigning på denne veien og enkelt å finne fram.

Ein plass kan det kansje være litt tvil om veien vidare. Når ein kjem til ei lita grov (elv) som går over traseen, skal ein ta til venstre opp bakken.

P1040837                                                                                    Ta til venstre krysset ved denne grova/elva

Når ein nærmer seg Øvreberg, kjem ein til ein lunneplass. Da blir det fin grusvei ned til tuna på Øvreberg.

P1040849

 

P1040852      P1040854                                                        Bilde 1: Fin utsikt mot fjorden. Bilde 2: Veien går gjennom beite så vis varsemd.

Når ein har gått gjennom tuna på Øvreberg og kjem til krysset ved postkassestativet tek ein til venstre. Her føl ein bilveien  opp bakkane til Vinsrygg. Det er ein imponerande utsikt mot fjorden og bygdene rundt.  Trur dei som bur på Bergsida  kan leve berre av utsikten.

LANGHOLA

P1040857    P1040858

 

Bilde 1: Her starter veien til setrane på Tverrfjellet.  Bilde 2: Skilt som tydeleg fortel at bilister skal betale bomavgift.

Her på toppen av Vinsrygg starter setreveien. Dette er bomvei og dei som bruker bilen må betale for seg. Bruker du apostelenes hester kan ein sytalaust gå vidare. No har ein utsikt mot Stryn sentrum, Mindresunde, Oppstrynsvatnet og Flo med fjellet Rindalshynja i bakgrunnen.

P1040859

Ein går no på setreveien eit lite stykke. Gå forbi den gamle lada og ta så til høgre innpå ein skogsvei. Føl den heile tida til høgre og ein kjem snart innpå ein sti/rås som går unnabakke.

P1040862  P1040865

Bilde 1: Gå forbi denne gamle løa. Bilde 2: Hold til høgre og unnabakken.

P1040867   P1040869

 

Bilde 1: Her går stien/råsa unnabakkjen.  Bilde 2: Fin benk å ta ein pause på og nyte utsikten.

P1040881

Når ein har passert denne gamle fjøsen tek ein til vestre. Da er der tydeleg sti/rås unnabakkjen heilt til du kjem til bilveien i Vikalida. Denne veien er merka med gule band.

P1040884    P1040886

P1040889

                                                                                       No er ein komt til bilveien i Vikalida.

 

 

P1040890

 

                                                         Slik ser starten på turen ut om ein tek utgangspunktet i Vikalida

 

                                        TA TUREN DU OG. SENK SKULDRANE, RETT RYGGEN, BRUK PUSTEN. GOD TUR 🙂

 

 

 

 

 

 

Rastagota

Langhola

Tre forskjellige turer fra «Skogstjerna» i Markane

Dette innlegget skal handle om den veien som eg  brukte da eg skulle ut å oppdage verden :-). Dette  var veien eg hadde som skuleveg fra 1. til 4 klasse. Det var ikkje snakk om organisert skuleskyss i dei dager :-).

Når eg no rusler i desse bakkane og langs Svingesetvatnet, så er det mange minner som dukker opp… 🙂 som da vi stal nedfallsfrukt i Dalane, for så å banke på døra å fortelje kva vi hadde gjordt.  Vi vart alltid tilgitt 🙂

Og minner om da vi på heimveien fra skulen, hadde pause på toppen av «Storedalebakken» for å ete opp resten av nista vår og drikke resten av den heimelaga appelsinsafta. Det var lange og bratte bakker  for små føter 🙂

Veien går fra den kommunale veien ved Dalane og til gardane som ligg i Grenda (Myrvang, Fenn, Svingeset, Bakkevoll og Dybevoll). Denne veien blir i daglegtalen kalla Dalebakkane. Dette naturleg fordi den går opp mellom husa  i Daletunet og vidare opp bakkane. Denne veien vart bygd tidleg på 1900- talet. Og det var oppsitjarane på gardane i Dalane og i Grenda som bygde den. Da Grenda fekk veiutløysing til Maurset og Hatledal tidleg på på 70-talet, vart denne veien ikkje lenger brukt til bilvei.

 

Dette innlegget vil vise tre forskjellige turer som går i same terrenget, men med forskjellige lengde på turane. Det vil også være nyttig om ein har lese innlegget om «Gamle Maursetveien». Da ein kjem innom den også på desse turane.

Disse turane er også godt eigna for sykkel. Men i stigningane i Dalebakkane er det ein del laus stein.

Eg tek utgangspunkt/startpunkt ved ungdomshuset «Skogstjerna» i Markane. Som eg før har nemndt så er der gode parkeringsmuligheiter.

På gamle stier 083  Ungdomshuset «Skogstjerna» i Markane.

 

TUR 1: DALEBAKKANE – SAGMODVEIEN – DALANE – SKOGSTJERNA

Denne rundturen er ca 4 km.

P1040643 Garden Dale (i dagleg talen Dalane)

Start ved «Skogstjerna» og gå den asfalterte veien til du kjem til Dalane. Her tek du av til høgre og går opp gjennom tunet. Veien går mellom husa og vidare opp bakkane.

P1040718  P1040723 Her åt vi nista vår.

Dette er «Storedalebakken». Etter den kjem «Lisjedalebakken» :-). Vidare kjem ein til «ledet», som ikkje er der lenger. Og når ein har tatt alle bakkane så er ein komt til Fænnasaga.

P1040727

P1040731 Fænnasaga panorama.

P1040735 Damhuset ved Svingesetvatnet.

Når ein er komt eit lite stykke forbi Fennasaga og demningen kjem ein til der som «Sagemodveien» starter. Her tek ein til venstre. (står nokre kubber i krysset).

Dette må være «forløparen» til dei flotte løypetrasèane til Turløyper Stryn A/S. «Sagemodveien» ligg der tørr og fin i all slags veir. Mjukt og godt underlag å gå/jogge/sykle på. Når du går ut flisveien ser du garden Myrvang på høgre sida.

 

P1040742  «Sagmodveien»

Når ein har gått vestover eit stykke kjem ein ned på «gamle Maursetveien».

P1040745

Når du kjem til dette krysset tek du til venstre, og vidare ned bakkane til bilveien. Da er det rake veien tilbake til utgangspunktet.

P1040696

tur 1  Denne runden er ca 4 kilometer.

 

 

TUR 2: DALEBAKKANE – SAGMODVEIEN – MAURSETTJØNNA OG RETUR SAME VEIEN.

Detter er ein av mine favoritter. Om eg skal ha ein rusletur eller treningstur. Ei herleg runde som er ca 6,5 km. Utgangspunktet er det same som tur 1. Ein går same veien som tur 1 eit godt stykke. Til Dalane, opp Dalebakkane og ut «Sagemodveien».

P1040743 Våte parti er bygd opp med bruer.

Når du kjem til den «gamle Maursetveien» så tek du til høgre og føl den veien til du kjem til Maursettjønna.

P1040745  Ta til høgre her 🙂

Og når eg er komt til «Maursettjønna» kan du ta same veien tilbake til utgangspunktet.

P1040682  Maursettjønna

blogg Skogstjerna – Maursettjønna – Skogstjerna ca 6,5 kilometer

 

TUR 3: DALEBAKKANE – BILVEIEN TIL MAURSET – GAMLE MAURSET VEIEN/HATLEDAL

Denne turen er ei fin sykkelrunde. Distansen er ca 8 km.

Utgangspunktet er «Skogstjerna». Du tek same rute som tur 1 og 2 til du kjem opp Dalebakkane og til «Fennasaga». Da fortset du på grusveien langs Svingesetvatnet.

På gamle stier 008  Bru over rørgata som går fra Svingesetvatnet.

P1040736

Denne vesle høgda heiter «Bayerhåjen» og ei spesiell historie fra «gamle dager» høyrer til.

På gamle stier 046  «Torvhuset» som står langs veien ved Svingesetvatnet.

Du fortset på grusveien til du kjem  til den asfaltert veien. Ta  til venstre i  krysset, og følg bilveien tilbake til utgangspunktet. Om du sykler får du nokre fine kilometer unnabakke 🙂

Skogstjerna-Maursettjønna  Denne runden er ca 8 kilometer.

 

Trykk på bilda for å få større bilde.

VIS VARSEMD I NATUREN, TA HENSYN TIL FOLK OG DYR. 

GOD TUR.

 

 

 

 

 

 

 

Gamle Maursetveien

No er det deilig vår ute. Og med vår følger også store temperatur forskjeller. Vi har hatt eit fantastisk veir sia påske. Temperaturer som nesten har tatt pusten fra oss. Men no har det blitt forandring. Nordvesten er kald og siste dagane har snøelingane gått i liene rundt oss på alle kanter. Naturen og alt som kjem opp av jorda om våren kan nok få seg eit sjokk. Håper at frosten ikkje gjer skade på alle desse små vekstane no i tidleg fase.

P1040698  P1040701

Eg fortsetter å skrive om turer i lavlandet og i mitt nærområde. Og mitt element er skogen :-). Ingen ting gir meir ro for kropp og sjel enn ein tur i skogen.

Eg velger også for denne turen å legge startpunktet  til ungdomshuset «Skogstjerna» i Markane. Her er det gode parkeringsmuligheiter så bilen blir ikkje ståande i  veien for nokon.

P1040627

Første del av turen går ein på asfalt og i lett unnabakke. Trafikken er ikkje så veldi stor så det går fint å finne roen fra første steg, (dvs når ein har komt seg trygt over riksveien). Det er mykje å få auge på når ein tek seg tid til det.

P1040632

Det er snart 20 år sidan skulen i bygda vart lagd ned, men skuleskilt har vi enda……

P1040703

Når ein kjem ut der som det heiter «Langeflata» ser ein eit felt som fekk store skader i stormen «Dagmar». Utruleg mykje skog vart rasert, men grunneigaren har fått rydda opp. Etter at  mykje skog vart vekk, har ein fått utsikt mot øverste tuna  i Hatledalen og mot Navelsaker, på andre sida av Hornindalsvatnet.

P1040642

Ein fortsetter på den asfalterte veien forbi garden Dalane og kjem snart til Dalebrua. Etter at ein har passert den, og før ein kjem til saga, tek ein til høgre. (midt på bildet). Her kan det også være mulig å parkere ein bil. I så fall, køyr godt ut av veien 🙂

P1040648

Denne veien vart bygd tidleg på 1900-talet. Det var folket på Maurset som bygde veien, det meste på dugnad. Det vart arrangert veibasar og inntekta fra basaren gjekk til veiprosjektet fra Maurset til Dalane. Dette i forbindelse med at riksveien gjennom Markane vart ferdig. Tidlegare hadde folket på Maurset hatt veg til Øyane, men all handel og vandel føregjekk på Faleide.  Denne veien vart bygd for å korte ned reisetida med hest og vogn eller slede. Denne veien var i bruk heilt til byrjinga av 70-åra.

P1040652

Med ein gong ein kjem ut av asfalten er ein i «storskogen». Og det er berre å ha åpne sanser.

Ein går forbi rørgata som kjem fra Svingesetvatnet. Der renn det  mykje vatn  til kraftstasjonen som står heilt ned i dalbotnen. Den vart tatt i bruk i 1920. Rørgata går langs med veien eit lite stykke oppover. Så dreier veien meir mot nordvest.

P1040656

Det er ikkje så mykje stigning på denne turen. Utgangspunktet  ligg på ca 210 moh.  Stigninga er på første del av gamleveien. Etter kvart flater terrenget ut. Ved Maursettjønna er ein komt opp i ca 310 moh.

Når ein har gått opp bakkane eit stykke kjem ein til ei grind. I dag når eg gjekk turen, var ikkje grinda sett i, men om den er det så er det ei opplagt sak at ein MÅ late den att etter seg.

P1040658

Er ein på tur, let opp ei grind/led, så MÅ ein også late den att etter seg.

Underlaget på veien er deiligt å gå på. Mjukt og godt. Enkelte plasser kan det være ein del vatn, men kva gjer no det når ein er ute i skogen. Det er eit ypperleg terreng å jogge i.

P1040662

Eg kjenner ikkje så mange namn langs denne veien, men eit par har eg snappa opp. Dette bilde er fra «Leirhola».

Når ein har passert Leirhola og terrenget flater enda meir ut, kjem ein til eit granfelt der granleggane er kvista opp. Skogsbotnen i granfeltet er som det finaste stoveteppe. Ein får lyst til å legge seg ned og berre la verden gå sin gang og ta livet med ro.

P1040664

«Merkjingshåjen» er eit anna namn som eg har høyrt. Dette namnet kjem truleg av at grensa/merkje mellom eigedomane i området  står opp på ein haug like ved veien.

P1040666

Når ein nærmer seg der veien slutter i dag, dvs der den kjem opp på bilveien igjen, så er den delvis flislagt. Det gjer at den er tørr og fin sjølv om det er mykje nedbør. Veien kjem inn på bilveien ved Maursettjønna.  Da åpner landskapet seg og ein ser mot Gulekoppen og  austover mot Gryta. Ein er no på ca 310 moh. Her står det  ein fin liten benk så ein kan ta ein pause før ein set kursen innatt i skogen :-).

P1040682   P1040683

Mange er opptatt av at det skal være utsikt der ein går. På denne turen er det ikkje så mykje ein ser, anna enn skog, men det er ein heilt fantastisk ro på denne veien. Her kan ein tenkje dei store tankane eller berre la homla suse. Og om veiret er ruskete og kaldt, er det mildare og stillare i skogen. Om det bles, stopp opp og høyr kor det knaker i dei store furutreea……. Eg var så heldig å få sjå ein orrefugl fyke opp da eg stod og høyrde kor treea knaka.

P1040686

Denne turen er ca 5,5 km tur/retur Skogstjerna. Det er ein tur som eg anbefaler om ein berre skal ha seg ein rusletur i fred og ro eller om ein skal ha seg ein skikkeleg treningstur. Det er også mulig å sykle denne veien om ein har sykkel for slikt terreng.  OG ikkje minst, ein tur som er fin for barna. Tenk alt det spennande ein ser i skogen. La fantasien  flyte 🙂

SportsTracker -blogg

PRØV TUREN ENTEN SOM SØNDAGSTUR ELLER SOM EIN AVSLAPPANDE KVELDSTUR.